søndag 28. juni 2009

Konsert: Mötley Crüe

Tid: 8.juni 2009.
Stad: Bergenshallen, Bergen

Bergen har dei siste åra blitt ein førsteklasses konsertby. At byen var einaste stopp i Norge i år for The Crüe er nok eit bevis på det. Lokale Audrey Horne og svenske Hardcore Superstar var oppvarming, og billetten sa konsertstart kl 20:00. Dette må ha blitt gjennomført rimeleg presist, for når vi kom 25 minutt seinare var Audrey Horne ferdige. Og etter ikkje lange pausen var også neste-band-ut i gang. At gjengen i Hardcore Superstar har digga Mötley i oppveksten skin lang vei, anten ein rettar fokus mot image eller musikk. Flinke innan for sjangeren er dei også. Sleazy og grisete punk-hardrock med feite og allropsvenlige refreng. Perfekt oppvarming for læremeistrane sine med andre ord.

Lange settet fekk ikkje svenskane heller, og dermed var det berre å vente på hovudattraksjonen. Ikkje veit eg om det var nødvendig med all den tida Crüe-crewet fekk til å klargjere scena, men dersom mogeleg hadde vore veldig kjekt om begge dei to oppvarmingsbanda hadde fått lov til å halde på litt lenger. Spesielt når det gjeld svenske kameratar hadde det gjort seg med eit par låtar til. Men no fekk dei ikkje det, og sceneshowet den neste timen bestod av eit digert laken framfor scena (sjenerte ryddemannskap kanskje? Eller for dramatisk effekt...)

Omsider fall lakenet ned og openberra hedonistane våre som spruta "Kickstart My Heart" og deretter "Wild Side" utover bergenspublikummet. Ein perfekt og energifylt opning. Kanskje for energifylt, for etter fire låtar var det visst nødvendig med ein pause, og Mick Mars fekk vise fram dei nye Hendrix-riffa han hadde lært seg. Relativt uinteressant. Men tru det eller ei så er det faktisk ein paradoksal underhaldningsverdi i at dette kobbelet med eks-narkomane som på mirakuløst vis har holdt seg i live må sette seg nedpå litt etter eit kvarters konsert.

Pausen gjorde godt, og Mötley returnerte med den eine schlägeren etter den andre. To låtar frå sistealbumet "Saints of Los Angeles" var det også gjort plass til; tittelsporet, som hadde glidd rett inn på "Dr Feelgood", og "Motherf***** of the Year". Ellers kom den nærmast obligatoriske rekka med "Girls, Girls, Girls", "Live Wire", "Shout at the Devil" og "Dr Feelgood". "Same ol' Situation" blei eit høgdepunkt for underteikna, som ein mindre opplagt val. Balladestunda var spart til ekstranummeret, og pianoet blei trilla fremst på scena. Trommis-Tommy leverte introen, og "Home Sweet Home" avslutta konserten.

Dei har gjort det meste, og dei drar på åra. Mick Mars ser ut til å trenge både stokk og krykker og Vince Neil orkar framleis ikkje synge alle orda Nikki Sixx stappa inn i tekstane på åttitalet. Men likevel leverer dei. Dette driv dei fordi dei trivast på scena (dollar på bok er vel ikkje ei ulempe, men dette er garantert ikkje einaste motivasjon). Atmosfæren på scena bar heller ikkje preg av alle fortidas konfliktar og slosskampar. Om det er noko form for isfront mellom vokalist og bassist er dette godt skjult. Godt humør og speleglede er uttrykk som i større grad skildra stemninga på scena. At bandet også har fire frontfigurar er også relativt spesielt. Tommy Lee var framme på scenkanten titt og ofte, både for å dele ut Jägermeister og for å rappe med publikum som ekstra-ekstra nummer ("if I say Mötley you say Crüe! Mötley?" "Crüe!")

Om bandet gir ut så mykje nytt materiale er vel noko usikkert, men det ser ikkje ut til at siste Mötley Crüe-konsert er spela enda. Eg har i alle fall ikkje fått nok.

fredag 19. juni 2009

Sweden Rock Festival 2009 - dag 4

Tid: 6.juni 2009.
Stad: Sölvesborg, Sverige.
Program: Heaven & Hell, Europe, Hot Leg, Electric Boys, Journey, Stormzone m.fl.

På papiret var det eit sterkt program Sweden Rock –gjengen hadde satt saman for siste dag av 2009-festivalen. Det beste på årets program var også spart til slutt; den lille mannen med den store stemma saman med riffmeisteren med to fingertuppar i manko. Og jamen blei det ikkje litt betre vèr enn dei tre foregåande dagane også.

Men før dette var det ei rekke langhåra menn som skulle i elden. Ripper Owens høyrer ikkje til i denne gruppa, men han var funnen ein festivalspot verdig likevel. Mannen har ei fortid både i Judas Priest og Iced Earth, og står no stødig på eigne bein. Ei god klassisk metal-stemme har han også, så han gjorde ein grei jobb med å vekke opp søvnige festivalgjester idet føremiddag blei til ettermiddag på festivalen sin siste dag.

Nordirske Stormzone skulle deretter underhalde på Zeppelin Stage. Vokalist John Harv Harbison er ein rutinert fyr, og sjølv om bandet er relativt nytt, består det av folk som har vore med i gamet ei stund. Debutalbumet blei utgjeve i 2007 (”Caught in the Act”), og er ei god samling av melodiøs hardrock. Inspirasjonen er tydeleg henta frå både britisk hardrock à la Deep Purple og Rainbow, men også frå den glattpolerte amerikanske varianten frå andre halvdel av åttitalet. På Sweden Rock 2009 gav Stormzone blaffen i debuten, og fylte timen sin med nytt og ikkje-utgjeve materiale. I skrivande stund er vel oppfølgaralbumet framleis ikkje utgitt. Eit noko spesielt val kanskje, men når bandet er såpass ferskt blir det ikkje det same som når band som Uriah Heep stolar blindt på nye album til fordel for gamle hits. Dei nye låtane var merkbart hardare enn dei på 2007-albumet, men høyrdest likevel ut som ei naturleg vidareføring av stilen frå debuten. Bandet hausta god respons frå det noko fåtalla publikum, og såg ut til å stortrivast. Etter dette blei det ein konsertpause med innlagt bodshopping og det som høyrer til, før vi returnerte til festivalområdet rundt klokka halv fem.


Det er godt mogeleg at det bandet som samla den største publikumsmengda i år var dei amerikanske AOR-veteranane Journey. Sletta var stappfull av menneske som alle var vendt mot Festival Stage mellom klokka seks og halv åtte om kvelden. Eit ekstra spenningsmoment var kan hende om den nye vokalisten Arnel Pineda, direkte frå YouTube (sann historie: bandet kom på sporet av mannen etter å ha sett han synge Journey-låtar på YouTube), skulle vise seg å vere jobben verdig. Ein liten filipiner, ei stor scene, eit stort band med store (eller svulstige om du vil) låtar, og kanskje 25 000 hardrockfans som publikum. Fiksa han det? Jada. Mannen er ingen Dave Lee Roth, han showar minst mogeleg, og har ingen teite stage-raps mellom låtane. Men han hadde likevel publikum i si lille hule hand, og sang Journey-hits som om han aldri hadde gjort noko anna. Og hits er noko dette bandet har i fleng, sjølv om dei unekteleg har hatt mest suksess på andre sida av Atlanteren. Laber turnèverksemd i Europa har nok spela ei rolle i så måte, men det kan no sjå ut som om dette er i ferd med å endre seg. Dette er ikkje noko ”one-hit-wonder-band”, slik ein svensk journalist presterte å skrive i forkant av festivalen. ”Don’t Stop Believing” er ein fantastisk låt, men dette bandet har mykje meir enn denne tåreframkallande hymnen å by på. ”Never Walk Away”, ”Ask the Lonely”, ”Wheels In the Sky”, ”Any Way You Want It”, og den enda meir sentimentale, men akk så vakre ”Faithfully”. Eg skal innrømme at ikkje alt fenger like mykje, og konserten hadde også sine mindre minneverdige parti, men samstundes framviste dei andre stunder melodiøs rock i si perfekte form. I sum var dette absolutt godkjent og vel så det frå Journey, som forhåpentlegvis ikkje gir seg med det aller første.


Rundt tiårsskiftet mellom 80- og 90-talet var det in med ein musikalsk sjanger som blei døypt Funk Metal. Diverse band har i ettertid blitt meir eller mindre stappa inn i Funk Metal-båsen, det vere seg allt frå Red Hot Chili Peppers, via Faith No More, til Extreme, og altså svenske Electric Boys. . Etter at trenden gjekk over, og Electric Boys drog ut straumen i løpet av andre halvdel av nittitalet har medlemene sysla med sitt her og der; gitarist Connie Bloom hang med Michael Monroe i Hanoi Rocks fram til dei takka for seg tidligare i år. Dette var dermed utslagsgjevande for at det no var duka for Electric Boys-reunion på Sweden Rock Festival 2009. Bandet hadde mellom anna ein hit med låta ”All Hips And Lips”, som kan minne om Warrant sin ”Cherry Pie”, og har også ein del andre brukbare låtar, både funky shit og meir tunge riff. Problemet var berre at dette blei dørgande kjedeleg live. Eg har litt problem med å setje fingeren på kva det var, men lyden kunne definitivt vore betre. Instrumenta blei høyrt, men på ein irriterande måte litt for mykje kva for seg og i stakkarsleg einsemd. Det jamne og tighte lyden mangla. Låtmaterialet falt også unekteleg gjennom i ein slik setting. Kvar for seg er fleire av låtane brukbare på ei speleliste saman med andre nye ting ein sjekker ut før ein festival,men 15 låtar med Electric Boys på rappen blei rett og slett for traust. Men no høyrde eg heller ikkje 15 låtar. Det blei kanskje 7-8 stk, og så tusla vi bort og høyrte på Forbidden i 10 minutt, før det blei ein campingstolpause før neste viktige konsert. Ein liten nedtur, med andre ord, men det var meir å sjå fram til denne kvelden.

Årets mest kjipe kollisjon stod deretter for tur. Dream Theater på Festival Stage samstundes som Hot Leg på Zeppelin Stage. Dette høyrest kanskje ut som ei merkeleg problemstilling. Kven vil vel gå glipp av progmetallen sine verdsmeistrar framføre eit spesialsnekra festivalsett som nest siste band på festivalen si største scene på festivalen sin siste dag? Tja. Dream Theater-fan er eg ikkje. På eit anna tidspunkt hadde kanskje ein Dream Theater-konsert blitt sett fram til på ein anna måte, men der og då frista det meir med Justin Hawkins-fronta Hot Leg på ei mindre scene før dei siste svette tre-fire timane i selskap med brorparten av festivalgjestane, Europe og Heaven & Hell. Som nemnt i ein tidlegare blogg var The Darkness eit akkurat nok utskjelt band til at det låt heilt fabelaktig i mine øyrer. Dermed tusla vi bort på konsert med ex-Darkness falsettomeister Hawkins.


