Stad: Trondheim Torg
Band: Dimmu Borgir, Kamelot, Triosphere
Det som i 2008 heitte Trondheim Rock Fæst blir no "berre" presentert som Trondheim Rock. At festivalomgrepet blir verna er eg hjartens einig i, til det er det for få telt og for lite grøntareal i sikte. Dessutan veit jo alle at ein ekte trønder er glad i ein god fæst, så sånn sett var det jo ein høvande tittel Diesel Dahl og compani opererte med i starten. Med eller utan ordet i tittelen veit vi no alle at rockefæst blir det uansett. Medan Thin Lizzy og Def Leppard stod for underhaldninga i fjor, har utvidinga av arrangementet opna døra for ein dag med litt tyngre innslag samstundes som ein har haldt på 1987-nostalgien med Whitesnake og Europe som trekkplaster dagen etter.
Fest(ival)området var i år som i fjor delt i to, med eit eige område for dei som var for små til å nyte alkholens gleder og sorger. På grunn av litt sprik i alder innad i reisefølget plasserte vi oss i dette sistnemnde området, som også var utvida frå i fjor. Dette gjorde lyden inne på dette området betre i forhold til fjoråret, sidan ein ikkje måtte stå altfor langt borte frå midtre del av publikumsområdet. No var det tydelegvis ikkje så viktig at ungdommen fekk høyre og sjå Triosphere, då desse spelte i eit lite telt i motsatt ende av hovudscena, ein god del meter frå inngjerdinga som dei ivrigaste dermed måtte henge over. Så veldig farlig for min del var ikkje dette, Triosphere har nokre ok låtar, mykje teknikk i fingrane til gitarist Marcus Silver, og ein god frontfigur i vokalist/bassist Ida Haukland. Det blir tøft, men ikkje kjempetøft. Uansett litt artig at den tidlegare faste W.A.S.P.-coveren/medleyen var bytta ut med publikumsflørten ”Welcome to the Jungle” for å dra opp stemninga.

Ein flott konsert blei det, med dynamikk og variasjon. Bandet styrte unna dei reine balladane, men har også rolige og stemningsfulle parti i dei fleste andre låtane. Vakker kvinneleg vokalist var på plass i bakgrunnen, og steig også fram i fokus under ”Ghost Opera”. I tillegg var Epica-vokalist Simone Simons plutseleg på scena for ein duettduell på ”The Haunting”. Eg har ein mistanke om at ho er romatisk involvert med eit bandmedlem, og turnèdeltakar av den grunn. Effektfullt var det uansett. Det same gjald introduksjonen til ”March of Mephisto”. To stilleståande kvinnelege trommeslagarar med bind for augene hamra laus med stikkene før bandet blei med på festen og avslutta ein herleg konsert.

Sjølv kjenner eg ikkje bandet sitt materiale godt nok til at det var så veldig interessant å stå heile konserten. Eit fascinerande show, trøkk, pyro og fengande rifferi var ikkje nok til å halde på meg lenger enn ein halvtimes tid. Det var uansett Kamelot som var årsaken til turen til Trondheim torg.
Drivstoff Dahl har allereie lova tre-dagers-fæst til neste år, så vi ser med spenning fram til kva som skjer i Olav Tryggvason sitt åsyn om eit års tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar