torsdag 16. april 2009

Rock after Darkness

Falsettvokal, opera, feite riff, Queen, Aerosmith og Thin Lizzy i ei fin blanding. The Darkness blei sjølvsagt utskjelt og latterleggjort, men platesalet vitna om at dei også blei elska av ganske mange. Kastratvokalist Justin Hawkins takla etter kvart ikkje sukssessen, blei for glad i punkt to av klisjekombinasjonen "sex, drugs and rock n'roll", og trakk seg frå bandet etter fullført avrusing hausten 2006.

Dermed skjedde det noko artig. Tenk deg The Darkness som ein lapskaus av element og inspirasjonskjelder frå rocken si skattekiste. Tenk deg så at du går laus på lapskausen med teskei og pinsett, og sorterer dei ulike bestanddelane på to tallerkenar. På den eine har du seige riff, tyngde, litt heksebrenning, Metallica og Thin Lizzy. I den andre gruppa plasserer du falsettvokal, eyeliner, Van Halen, synthiziserar og bleiking av hår. Begge tallerkar får så sin del av fengande og store refreng og gitarriffing. Skjønar du teikninga? Justin Hawkins tar med seg sin porsjon lapskaus, medan Richie Edwards og Dan Hawkins deler på den andre porsjonen. Etter kvart blir verda presentert for lapskaustypane Hot Leg og Stone Gods.

"Endeleg kan eg gjere det eg egentlig vil!", tenkte kvar av brødrene Hawkins. Dan og kompisen Richie lagde dermed ei samling godhardrock som fekk god omtale og kredibilitet i hardrockpressa (Kerrang!, Metal Hammer mm). Spor etter The Darkness er å høyre både her og der, men dei styrer veldig tydeleg unna den verste ekstravagansen. Singelen Don't Drink the Water rockar hardt, energisk og bombastisk, og teksten fortel ei historie om at vatnet i Spania gir deg diare eller noko i den dur:



I mellomtida har Justin Hawkins fått blondt hår, og satt saman orkesteret Hot Leg. Glam-delen av rock får no lov til å ikkje berre sitte i førarsetet, men det endatil i ein racerbil på motorvegar utan fartsgrense. Resultatet er sjølvsagt catchy som berre det, det er berre synd at litt av trøkket forsvann i synth-riffa. Humor, leik og moro er det uansett rikeleg av. For dei som hugsar ordleiken Kiss prøvde seg på på refrenget til "I just Wanna", så er det noko liknande som blir servert på den småfengande "Cocktails". Ikkje kom og sei at det der er utilsikta! Høyr låten og døm sjølv:



Motsetnader og ulike ønsker om musikalsk retning har splitta opp mange band opp gjennom historia, men det er og miksen som har resultert i god musikk. Tenk berre kva eksentrikeren Axl, punkrockaren Duff, riffmaskina Izzy og gitarhelten Slash fekk til saman, men langt ifrå like stor grad kvar for seg. Summen var betre enn dei einskilde delane. I mine øyre er det slik her også, og det same gjeld nok også med tanke på kommersiell suksess. Dei to Darkness-albuma står for meg fram som to herlege og forfriskande samlingar av breibeint og pompøs rock. Ein oase av fest i ei ellers sørgmodig rockeverd der Coldplay sprer gråt og smerte. Så får vi knise litt av broder Justin (Carnivale-pun not intended!), og veive med knyttnevane til Stone Gods medan vi venter på den uunngåelege gjenforeininga. Det går vel nokre år, men at det berre er eit spørsmål om tid seier vel seg sjølv.

lørdag 11. april 2009

Svart og kvit - på ein gong?

Dette er historia om ei av moderne rockehistorie sine største sjølvmotseiingar. Sjå for deg dei sintaste og skumlaste svartmetallutøverane du veit om. Sjå for deg eit sceneshow spekka med røyk, liksminke og blod. Høyr den uforståelege og gutturale vokalen, og lytt til lydveggen av dyster riff. Tenk deg så at vi snur opp-ned-korset 180 grader, og at tekstane som blir framført fortel oss at Jesus er lyset, at vi må vere sterke i trua, og vende ryggen til Satan den onde. Det krasjar litt, gjer det ikkje?

Fenomenet kan sporast tilbake til 1994. Norske kyrkjer stod i brann, og Varg Vikernes pryda avisframsidene. I mellomtida, i Australia, var det ein kar med kunstnarnamnet Anonymous som starta sitt eige motprosjekt, Horde. Musikalsk let han seg inspirere av black metal, men tekstane hadde kristne og antisatanistiske bodskap. Debutalbumet blei titulert ”Hellig usvart”, og sjangeren døypt ”holy unblack metal” Sjølvsagt medførte dette drapstruslar frå den ”ekte” svartmetalleiren. Desse vart retta mot plateselskapet med krav om at namn på bandmedlemer blei gjort offentlege.