Før Hawkins og compani entra scena fekk vi streng beskjed av konferansieren om ikkje å nemne ”his former band”. Med andre ord var det fritt fram for dei som måtte ønske å terge fyren. Men så ondskapsfulle er vi jo ikkje. Dermed var det duka for årets sceneentrè. For der kom faktisk den ekstravagante vokalisten og gitaristen snublande på krykker. Ja, krykker. Kva stakkaren har gjort seg får andre finne ut. Men han gjennomførte i alle fall konserten med det som såg ut til å vere ein høgre fot i gips (sjå bilete). Sei kva du vil om fyren, men det finnast nok frontfigurar rundt omkring som hadde avlyst konsertar for mindre. Men nok om det. No hadde eg ei viss forventning til konserten, Hawkins er jo tross alt cool som få (sjølvsagt er det delte meiningar om dette, men det gjer han jo endå coolare). Samstundes grensar ein del av låtane på Hot Leg sin albumdebut litt vel mykje mot glampop heller enn –rock. Dette gjaldt ikkje i konsertsamanheng. Framført på scene blei låtane rocka akkurat passe opp, og i kombinasjon med fengande hooks og refreng låt det herlig og forfriskande. Dream Theater kjem til Oslo i haust, så eg får sjå kva behovet for matterock er på det tidspunkt. Denne kvelden angra eg ikkje på prioriteringa.

Europe hadde fått æra av å vere nest siste band ut på årets festival. No til dags spelar jo denne gjengen kor som helst, men det er på denne festivalen dei verkeleg er på heimebane. Dette publikumet ventar på ”Seven Door Hotel” og ”Scream of Anger”, ikkje den ihjelspela synthriffsaken som vi alle kjenner så godt. Den kom den og sjølvsagt. Som siste nummer. Og allsangen runga. Men det gjorde den tidlegare og. Bandet plukka frå heile karriera, med dei to nemnde låtane som representantar for dei tidlege albuma. ”Cherokee” og ”Rock the Night” var sjølvsagt med. Det same var låta som framkalte årets allsang på festivalen, i akkustisk versjon. ”Caaaaarieee!” Ein høyrde meir av sidemannen enn av Joey Tempest, men det er jo ein underhaldningsverdi i det også. Overraskande mange låtar frå ”Out of This World” blei framført, tatt I betraktning at John Norum ikkje bidrog på denne plata. ”Sign of the Times”, ”Let the Good Times Rock”, ”Superstitious”. Og sjølvsagt blei nyare låtar fletta inn, dei fleste tidleg i settet. ”Start From the Dark” og ”Always the Pretender”, frå kvar av dei to platene dei har gitt ut etter tilbakekomsten, er faktisk brukbare låtar, og så lenge bandet veit å avgrense mengden nytt materiale funkar blandinga fint. Det einaste minuset er at dei absolutt skal presse inn ein flunkande ny låt som ein av dei tre siste låtane på heile konserten. Men crescendo blir det jo uansett, når dei har verdas mest kjende synthriff å avslutte konserten med. Bandet var i god form, og leverte ein finfin konsert. At dei framleis gir ut og har tru på nytt materiale viser at dei ikkje ønsker å surfe på gammal suksess, samstundes som dei ikkje gløymer kvifor folk veit kven dei er i utganspunktet.


Sisteband ut var Heaven and Hell, som er 1992-utgåva av Black Sabbath (og med unntak av trommis Vinny Appice, 1980-utgåva av Sabbath). Det vil seie med Ronnie James Dio på vokal. Etter ein suksessturnè for to år sidan har denne gjengen spela inn ny plate, og fleire låtar frå denne fekk plass på set lista, saman med kjende og kjære godbitar frå ”Heaven and Hell” (1980), ”Mob Rules” (1981) og ”Dehumanizer” (1992). Og dei glei rett inn. ”Bible Black” er ein herlig og tung sak med dyster atmosfære og kvalitetsriffing slik kun Tomy Iommi kan, og i tillegg framførte bandet ”Follow the Tears” og ”Fear” frå den nye plata. Samanlikna med festival-setlista frå to år tilbake var det ellers lite utskifting av låtar.”Sign of the Southers Cross” og ”Voodoo” var luka bort, og inn kom ”Time Machine” frå ”Dehumanizer”, saman med dei tre nye låtane. I sum blei det dermed ein mindre andel av låtar frå dei to første albuma, noko som i mine øyrer ikkje heva kvaliteten på settet. Det er sjølvsagt spennnande med utskifting av låtar, og det er ei bra plate dei har levert, men det hadde jo blitt plass til eit par låtar til dersom ein ikkje skulle tvære ut ”Heaven and Hell” i 15-20 minutt, og absolutt måtte presse inn ein uinteressant trommesolo. Kva med ”Wishing Well” eller ”Lady Evil” frå ”Heaven and Hell”-albumet? Eller ein av dei ovannemnde (”Sign…” eller ”Voodoo”?).

Men dette blir i bunn og grunn kritikk på detaljnivå. ”The Mob Rules”, ”Children of the Sea”, ”Die Young”, ”Heaven and Hell” og ”Neon Knights” som ekstranummer. Det blir ikkje betre enn dette. Framført på profesjonelt og kraftfullt vis. Når skal egentlig den mannen få problem med sangstemma? Han er sjuogseksti!


Skumle kulissar, mørke, tunge riff og Mannen Med Stemma. Ei verdig avslutning på årets festival. Det regna litt og var noko kaldt i løpet av dei fire dagane, men det var også ei rekke herlige konsertar, som det alltid er i Sölvesborg i starten av juni.

torsdag 18. juni 2009

Sweden Rock Festival 2009 - dag 3

Tid: 5.juni 2009.
Stad: Sölvesborg, Sverige.
Program: Foreigner, UFO, Demon, Lita Ford, Thor m.fl.

