søndag 27. desember 2009

Konsert: Vain

Tid: 5.desember 2009.
Stad: Elm Street, Oslo.

Ein stad i internettjungelen kan ein lese at Skid Row blei "blown off stage" av oppvarmingsbandet på ein Europaturnè på slutten av åttitalet. Like kjent blei likvel aldri dette oppvarmingsbandet, sjølv om dei fekk litt speletid på MTV med videoen til "Beat the Bullet".

Vain satsa på grisete sleazerock, og kan i ettertid kategoriserast saman med nettopp Skid Row og kanskje Faster Pussycat. Men hitane mangla, bandet kom litt for seint i gang med omsyn til når denne sjangeren var populær(debuten kom i 1989), og på toppen av det heile gjekk plateselskapet konkurs før oppfølgaren fekk sjå dagslys.

Dermed er det arenaer som intime Elm Street som får æra av å huse Vain på Europaturnè i 2009. Og det funkar fint det. Ein intim aften med Davy Vain og vennene hans. Det høyrest svært så hyggeleg ut, ikkje sant? Vel, hyggeleg er kanskje ikkje rette ordet, men underholdande var det så absolutt!

Oslo var siste stopp på denne Europaturnèen, og dermed var det tydeleg at bandet følte det var fritt fram for å slå seg litt laus før, under og etter konserten. Spesielt vokalist Davy Vain var nok særs lite køyrbar utover i settet. Låtintroduksjonane blei lengre og lengre, men lange utrgreiingar om kven i bandet som var mest glad i damer, kven som ringte tilbake dagen etter og kven som ikkje gjorde det, og denslags tilhøyrande prat. Klimaks blei nådd med introduksjonen til "Who's Watching You". For før konserten stod Davy Vain nemleg i dusjen. Han såpa seg godt inn både her og der, og plutseleg ser han gjennom vindauget ein person som også står i dusjen og såpar seg inn både her og der. Og dei kikkar på kvarandre. Både ein og to gongar. Så det er berre å passe på... Det er aldri godt å vite... "who's watching you!"

Vulgaritetane mellom låtane auka på, og alle dei fem av hokjønn som var på konserten blei invitert på diverse hotellrom både ein og to og tre gongar. Om det blei så mykje oppmøte utav det er eit anna spørsmål. Dei siste 20 åra såg ikkje ut til å ha vore så veldig snille med vokalisten vår, sjølv om mengden eyeliner var den same som dengang.

Bandet blei etter kvart lei av øl også, så mot slutten krevde gjengen Jägermeister før neste låt kunne settast i gang. Initiativrike sjeler blant publikum tok oppfordringa, sprang i baren, og brett etter brett med jägermeister-shots blei sendt fram til scena. Hostesafta gjekk ned, stemninga steig, og Davy Vain mista stadig meir oversikt. Etter ein presentasjon av bandet rundt seg la han til eit djupt stemmeleie og gjorde narr av den stakkars bassisten, sidan dei stakkars bassistane alltid blir presentert sist, og kanskje egentlig ikkje er så veldig viktige? "...except in Iron Maiden, where Bruce Dickinson is the bass player!"

Når deg gjeld musikken så var bandet herda nok til at det ikkje tok synleg skade av den stigande totalpromillen. Låtar som "Secrets", "No Respect", "Love Drug", "Icy", samt nemnde "Who's Watching You" og "Beat the Bullet" låt bra alle saman, og sjølv om herr Vain ikkje alltid syng like reint, har han trass alt eit visst særpreg på stemma, og med store mengder klang på vokalet låt det slett ikkje verst.

Konsert: Deep Purple

Tid: 22.november 2009.
Stad: Oslo Spektrum, Oslo.

"Highway Star" startar showet, og skepsisen melder seg straks. Ian Gillan slit kraftig med vokalen, og sjølv om resten av bandet låter bra er det ingen tvil om at konserten vil bli ein kraftig nedtur dersom vokalprestasjonane skal ligge på eit slikt nivå. Men heldigvis kjem vokalisten i gang etter to-tre låtar, og kvelden er redda!

Settet er variert, og bandet plukkar låtar frå 40 med rock n'roll. Noko overraskande hadde dei funne plass til to låtar frå tida før Gillan & Glover blei med ein gong for mange herrens år sidan, deriblant "Hush" som ekstranummer. "Wasted Sunsets" frå "Perfect Strangers"-albumet var eit anna overraskande val, og tittelsporet frå "The Battle Rages on" frå 1990 fekk også vere med. Dette i tillegg til kjente og kjære "Speed King", "Space Trucking", "Black Night", og sjølvsagt den der om røyken i Sveits.