Seinare fulgte norske Antestor og band frå Sverige og Indonesia (!) med black metal-inspirert musikk med pro-kristen lyrikk. Ulike namn på sjangeren har blitt brukt, mellom anna Christian Black Metal, og i fjor blei det laga ein dokumentar om fenomenet, Light In Darkness - Nemesis Divina. Traileren viser mellom anna eit intervju med Crimson Moonlight vokalist Simon ”Pilgrim” Rosen:



Treng du ein introduksjon til toppbanda innan sjangeren gjev den aktive YouTube-brukaren ChristianMetalFan777 oss det her og her.

777 er altså talet. Det må vere ein parodi? Nei, det er nok ikkje det, sjølv om Horde blei presentert som eit satirisk kommentar til black metal-rørsla i Morgenbladet i 1995. Morosamt er det uansett! Denne gjengen eksisterer faktisk, sjølv om dei egentleg høyrer meir heime i ei verd der ein har gospel med sataniske tekstar, punk som hedrar kapitalismen, ein Ted Nugent som syng om at vi må legge ned våpna, medan Bob Dylan krev invasjonar i fjerntliggande land og Mötley Crüe går hardt ut mot sex før ekteskapet.

Les meir om emnet på Wikipedia. Ei rekke av Antestor sine låtar ligg også på Youtube, som liveopptak eller med høvande fotomontasjar.

torsdag 9. april 2009

Årets "reunion" - Over the Rainbow

Rainbow er bandet Ritchie Blackmore konstruerte då han var lei av Deep Purple, og det er bandet bak sju flotte studioalbum med kvalitetshardrock, utgjevne mellom 1975 og 1983. Tre ulike vokalistar var innom bandet i denne perioden - Ronnie James Dio, Graham Bonnet og Joe Lynn Turner. Med til historia høyrer også eit enkeltståande album frå 1995, eit takk-og-farvel til hardrock frå Blackmore, før han via livet sitt til kostymeball, renessansemusikk og familiegeskjeften Blackmore's Night.

10 år går etter denne siste krampetrekninga, og akkurat då eg hadde gitt opp å oppleve ei eller anna utgåve av Rainbow live går det opp for Joe Lynn Turner at verda treng Rainbow. Han får ein fiks idè, og tar kontakt med - ikkje Ritchie Blackmore nei, men - Jürgen Blackmore. Og kven er det? Jo, det er sjølvsagt avkommet til Ritchie, som visstnok også kan traktere ein seksstrenger. JR tenner på idèen, og ein turnè med ex-Rainbow-medlemer blir planlagt. Etter ein ringerunde i rockehistoria ender duoen opp med følgande band:

Joe Lynn Turner (Rainbow 1980-1984) - Vokal
Tony Carey (Rainbow 1975-1978) - Keyboards
Bobby Rondinelli (Rainbow 1980-1983) - Trommer
Greg Smith (Rainbow 1994-1997) - Bass
Jürgen "J.R." Blackmore - Gitar

Kan vi kalle bandet Rainbow? Nei, det går ikkje så lenge sjefen sjølv ikkje er med. Ein viss tilknytning til namnet er likevel ønskjeleg, dermed er mellomløysinga eit faktum: "Over the Rainbow".

Russland og diverse stoppestader i Aust-Europa er først ute, og no er gjengen også klare for Sweden Rock Festival i juni. Setlista ser lovande ut, og det blir plukka låtar frå både Dio-, Bonnet-, og Turnerperioden. Låtutvalet er det dermed ingenting å seie på. Med spenning leiter eg opp YouTube-klipp frå dei første konsertane. I Kiev ser det ut til at fleire har vore framme med mobiltelefonane, med vekslande hell. Opptaket nedanfor gjev i alle fall eit generelt inntrykk av kva vi har i vente i Sverige om to månadar.



Som vi ser bruker Joe Lynn samme moves som i 1982, så kan ein diskutere kor sexy det er på menn som er i ferd med å runde 60. Men står ein i passe avstand frå scena kan ein alltids forestille seg at kalenderen seier 1982 for den del. Håret er i alle fall omtrentleg det same. Jürgen B er ein anonym herremann, som står i bakgrunnen og kompar. Vel skal det litt til for å fylle tomrommet etter far, men dette var trasige greier uansett. Står ikkje fyren med sida til publikum og kikkar sjenert bort på bandet sitt? (eller JL Turner sitt om du vil ...) No sprang ikkje akkurat Ritchie B rundt på scena sjølv, men mystikken og arrogansen som gjorde han til den scenepersonlegdomen han var ser ikkje ut til å ha gått i arv i altfor stor grad.