“I am mighty Thor! I will bend this steel bar with my teeth!” Og jaggu gjorde han det ikkje og. Kanadiske Thor er ein kuriositet, men ein kuriositet med ein viss kultstatus, så det var artig å ha sett denne ein-gong-body buideren gjenta det han fekk bittelitt merksemd for på åttitalet. Ein vikinghjelm blei sendt opp frå publikum, og dette var sjølvsagt ei gåve som blei mottatt med takk. Hjelmen kom på, og vår helt kunne plutseleg vere ”a true viking” i tillegg til Sterk Mann. Musikken var erketradisjonell 1985-heavy metal i Accept-/Priest-tradisjon, og totalpakken blei dermed heilt grei startunderhaldning klokka 12:00 på dag tre av årets festival.

Planen vidare var å kikke litt på Jon Oliva’s Pain på hovudscena, men dette gav vi opp etter tre-fire låtar. Jon Oliva har ein solid backkatalog av fine Savatage-låtar og eige materiale å plukka av, og dette kunne blitt ein ok konsert. Men lyden var skrudd latterleg høgt opp, med altfor mykje diskant. Lang avstand frå scena hjalp ingenting. Det blei berre masete. Så ivrig var eg ikkje på å sjå Jon sin smerte smurt utover sletta, så det blei i staden ein pustepause før eksen til Nikki Sixx sitt comeback.

Lita Ford har budd på ei øde øy med mann og barn i ei årrekke, og tatt avstand frå alt som har med råkkenråll og gjere. Med internett kom maset frå gamle fans, og Fru Ford returnerte dermed til rampelyset for turnè og etter kvart ny plate. Pakken Lita Ford bestod for 25 år sidan av blond berte med el.gitar, ein duett med Ozzy Osbourne, og forhold med profilerte tøffingar som Nikki Sixx og Chris Holmes (W.A.S.P.). For all del, ho har fleire ok låtar, men solgte vel nokre plater på finfine albumcover. Ei særprega stemme kan ein også seie at ho hadde, men at ho var ein stor vokalist er det vel få som vil hevde. 15 års kvile burde dermed ha gjort stemma til Lita godt, eller kva? Nei, det er vel kanskje ikkje akkurat slik det fungerer. Dermed sleit vår kvinne litt med dei høge notane på Festival Stage denne fredagskvelden i Sölvesborg. I tillegg har ho ikkje låtmateriale til å rettferdiggjere ein og ein halv times konsert. Allsongen kom sjølvsagt på ”Kiss Me Deadly” og ”Close My Eyes Forever”, og alt i alt blei dette også ein småartig konsert. Men ikkje noko meir.

Britane i Demon fekk dermed æra av å bli observert av underteikna det siste kvarteret av konserten sin, og gjorde eit godt inntrykk. Vi fekk med oss ”Sign of a Madman” og ”One Helluva Night”, og gutta spelte tight og stødig. Bandnemnet skulle tilseie flammar og sinte brøl frå scena, men i staden fekk vi servert gutta-boys-hardrock frå 1982 (kan samanliknast med Judas Priest og Saxon frå same periode; tenk ”Denim and Leather”) og småtrauste scenepåkledningar.Vokalist Dave Hill laga nokre skumle demongrimasjer med vidåpne auger og zombieaktig gange, men det gav snarare assosiasjonar til John Cleese enn til levande døde.

Dagens ekle kollisjon var satt opp til å inntreffe kvart over seks, då UFO og Kamelot skulle gå på scena samstundes. Kamelot såg vi i Trondheim eit par veker tidligare, og er også eit band eg har sett fleire gongar før. Dermed blei det kun opningslåta med Roy Khan før vi rusla bort til Sweden Stage og eit UFO som stadig held koken. Dette var ein av konsertane eg hadde sett ein del fram til, og bandet serverte fleire tidlause godlåtar. Dessverre blei konsertopplevinga meir og meir øydelagt av nedbør som gradvis tiltok i styrke. Utan noko form for vern mot regnet lett tilgjengeleg søkte vi tilflukt drøyt halvvegs uti konserten. ”Doctor Doctor” fekk gå sin gang utan meg.

Etter ein halvtime under partytelttak hadde regnet tilsynelatande gitt seg for dagen, og det var klart for Foreigner. Eller ”Foreigner” viss ein skal byrja å telle originalmedlemer. Lou Gramm har i fleire år haldt seg borte frå musikkbransjen av helsemessige årsaker (han er tilbake med eit nytt prosjekt i desse dagar), så dagens Foreigner-vokalist heiter Kelly Hansen. Hansen har ei fortid i det mindre kjente åttitalsbandet Hurricane, eit band som også noverande Whitesnake-gitarist Doug Aldrich var innom. Bassist er Jeff Pilson (ex-Dokken). Med andre ord står gitarist Mick Jones for den raude tråden tilbake til åttitalet, og han har kasta fiskesnøret uti heavyrock-dammen når han skulle setje saman dagens utgåve av Foreigner. Kva er så resultatet? Jo, det er eit svært så rocka Foreigner som turnerer med ei god samling hitlåtar i bagasjen. Kraftfulle framføringar av ”Juke Box Hero”, ”Hot Blooded”, ”Head Games” og ”Cold as Ice” funka som berre det på Festival Stage, og dette blei ein konsert med appell til ei breidt publikum. Her koste både tøffingane og puslingane seg. Kelly Hansen har stemma i behold og vel så det, og han rocka også opp konserten med sine ”Come on you motherfuckers, raise those hands in the air”.

