torsdag 28. mai 2009

Konsert: Opeth

Tid: 15.mars 2009
Stad: Folken, Stavanger

Death-turned-prog-metal-gjengen i Opeth tok turen til Stavanger ein søndagskveld i mars, som del av ein relativt omfattande Noregsturnè. Oppmøtet vitna om at marknaden for slik ein turnè absolutt er til stades, og det altså på ein søndagskveld.

Bandet plukka låtar frå meir eller mindre heile karriera, og leverte ein tung og saftig pakke med psykedelia, aggressivitet og melodi, meir eller mindre samstundes. Eg har sett bandet ein gong tidlegare, på Quart-festivalen i 2006, men det går da for pokker ikkje an å servere folk Opeth når det er lyst ute. Innandørs, derimot, der lyset kan slås av og på, ligg tilhøva til rette for at både melankolske og mørke og sinte stemningar kan skapast. Dette fiksar Opeth, og før eg seier noko anna: Konserten var god. Ingen tvil om det. Denne gjengen kan det dei driv med, og Åkerfeldt kan lage musikk.

Men for å trekke inn personleg smak og preferansar her (og det er litt av intensjonen med denne bloggen), så er Opeth best når akustiske gitarar blir avløyst av det progressive partiet, som igjen glir over i det brutale, før vi returnerer til start igjen og den einsame gitaren fyller lydbildet. Dette funkar rett og slett ikkje i konsertsamanheng framfor eit headbangande og øldrikkande publikum. For all del, bandet har nok ein relativt samansatt fanskare, der mange er glade i dynamikk og variasjon. Men tung rock vekker unekteleg publikum meir enn stille gitarklimpring på slik ein konsert, i alle fall denne som eg var på. Denne klimpringa blir jo sjølvsagt også akkompagnert av småprating og skåling, då lydnivået då nødvendigvis ikkje er over minstekravet for heavymetaldesibelnivå. Dynamikken i Opethkatalogen kjem dermed ikkje til sin rett live, slik eg opplever det.

Ellers så er han jo ein spøkefugl, den godaste vokalist, gitarist og frontfigur Mikael Åkerfeldt. Eller Joey Tempest, som han presenterte seg som. (Han uttalte forresten til Classic Rock Magazine i år at han er ein stor Europe-fan, tru det eller ei, så det var kanskje ein hyllest ...) Publikum lærte seg også nye fingerteikn, då Åkerfeldt fekk det for seg at djevlehorna til Ronnie Dio trengde ein konkurrent. Konkurrenten heiter "The Hook". Og publiken lot seg rive med. Peikefinger og lillefinger i veret blei erstatta av ein bøygd peikefinger andre halvdel av konserten. Kan bli ein slager det der. Etter eit relativt mislykka forsøk på å få publikum til å synge og kore noko seinare i konserten, flirte vokalist Åkerfeldt og tydde i staden til: "Ja, ja, kan ni det her då?", og skaut ein bøygd peikefinger i veret. Sjølvsagt kunne vi det.