Men skitt au, det blir eit 15-låters sett med Rainbow-hits! Eg trur faktisk eg skal klare å kose meg med "Kill the King" og "Long Live Rock and Roll" og, sjølv om desse definitivt gjer seg best med Dio bak mikrofonen. Ein fin plan, Joe Lynn. Det einaste som kunne toppa dette ville vore eit tilsvarande prosjekt med Ronnie James D. Men det er egentleg ikkje nødvendig i desse dagar når nemnde Dio turnerer med Heaven and Hell. Dessutan ville det ha skurra meir å la Dio synge "I Surrender", "All Night Long", "Since You've Been Gone" og andre Bonnet/Turner-hits enn at Joe Lynn tolkar Dio-era-låtar. Litt av sjarmen med "Over the Rainbow" er no ein gong at ein plukkar hits frå heile Rainbow-historia. Men for all del, Ronnie James, ring gjerne til Ritchie!

Konsert: Backyard Babies

Tid: 6.februar 2009
Stad: Folken, Stavanger

Dette er eit band som har turnert altfor lite i Norge. Medan sjangerkameratane og landsmennene i The Hellacopters dukka opp støtt og stadig rundt omkring i norske byar på 2000-talet, var ikkje Backyard Babies i Noreg for å promotere verken "Making Enemies is Good" frå 2001 eller "Stockholm Syndrome" frå 2003 (mogeleg dei stakk innom Oslo ein snartur, men det er da ikkje så langt frå Sverige til Noreg at ikkje andre byar burde kunne besøkast også). I 2007 var så tida komen for ein liten Noregsturne, og i vinter prøvde dei seg igjen.

Etter den strålande "People like People like People like us" (pheu...) frå 2006 har bandet no gitt ut ein sjølvtitulert oppfølgar, som nesten når opp til forgjengaren i talet på catchy og sleazy grisete punkinspirerte låtar med allsangpotensiale. Live plukkar bandet frå heile karriera, men for underteikna er det desse to albuma, saman med "Making Enemies..." som har flest godlåtar. "Payback", "Brand New Hate", "Dysfunctional Professional", samt tittelsporet frå "People like.." er knallåtar alle ihop, og det same gjeld delvis "Minus Celsius" (som visstnok var ein stor hit i Sverige), og "Everybody Ready" frå "Stockholm Syndrome", sjølv om desse manglar det lille ekstra i mine øyrer. "Fuck Off and Die" frå det nye albumet slår også svært godt an, og med slik ein låttittel ber ein nærmast om det regnet av ølglas som flyr gjennom lokalet. Vokalist/gitarist Nicke Borg må til slutt høfleg men bestemt spørje publiken "om ni för fan inte kann dricka eras øl på en fredag framfor å kasta det på scenen?"

At nemnde Nicke insisterer på ein 10-minutters sekvens med gitarballader verkar like meiningslaust denne gongen som sist eg såg bandet, i 2007. Sjølv om låtane er velskrivne og med gode melodiar, er det ei utakksam oppgåve for kven som helst å synge ballader med seriøse tekstar etter "Fuck Off and Die" et al.

Ein feiande flott fredagskveld blei det uansett. Og bandet har dei kulaste t-skjortene av alle. Jolly Roger går aldri av moten.

mandag 6. april 2009

Konsert: TNT

Tid: 3.oktober 2008
Stad: Rockefeller, Oslo

Gode gamle TNT har no har no gitt ut like mange album etter 2003 som dei gjorde på heile åttitalet. Folk flest vil vel kjenne igjen fleire låtar frå den sistnemnde perioden, og det er desse som framleis utgjer brorparten av setlista på ein TNT-konsert i 2008. Konserten på Rockefeller var release-konsert for den siste plata ”Atlantis”, så her blei det naturleg nok presentert eit bra knippe låtar frå denne.

”Hello, Hello” opna konserten, og låta har eit godt og fengande refreng. Utover i konserten fulgte tre andre låtar frå det nye albumet, mellom anna ”Tango Girl”, som er eit forsøk på ein metal-tango-crossover. Det fungerer sånn halvvegs dersom ein er snill. Det er alltid artig å sjå sjå TNT, då eg har eit nært og godt forhold til ”Tell no Tales” og ”Intuition”-platene, men dei tre siste platene gjengen har utgitt fortener ikkje å bli representert i altfor stor grad i live samanheng.