Sjølvsagt kom den som siste låt av ordinært sett, sangen som egentlig ikkje høyrer heime på ein hardrockfestival. Men på ein merkverdig måte gjorde den det likevel. ”I know you can show me!” messa Hansen, og allsangen tok aldri slutt. Med solnedgangen i bakgrunnen blei det nesten for mykje kliss. Men berre nesten.

Motörhead og In Flames var dagens hovudattraksjonar. Sistnemnde band vil aldri blant mine favorittar, og Motörhead har eg fått med meg eit par gongar før. For all del, eit bra band, men eit veldig nært forhold til Lemmy & co har eg aldri hatt. Omsynet til sliten teltsambuar telte også med i vurderinga som gjorde at dette dermed vart kvelden med tidleg tilbaketrekning for å lade opp til festivalavslutninga dagen etter.

mandag 15. juni 2009

Sweden Rock Festival 2009 - dag 2

Tid: 4.juni 2009
Stad: Sølvesborg, Sverige
Band: Twisted Sister, Over the Rainbow, Seventh Wonder, Tyketto, H.E.A.T, m.fl.


Dette skulle vise seg å bli ein bra dag, med fire svært gode konsertar, samt ein heller mindre mindreverdig ein. Først på programmet denne dagen stod for vår del ein tur til Sølvesborg by for ein liten handlerunde. Dette skulle vise seg å ta vesentleg lenger tid enn planlagt, då trafikken stod bom fast på vegen tilbake i to-tre-tida. Skyttelbussen som skulle frakte festivalgjestane tilbake til festivalen kom først ein time forsinka, noko som sjølvsagt hadde medført at talet på ventande sjeler var langt over det som det normalt er plass til i ein buss. Dermed tok det også ei halv æve å trykke alle inn i bussen, og det tok ei kvart æve å stå i trafikkork på køyreturen tilbake. Har festivalen vokst seg for stor for vegane inn til Sølvesborg mon tro? Kanskje ein kan legge inn eit par ekstra, provisoriske køyrefelt på motorvegen inn til byen akkurat første helga i juni?

For min del kom panikken likevel aldri, då eg hadde god tid til mine hovudband denne dagen. Men bussen inneholdt nok ein del skuffa stakkarar som hadde tenkt å sjå Volbeat. Gjennomsnittsband, spør du meg, men det hadde kanskje vore artig å sett live. Nye sjansar kjem nok. Dagens første konsert blei dermed dei nye svenske yndlingane H.E.A.T, som stammar frå Upplands Väsby, noko alle veit er der Joey Tempest og compani leika cowboy og indianar på seksti-/syttitalet. Det har altså gått med dei slik det måtte gå. Vi har fått Europe II! Og jamen er dei ikkje fullt på høgde med sine barndomsheltar, i alle fall når ein ser på evne til å lage catchy og melodiøs gladhardrock. Eit fargesprakande scenepåkledning går dei også for, med trange bukser til. Dette her er ikkje Nick Cave, for å seie det sånn. Leik og moro.

Etter deltaking i den svenske delfinalen i årets Eurovision-tävling blei nok bandet kjent for litt fleire enn det tilfellet var i fjor, når gjengen også splela på SRF, men da inne i Gibson-telten, dessverre samstundes som Avantasia (nedprioritert i fjor for min del altså). Dermed var publikumsoppmøtet godt, klokka 16:00 framfor Spendrups Stage. ”There for You” er førstelåt ut på debutalbumet, og også førstelåt ut på konserten. Dette funka som berre det. Bandet koste seg på scena, og etter kvart blei sånn cirka heile debutalbumet framført. Låtane sat godt, og dei er også av høg kvalitet innan sin sjanger.

Ellers så er framleis bandet i krysningspunktet mellom å vere jyplingar på veg oppover The Ladder of Fame, og halvrutinerte og scenevante folk. For sjølv om dei er rundt 22 år gamle har bandet spela ein imponerande mengde gigs dei siste to åra, turnert med tyskarane i Edguy, og fleire av medlemmene spelte også Iron Maiden-inspirerte saker på Sweden Rock i 2004 under namnet Trading Fate. På rutinert vis blir allsang frå publikum dradd i gang på ein langtrukken versjon av den fengande ”Late Night Lady” mot slutten av konserten, og vi er da med på det. Samstundes sleit faktisk vokalist Kenny Leckremo litt med å nå opp til den høgfrekvente ulinga frå plata, men han fekk jo sjølvsagt korehjelp som berre det.

Veldig artig konsert var det uansett, med låtar som på den eine sida er utdatert, men som likevel låter frikst og freidig. Ei reindyrking av alle dei mest utskjelte elementa frå 1989, gjennomført på coolast tenkeleg måte, og definitivt ikkje utført av gamle gubbar. ..

Tyketto etterfulgte H.E.A.T på Spendrups Stage. Dette gjengen platedebuterte i 1991, med det ein kan kalle ein nedtona versjon av festrocken frå slutten av åttitalet. Det obligatoriske giganthåret var den gongen sjølvsagt på plass, men ellers har dette aldri vore eit band med image og ekstravaganse i førstegir. Som årstalet viser var timing ikkje Tyketto si sterke side, og suksessen blei avgrensa av Seattle-surmulerane sin motvilje mot festrock og store refreng på starten av nittitalet. Etter litt om og men dei siste åra blei bandet gjenforent i fjor, og det var ein tent forsamling som entra scena presis klokka 17:00. Vokalist Danny Vaughn har energi og stemmekraft (og hår!) meir enn nok til å bere bandet, sjølv om låtmaterialet er litt traust. Å samanlikne Tyketto med H.E.A.T er på dette tidpunktet veldig nærliggande, og der H.E.A.T manglar litt rutine og vokalkraft,men har knallåtar, er situasjonen totalt motsatt med Tyketto. ”Forever Young”, ”Burning Down Inside”, ”Wings”, ”Strength in Numbers” er fengande unntak, men ellers er låtmaterialet på det jevne pluss, men profesjonelt framført. Ein god konsert likevel, sjølv om publikumstalet hadde minka litt etter H.E.A.T-konserten.