Ein herlig miks blir det, og instrumentalparti gir også herr Gillan høve til å ta nokre pust i bakken. Steve Morse er ein herlig kreativ gitarist, og der andre gitaristar spelar så fort dei berre kan i det kvarteret dei har blitt tildelt når det er solotid satser Morse på melodi og det smakfulle. Jon Lord-erstattar Don Airey er ikkje like heldig med sin sekvens, som etter min smak blir tøysete og masete, med pianoriffing og referansar til 2-300 år gamle verk. Det same skjer egentlig når konserten går mot slutten, og eg står og håpar på "Perfect Strangers" eller kanskje "Knocking on Your Back Door". Kva får vi? Jo, ein medley med rock n'roll-hits frå femtitalet. Det burde da vere heilt unødvendig for eit band med ein slik back-katalog som det Deep Purple har. Men kven veit, kanskje dei er lei av eigne låtar?

Dette er uansett bittesmå skår i gleda. Når Gillan hadde fått varma opp stemmebanda låt det absolutt akseptabelt; låtane held sjølvsagt jevnt høg kvalitet, og Steve Morse er, som eg nemnde ovanfor, ein herlig gitarist. La den småsinte mannen med hatten gjere som han vil, han er ikkje sakna så veldig her.

Konsert: Snabel

Tid: 6.november 2009.
Stad: Alfred, Hønefoss.

Når kjentfolk spelar konsert må ein stille opp, så da vart det ein tur til Hønefoss også i haust. Snabel lot seg inspirere av like delar Kiss og Gartnerlosjen på nittitalet og snekra saman eit par plater med humorrock før dei tok seg ein lang pause. No har dei jamen klart å lage eit album igjen, og syng om fuzzpedalar, bole-Ole og å køyre brannbil. Turnè blei det ikkje, men årets einaste konsert blei fin den, og det blei plass til både nye og gamle vitsar, saman med ”Smoke on the Water”. Rock n’roll, og ukomplisert moro. Det einaste som mangla var ein brannslange…

Konsert: W.A.S.P.

Tid: 30.oktober 2009.
Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Blackie Lawless har registrert at verda vår går til Helvete, og skriv for tida sangar om fire menn til hest og andre teikn på undergangen. Temamessig slektar den nye plata Babylon på ”The Headless Children” frå 1989, og tittelsporet frå dette albumet blei framført denne fredagskvelden på Sentrum Scene, saman med triologien ”Arena Of Pleasure”, ”Chainsaw Charlie” og ”The Idol” frå ”Crimson Idol”, og ellers stort sett dei same hitsa som ein W.A.S.P-konsert på godt og vondt er nødt til å innehalde. Mest på godt heldigvis. Ein kan bli litt lei av ”Wild Child” og ”I Wanna Be Somebody”, men dei er no ein gong grunnen til at mannen (bandet) framleis trekker folk til konsertane sine. Samanlikna med turnear midt på 80-talet er sceneshowet sjølvsagt ikkje-eksisterande, men vi fekk musikkvideoar til alle låtar på storskjerm, og jaggu klarte ikkje dei å vere i sync med leppene på skjermen også. Bakgrunnsbileta som blei brukt under ”Headless Children” røpa for øvrig at Mr Lawless ikkje har så mykje til overs for verda sin redningsmann Barack frå USA, ettersom bilete av den siste fredsprisvinnaren blei sausa saman med både Hitler, Gaddafi og andre som han neppe vil samanlikne seg med.

Dei nye låtane? Det same gamle, med ein liten twist på melodien her og der. Formelmusikk. Men det funkar. ”Crazy” glir rett inn i settet og låter allereie som ein klassisk W.A.S.P-låt, medan ”Take Me Up” og ”Heaven’s Hung in Black” frå den foregåande plata ”Dominator” allereie har blitt det.

Konsert: Marillion

Tid: 25.oktober 2009.
Stad: Victoria Hotell, Oslo.

Denne konserten skal eg innrømme at det var noko tilfeldig at eg ramla innom, då ein kompis plutseleg hadde ein ekstra billett. Nokre få hundre sitjande tilskodarar var vitne til ein akustisk intimkonsert der prog.veteranane leverte både nye og gamle låtar i ny innpakning. Dette var første gong eg såg bandet live, så eg kan ikkje samanlikne med Marillion i ei meir tradisjonell setting, men i mine øyrer kledde så absolutt låtane sine nye arrangement.

Ellers var konserten prega av ein nesten i overkant laussluppen stemning. Vitsar og kommentarar blei sendt på kryss og tvers på scena, og etter kvart frå publikum, som ropte songforslag og vitsa tilbake. Ved heile tre høve førte også oppfordrande allsong frå publikum til at bandet hengte seg på ikkje-planlagte låtar. Dette inkluderte nokre halvhjerta, men humørfullte akkordar av ”Script For a Jesters Tear” etter at vokalist Steve Hogarth smilande hadde uttrykt ei ironisk frykt for at publikum skulle mase om nettopp den slags gamle låtar som han sjølv originalt ikkje hadde delteke på.