I tillegg til, som nemnt, fire låtar frå ”Atlantis” fekk vi høyre dei same låtane vi stort sett får høyre frå TNT live for tida – ”Seven Seas”, ”Listen to Your Heart”, As Far As The Eye Can See”, ”Intuition” og ”Ten Thousand Lovers (In One)”, med meir. ”My Religion”-albumet frå 2003 blei representert med tittelsporet og ”Invisible Noise”. Dette var åttande gongen eg såg TNT på fem år, og eg saknar litt variasjon i setlista. ”Desperate Nights” gjorde nokre gjesteopptredenar på festivalar sommaren ’08, men har visst forsvunne igjen. Spel gjerne fleire låtar frå ”My Religion”, ”Lonely Nights” forsvann til dømes rett ut etter at promoturneen for denne plata var ferdig. Denne skulle ein jo tru hadde hitpotensiale til tusen. Og kutt ut tittelsporet. Låta er kjedeleg, og refrenget høyrest ut som ei bridge. Kva med eit par låtar frå ”Unrealized Fantasies”?

Når dette er sagt, så betyr ikkje det at ikkje konserten var bra, for det var den. Bandet verkar å ha tru på sitt nye materiale, og trivast på scena. Mills syng vesentlege betre enn det Tony Harnell gjorde i tida før han takka for seg og stakk tilbake til New York. Dette betyr jo at ”Everyone’s a Star” kan framførast utan at ein får vondt i halsen av å høyre på.

Publikumsoppmøte var litt slapt, Rockefeller hadde ikkje opna opp øvre avdeling, og engasjementet blant dei som var der var endå slappare. Ikkje akkurat liv og røre framfor scena. Men det er mogeleg bandet har større suksess utanfor landets hovudstad i desse dagar. Noko nytt og hipt representerer dei jo ikkje, men fortsett gjerne med å turnere for min del. Og varier setlista!

Konsert: Paul Gilbert

Tid: 30.september 2008
Stad: Smuget, Oslo

Store planar om å legge ut konsertomtalar har det siste halvåret blitt forpurra av rein neglisjering. Dette skal no rettast opp i, og vi startar med gitarvirtuoso Paul Gilbert, som var innom hovudstaden vår i fjor haust.

Gilbert er mest kjend fra perioden i Mr. Big rundt starten av nittitallet, og har også ei rekke utgjevingar med teknikkbandet Racer X bak seg. Hausten 2008 turnerte han med soloalbumet ”Silence Followed by a Deafening Roar” i bagasjen, og Smuget i Oslo fekk æra av å huse Gilbert med band på en tysdagskveld. Med seg hadde Gilbert bassist, trommis og kona på keyboards.

Oppmøtet var greit nok i antal, majoriteten var av hannkjønn og mellom 25 og 45 år, mange av desse truleg gitarister på eit eller anna nivå. Om mange fekk øvingslyst av konserten veit eg ikkje. Ein konsert med ein mann som Paul Gilbert kan ha to mogelege effektar på ein gjeng med hobbygitaristar; enten blir ein superinspirert og nyttar den neste månaden til å prøve å lære seg å spele fortest mogeleg, eller så drar ein heim og knuser gitaren fordi det rett og slett ikkje er vits i å prøve meir. (”Så god blir eg aldri allikkavel…”).

Eg vel å gå bort frå eigne indelingar, og plasserer meg sjølv i ein slags mellomposisjon. Vel har eg ein del øvingstimar med gitaren bak meg sjølv, men å komme opp på SuperGilbert sitt nivå er berre å gløyme først som sist. Det var berre å slappe av og nyte instrumentallåtene med dei perfekt utført soloane. Setlista var ein miks av sololåtar, Racer X-låtar (deriblant sjølvsagt låten med den høvande tittelen ”Technical Difficulties”), og ein og anna Mr.Big-skatt (”Green-Tinted Sixties Mind” og ”Daddy, Brother, Love, Little Boy”). Solokatalogen til gitarhelten har eg ikkje så god kjennskap til, men kjente igjen ”Down to Mexico”, som er ein flott liten sak. Vokalen på dei nemnde låtene trakterte Gilbert sjølv, og det fungerte berre fint.

Gilbert er lågmælt og fleipete, og Smuget passar ypperleg for konsertar av denne storleiken. Yngwie Malmsteen hadde kanskje ikkje passa like godt i lokalet, som gjerne ikkje hadde hatt plass til egoet hans, men ein aften med Paul Gilbert er berre kos. Kom snart tilbake! Opptaket nedanfor er frå same turneen, og gjev eit godt bilete av kva type oppleving ein Paul Gilbert-konsert er...