Eit par timar seinare var det klart for melodiprogmetallklubben Seventh Wonder. Desse svenskane har gitt ut tre album til no, og har vist tydelig utvikling på desse tre platene. Den siste er ei konseptplate om ein stakkar i koma, og dette temaet har det da så vitterligen blitt laga plater om før (”stemmer det!” ropar Arjen Lukassen frå slottet sitt i Nederland ein plass). Temaplagiatspøk til side, så har bandet fleire gode låtar på denne sisteplata, dermed blei det progmetall framfor sørstatsrock med ZZ Top klokka halv ni om kvelden denne festivaltorsdagen. Det spela også ei rolle at eg var i følge med ein uttalt superfan av bandet…

Gibson-teltet var relativt folksomt framfor konserten, og bandet entra scena ikledd matchande kvite skjorter og mørke bukser. Kanskje ikkje så veldig metal akkurat det, men dei skiljer seg no i alle fall ut i desse svartkledde dagar. I det første låt starta kom årets første skuffelse. Dette låt ikkje bra inne i dette altfor lille teltet. Bandet har nyansar og detaljar til tusen, og ein vokalist med ei melodiøs og rein stemme. Ingen av delene kom til sin rett. Lyden blei grumsete og støyande, og sjølv om trøkket dels var der, blei dette ingen spesielt god konsertoppleving. Låtutvalet var greit nok, med hovudvekt på det brukbare sistealbumet, men lyden øydela for totalopplevinga. Og så mykje meir er det egentleg ikkje å seie om den konserten.

Joe Lynn Turner og Jürgen Blackmore stod dermed for tur, med andre ord Over the Rainbow; ex-Rainbow-medlemer og Ritchie Blackmore sitt avkom på gitar. Sweden Stage 21:45. Eg hadde på førehand bestemt meg for at dette ikkje kunne slå feil. Og eg kan ikkje skjønne anna enn at dette måtte gjelde mange andre også, så lenge ein visste kva ein gjekk til her, og ikkje irriterte seg over at Jürgen Blackmore kom til å stå som ei saltstøtte (sjekk YouTube), eller at Joe Lynn Turner skulle tolke låtar som opprinneleg hadde Dio-vokal. Og eg blei ikkje skuffa. Hitparade de luxe, det beste frå alle Rainbow-epokar. ”Kill the King”, ”Man on the Silver Mountain”, ”Long Live Rock and Roll”, ”I Surrender”, ”Street of Dreams”, ”All Night Long”, ”Since You’ve Been Gone”. Heilt fantastisk. Dette grensar til eit tributeband, eg er klar over det. Men JLT var faktisk Rainbow-vokalist på store deler av åittitalet, og så lenge fader Ritchie forblir i 1500-talet saman med sin blonde fru, er dette erstatning meir enn bra nok for ei eller anna form for ”ekte” Rainbow. Dette var rett og slett berre artig.

Headliner torsdags kveld var Twisted Sister. På den siste turneen ”i full mundur”, det vil seie at desse godt voksne menneska har tenkt å slutte å kle seg opp som prostituerte transvestittar med særs dårleg smak. Seriøst? Det kan ikkje stemme? Viss det no skulle vise seg å stemme, så var det jo desto viktigare å innfinne seg framfor scena når Dee Snider snerra i gang showet. Twisted Sister har eg aldri klart å få skikkeleg sansen for. Imaget plagar meg ikkje, det er berre moro, men låtmaterialet har alltid forekomme meg som kjedelig. Denne kvelden derimot, kom dei relativt enkle og småsinte festrockelåtane verkeleg til sin rett. Bandet såg også ut til å ha det riktig så fint på scena, og både Dee Snider og gitarist Jay Jay French hadde lange monologar der pepper blei servert der pepper bør serverast. American Idol fekk gjennomgå. Teppeselgarane (!) på festivalen fekk gjennomgå. ”And you guys selling carpets at the back! Oriental carpets? Not metal!” (Sjølsagt var det ikkje teppeselgarar på festivalen. Mr Snider hadde sjølvsagt sett eit skilt der det stod "Oriental mat" på svensk...)Og alle band med manglande originalmedlemer fekk gjennomgå, slik dei fekk av den same Mr Snider på Sweden Rock i 2003 (han har jo eit poeng. Blackfoot, Foreigner, ”Rainbow” og Uriah Heep hadde vel til saman tre originalmedlemer på deling på årets SRFestival…).

Plutseleg er også Lemmy K på scena, saman med Motörhead-kollega Phil Campbell. Stones-schlägeren ”It’s Only Rock n’Roll” blei køyrt gjennom kjøttkverna, etter at Dee S stolt har fortalt om Mick Jagger sin trang til å kaste opp etter å ha høyrt TS-versjonen av låta ein gong på åttitalet. Vidare såg stakkars Lemmy nesten flau ut etter å ha blitt ærbødig takka for å ha tru på Twisted Sister og dradd dei med på turnè når ingen andre såg potensialet for berre hår og sminke. At også Motörhead lenge har operert med kun eitt originalmedlem blei sjølvsagt ikkje nemnt.

