Stad: Sølvesborg, Sverige
Band: Uriah Heep, Blaze Bayley, Covered Call m.fl.
Finanskrise. Festivalkrise. Konkursar. Ikkje i Sølvesborg. Sweden Rock Festival sel fleire billettar for kvart år, og trekker publikum frå alle verdshjørner. Profilen er stort sett uendra, og dei største namna er framleis gamle traverar, men ved å presentere In Flames som headliner på festivalen sin andre dag tok ein eit lite steg bort frå kravet om stordom frå 70- eller 80-talet for å kunne headline i Sølvesborg. Når i tillegg Satyricon stod øvst på plakaten på oppvarmingsonsdagen i fjor viser dette kanskje at det blir stadig vanskelegare å vere kreativ med headlinerspotane når Scorpions-Whitesnake-Judas Priest-runden er køyrt eit par gongar.

Ei utviding til fire dagars festival har vist seg å fungere som berre det, og dei cirka 10 000 firedagarspassa var tidleg utsolgt. Vi ankom festivalområdet i sekstida, etter fly til København, og tog vidare over grensebrua. Det er like sært kvar gong å vere i Malmø 10 minutt etter at ein er på Kastrup! Reiser ein frå Norge er dette altså ei reiserute som absolutt kan tilrådast. Ikkje spesielt dyrt dersom ein er tidleg ute, og tidsbruken er heller ikkje ille.
Det første bandet vi hadde planlagt å sjå var dermed melodirockerane i Covered Call. Dette er ein gjeng rutinerte svenske musikantar, men bandet er nysamansett og ute med debutplate i desse dagar. Musikken luktar åttitalet og AOR, og melodiøs riffing og refreng er gjennomgangstemaet. Fleire fengande låtar har dei fått mekka saman, deriblant tittelsporet frå den nye plata, ”Money Never Sleeps”, men det tok aldri heilt av. Dei såg rett og slett litt dølle og gamle ut. Og det til tross for at dei er langt yngre enn fleire andre profilar på årets festival som slett ikkje framstod som dølle (les: Dio). Låtane har heller ikkje den store party-faktoren, og bandet ligg nærmare Tyketto og Journey enn Mötley Crüe og Van Halen. Inne i Gibson-teltet, som er festivalen si minste scene, var også lyden litt puslete, i alle fall på denne konserten. Heilt grei konsert med andre ord, og ein ok start på årets festival.
Det neste interessante for min del var utskjelte ex-Iron Maiden-vokalist Blaze Bayley. Og dette blei den første positive overraskinga på årets festival. Lyden på Spendrup Scene (nest minste scene) var god, det var seint på kvelden, lysshowet kom til sin rett, og solomateriale til Blaze låt betre enn på plate. Ei rekke Maiden-låtar blei også henta fram, deriblant ”Man on the Edge”, ”Lord of the Flies”, og den episk-historiske ”The Clansman”, som handlar om skotsk frigjeringskamp. Dette er egentlig ein kjempelåt, som beklagelegvis blei presentert med denne mannen på vokal ein gong på nittitalet. Denne kvelden i Sølvesborg derimot, funka låten som berre det, med same mann bak mikrofonen. Merkeleg det der. Etter låten kom ein ung svenske i bar overkropp (11 om kvelden og 8 grader celsius) ramlande bort til oss og ropte og veiva med armane. ”Jag gråt! Jag gråt! Jag er halvt skotsk! The Clansman! Jag gråt!” Musikk kan gjere så mangt.
Siste band ut denne kvelden var Uriah Heep. Heile èitt originalmedlem er igjen frå oppstarten i 1969, og i følge Wikipedia var der dermed Uriah Heep Mk XIV som gjekk på scena eit kvarter før midnatt. Det er meir enn Deep Purple faktisk. Ny plate har dei gitt ut og. ”Wake the Sleeper” heiter denne, og jaggu trødde dei ikkje til med heile albumet live på Sweden Rock Festival! Dristig. Klassikarar dukka opp innimellom for å halde på publikumet, men spør du meg var set-lista fin den. ”Wake the Sleeper” har fleire godlåtar, som går godt saman med ”July Morning” og ”Gypsy”. ”Tears of the World” er ein personleg favoritt. Det som trakk mest ned på dette tidspunktet var faktisk kulda. Enkelte sentrale klesplagg var blitt pakka for at dei skulle vere lett tilgjengelege, men lure plassar blir ofte litt for lure plassar. Dessutan var dette den kaldaste festivalen i Sølvesborg så lenge eg har frekventert arrangementet (sidan 2003). ”Easy Living” høyrte eg dermed på vei heim til teltet, og den sannsynlege sistelåta ”Lady in Black” kunne eg alltids spele sjølv på kassegitar når eg kom heim. A moll. G. A moll. G. Fin låt. Men det var for kaldt.
Heldigvis hadde eg ein varm sovepose.
2 kommentarer:
Andre derimot, hadde ikke varm sovepose, og var døden nær. De gleda seg likevel til dag nr 2:D
Hi, hi , det har eg alltid sagt: festival og hotellrom ...
Legg inn en kommentar