I tre timar holdt dei på, slik ekte prog.artistar skal. Tre timar med kjensleladd musikk og smekre melodiar, i skarp kontrast til vitsinga mellom låtane. Etter at ein låt var starta kunne ein praktisk talt sjå brytaren i Hogarth som gjekk frå Av (vitsing, latter, gestikulering og grimaser) til På (fokus, smerte og ein ansikt fordreid i innleving) på brøkdelen av eit sekund. Ein herleg gjeng, og ein behageleg konsert.

lørdag 14. november 2009

Konsert: Porcupine Tree

Tid: 23.oktober 2009.
Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Lokalet var stappfullt av prog.fans, og det seriøse orkesteret leverte ei lang forestilling i to akter. Første halvdel var via det nyutgjevne konseptalbumet The Incident, og etter nøyaktig 10 minutters pause (nedtellinga føregjekk på storskjerm!) kom bandet tilbake og leverte utvalde verk frå back-katalogen. Ikkje det bandet eg har høyrt mest på, men ein absolutt godkjent konsert. Spesielt i del to dukka det opp gode enkeltlåtar, medan del ein til tider kunne bli litt langdryg med litt for mange uinteressante mellomparti. Desse har som kjent ein lei tendens til å dukke opp på konseptalbum, utan at dei av den grunn bør framførast på konsert.

Ingen billettar var å oppdrive den siste månaden før konserten, og frå den massive trampeklappen før ekstranummera å dumme var publikum godt nøgde. Ein kledeleg arrogant Steven Wilson øydela neppe for dette (”I don’t care what you’re shouting, we’re still gonna play what’s on this list!”)

mandag 26. oktober 2009

Konsert: Jorn

Tid: 10.oktober 2009.
Stad: Glassheim, Jevnaker.

I løpet av hausten 2009 vil W.A.S.P, Doro Pesch, The Wildhearts og Kingdom Come ha stukke innom eit bygdehus turned rockeklubb på verdas navle Jevnaker. Og det er imponerande. JORN er etter kvart også eit internasjonalt kjent namn i dei rette kretsane, men med tanke på mellom anna reisetid kan ein vel ikkje seie det er like imponerande at Lande med band dukkar opp og leverer eit sett kvalitetsrocknroll.

For det er det ein får med Jørn Lande. Kvalitet. Mannen kan synge slik David Coverdale hadde gitt begge tomlane for å framleis klare, og ein kan ikkje akkurat klage på resten av bandet heller. RockeCowboy Tore Moren har vore med nokre år no, og er like kul som alltid, medan gitaristkollega Jørn Viggo Lofstad har takka for seg. Erstattar er Tor Erik Myhre, som visstnok var eit av idola til ein oppvoksande Lofstad, og som etter ein rockepause på nokre år der familieliv var viktigast no var klar for rock n'roll igjen. I alle fall viss ein skal tru mellomlåtpjattinga til Jørn L. Vokalisten kom etter kvart var i eit ganske så humoristisk humør for kvelden, og dess lenger uti konserten ein kom, dess meir øldrikking og vitsing blei det. Moro nok, og det gjekk jo ikkje akkurat utover kvaliteten på musikken. 10 poeng går også til den sicilianske bassisten Nic Angileri for dagens mest energiske sceneopptreden. Fyren såg i alle fall ut til å ha det moro sjølv, om ikkje han fekk med seg så veldig mange blant publikum på dans og taktklapping.

Jørn Lande og kompani spyr ut plater, og turnerer konstant. Ein kan i alle fall fort få det inntrykket. Resultatet blir i alle fall at det etter kvart er nok av låtar å velge mellom når set lista skal settast saman. Litt blandings frå dei siste platene blir det dermed. Jevnt over trøkker alt bra, men det er likevel eit faktum at ein del av materialet til bandet er litt for forutsigbart og kjedelig. Ei knallåt som "Stormcrow" blei spela, medan andre perler som "The Duke" og "Out to every Nation" blei hoppa over. Det er greit nok at den siste plata skal promoterast, men bandet hadde nok tent på å halde på fleire av godlåtane frå tidlegare album for å gi gjenkjenningseffekt. Høyrest det her ut som at eg ikkje har høyrt så nøye på dei to siste platene, og dermed ikkje kjenner låtane derifrå så godt, så innrømmer eg glatt at det stemmer. Men det er fordi eg ikkje synest dei er like bra som dei to foregåande platene. Så sånn er det.

Soloar fikk vi og. Til dei grader. Begge gitaristane veit jo kva dei driver med, men så veldig spennande blei ikkje onanisekvensane deira. Og trommis-Willy fekk sine 15 minutt i rampelyset nærmast som eit ekstranummer. Vokalisten vår fekk i alle fall kvilt stemma si! Eit par covers blei også levert mot slutten, slik bandet har for vane å gjere. "Are You Ready" (Thin Lizzy) og "Stormbringer" (Deep Purple) gav i alle fall gjenkjenningseffekt, sjølv om eg personlig heller kunne tenkt meg "Stargazer" eller noko anna av Rainbow, men dette blir da pirking. Sorry.

Alt i alt ein fin kveld likevel, sjølv om eg har hatt det meir moro med Jørn Lande ved tidlegare høve.