”Stay Hungry”-albumet frå 1984 blei spela frå start til slutt, samstundes som det blei god plass til andre hits og godlåtar som ”Under the Blade” (herlig sak! Personlig favoritt!) og ”You Can’t Stop Rock n’Roll”. Dette blei ein storarta konsert, og ei stor positiv overrasking for min del. Ikkje undervurder menn med sminkeskrin!

torsdag 11. juni 2009

Sweden Rock Festival 2009 - dag 1

Tid: 3.juni 2009
Stad: Sølvesborg, Sverige
Band: Uriah Heep, Blaze Bayley, Covered Call m.fl.

Finanskrise. Festivalkrise. Konkursar. Ikkje i Sølvesborg. Sweden Rock Festival sel fleire billettar for kvart år, og trekker publikum frå alle verdshjørner. Profilen er stort sett uendra, og dei største namna er framleis gamle traverar, men ved å presentere In Flames som headliner på festivalen sin andre dag tok ein eit lite steg bort frå kravet om stordom frå 70- eller 80-talet for å kunne headline i Sølvesborg. Når i tillegg Satyricon stod øvst på plakaten på oppvarmingsonsdagen i fjor viser dette kanskje at det blir stadig vanskelegare å vere kreativ med headlinerspotane når Scorpions-Whitesnake-Judas Priest-runden er køyrt eit par gongar.


Ei utviding til fire dagars festival har vist seg å fungere som berre det, og dei cirka 10 000 firedagarspassa var tidleg utsolgt. Vi ankom festivalområdet i sekstida, etter fly til København, og tog vidare over grensebrua. Det er like sært kvar gong å vere i Malmø 10 minutt etter at ein er på Kastrup! Reiser ein frå Norge er dette altså ei reiserute som absolutt kan tilrådast. Ikkje spesielt dyrt dersom ein er tidleg ute, og tidsbruken er heller ikkje ille.

Det første bandet vi hadde planlagt å sjå var dermed melodirockerane i Covered Call. Dette er ein gjeng rutinerte svenske musikantar, men bandet er nysamansett og ute med debutplate i desse dagar. Musikken luktar åttitalet og AOR, og melodiøs riffing og refreng er gjennomgangstemaet. Fleire fengande låtar har dei fått mekka saman, deriblant tittelsporet frå den nye plata, ”Money Never Sleeps”, men det tok aldri heilt av. Dei såg rett og slett litt dølle og gamle ut. Og det til tross for at dei er langt yngre enn fleire andre profilar på årets festival som slett ikkje framstod som dølle (les: Dio). Låtane har heller ikkje den store party-faktoren, og bandet ligg nærmare Tyketto og Journey enn Mötley Crüe og Van Halen. Inne i Gibson-teltet, som er festivalen si minste scene, var også lyden litt puslete, i alle fall på denne konserten. Heilt grei konsert med andre ord, og ein ok start på årets festival.

Det neste interessante for min del var utskjelte ex-Iron Maiden-vokalist Blaze Bayley. Og dette blei den første positive overraskinga på årets festival. Lyden på Spendrup Scene (nest minste scene) var god, det var seint på kvelden, lysshowet kom til sin rett, og solomateriale til Blaze låt betre enn på plate. Ei rekke Maiden-låtar blei også henta fram, deriblant ”Man on the Edge”, ”Lord of the Flies”, og den episk-historiske ”The Clansman”, som handlar om skotsk frigjeringskamp. Dette er egentlig ein kjempelåt, som beklagelegvis blei presentert med denne mannen på vokal ein gong på nittitalet. Denne kvelden i Sølvesborg derimot, funka låten som berre det, med same mann bak mikrofonen. Merkeleg det der. Etter låten kom ein ung svenske i bar overkropp (11 om kvelden og 8 grader celsius) ramlande bort til oss og ropte og veiva med armane. ”Jag gråt! Jag gråt! Jag er halvt skotsk! The Clansman! Jag gråt!” Musikk kan gjere så mangt.

Siste band ut denne kvelden var Uriah Heep. Heile èitt originalmedlem er igjen frå oppstarten i 1969, og i følge Wikipedia var der dermed Uriah Heep Mk XIV som gjekk på scena eit kvarter før midnatt. Det er meir enn Deep Purple faktisk. Ny plate har dei gitt ut og. ”Wake the Sleeper” heiter denne, og jaggu trødde dei ikkje til med heile albumet live på Sweden Rock Festival! Dristig. Klassikarar dukka opp innimellom for å halde på publikumet, men spør du meg var set-lista fin den. ”Wake the Sleeper” har fleire godlåtar, som går godt saman med ”July Morning” og ”Gypsy”. ”Tears of the World” er ein personleg favoritt. Det som trakk mest ned på dette tidspunktet var faktisk kulda. Enkelte sentrale klesplagg var blitt pakka for at dei skulle vere lett tilgjengelege, men lure plassar blir ofte litt for lure plassar. Dessutan var dette den kaldaste festivalen i Sølvesborg så lenge eg har frekventert arrangementet (sidan 2003). ”Easy Living” høyrte eg dermed på vei heim til teltet, og den sannsynlege sistelåta ”Lady in Black” kunne eg alltids spele sjølv på kassegitar når eg kom heim. A moll. G. A moll. G. Fin låt. Men det var for kaldt.

Heldigvis hadde eg ein varm sovepose.

onsdag 10. juni 2009

Trondheim Rock '09

Tid: Fredag 22.mai 2009
Stad: Trondheim Torg
Band: Dimmu Borgir, Kamelot, Triosphere

Det som i 2008 heitte Trondheim Rock Fæst blir no "berre" presentert som Trondheim Rock. At festivalomgrepet blir verna er eg hjartens einig i, til det er det for få telt og for lite grøntareal i sikte. Dessutan veit jo alle at ein ekte trønder er glad i ein god fæst, så sånn sett var det jo ein høvande tittel Diesel Dahl og compani opererte med i starten. Med eller utan ordet i tittelen veit vi no alle at rockefæst blir det uansett. Medan Thin Lizzy og Def Leppard stod for underhaldninga i fjor, har utvidinga av arrangementet opna døra for ein dag med litt tyngre innslag samstundes som ein har haldt på 1987-nostalgien med Whitesnake og Europe som trekkplaster dagen etter.

Fest(ival)området var i år som i fjor delt i to, med eit eige område for dei som var for små til å nyte alkholens gleder og sorger. På grunn av litt sprik i alder innad i reisefølget plasserte vi oss i dette sistnemnde området, som også var utvida frå i fjor. Dette gjorde lyden inne på dette området betre i forhold til fjoråret, sidan ein ikkje måtte stå altfor langt borte frå midtre del av publikumsområdet. No var det tydelegvis ikkje så viktig at ungdommen fekk høyre og sjå Triosphere, då desse spelte i eit lite telt i motsatt ende av hovudscena, ein god del meter frå inngjerdinga som dei ivrigaste dermed måtte henge over. Så veldig farlig for min del var ikkje dette, Triosphere har nokre ok låtar, mykje teknikk i fingrane til gitarist Marcus Silver, og ein god frontfigur i vokalist/bassist Ida Haukland. Det blir tøft, men ikkje kjempetøft. Uansett litt artig at den tidlegare faste W.A.S.P.-coveren/medleyen var bytta ut med publikumsflørten ”Welcome to the Jungle” for å dra opp stemninga.

Kamelot var det vi først og fremst var der for. Og dei skuffa ikkje. Det går nok med nokre kroner og dollar i pyropotten, men flammar og rock høyrer jo saman. I alle fall saman med den stemningsfulle og pompøse symforocken til Kamelot. Lyden vart gradvis betre utover i konserten, og det virka som vokalist Roy Kahn fra Elverum synest det var gøy å vere på heimebane og prate norsk frå scena. Sikkert litt kjedeleg for resten av bandet som nok ikkje forstod eit ord. No kan det vel hende at ein del av det som blir sagt er relativt planlagt og avtalt på førehand, men det er uansett litt artig at eit hovudsakleg amerikansk band kommuniserer med publikum på klingande austlandsk.

Ein flott konsert blei det, med dynamikk og variasjon. Bandet styrte unna dei reine balladane, men har også rolige og stemningsfulle parti i dei fleste andre låtane. Vakker kvinneleg vokalist var på plass i bakgrunnen, og steig også fram i fokus under ”Ghost Opera”. I tillegg var Epica-vokalist Simone Simons plutseleg på scena for ein duettduell på ”The Haunting”. Eg har ein mistanke om at ho er romatisk involvert med eit bandmedlem, og turnèdeltakar av den grunn. Effektfullt var det uansett. Det same gjald introduksjonen til ”March of Mephisto”. To stilleståande kvinnelege trommeslagarar med bind for augene hamra laus med stikkene før bandet blei med på festen og avslutta ein herleg konsert.

Etter mengden av sinte t-skjorter å dømme var det tydeleg at mange såg fram til den store norske eksportartikkelen Dimmu Borgir. Det varte og det rakk før bandet kom på scena, med diverse lyd- og linjesjekkingar og opphenging av ein detaljert back-drop med ei brystfager geit og satan veit kva som førebelse høgdepunkt. Då vinnarane av dagens kostymeball endeleg entra podiet eksploderte i alle fall venstre og yngste del av publikum. Lyden var skrudd kraftig opp frå nivået Kamelot fekk lov til å bruke, og det var heller ikkje no spart på pyro og røyk. Effekten var imponerande. Eit kjempetrøkk, rett og slett. Bandet er verdsmeistrar innan sin sjanger, i alle fall med tanke på popularitet og salstal, og stod fram som eit profesjonelt orkester. Sjølvsagt krev den brutale vokalen litt tilvenjing, men utover det inneheld musikken melodiar, riff og stemningar som appellerer til langt fleire enn inneslutta og sinte satanistar. Dette er black-metal-pop. Artig er det også at dette skjer midt i Trondheim sentrum på ein mild vårdag. Lurer på om gratisgjestane på uterestaurantane bak gjerdet lot seg fascinere eller irritere, eller rett og slett sat og digga. Dei høyrte godt kva som føregjekk i alle fall.

Sjølv kjenner eg ikkje bandet sitt materiale godt nok til at det var så veldig interessant å stå heile konserten. Eit fascinerande show, trøkk, pyro og fengande rifferi var ikkje nok til å halde på meg lenger enn ein halvtimes tid. Det var uansett Kamelot som var årsaken til turen til Trondheim torg.

Drivstoff Dahl har allereie lova tre-dagers-fæst til neste år, så vi ser med spenning fram til kva som skjer i Olav Tryggvason sitt åsyn om eit års tid.

mandag 1. juni 2009

Sandnes Rock Fest

Tid: 21.mai 2009
Stad: Ruten, Sandnes
Program: Whitesnake, Dokken m.fl.

Etter at Classic Rock Festival satsa over evne og tryna med nasa først ned i konkursgrusen, klarte likevel ein gjeng rockeentusiastar å stable på beina ein slags festival på ruinane etter nemnde CRF. Ei salig blanding av artistar blei det, Jørn Lande, DDE, Hanne Boel, Surferosa og Nazareth, og altså åttitalsduoen Whitesnake/Dokken på første dag - torsdag 21.mai.

Tre-fire lokale band åpna festivalen, men det rakk vi dessverre ikkje å få med oss. Planen var å høyre litt av Toxic, men ankomst klokka åtte var tydelegvis ikkje tidsnok for det. "Festivalen opnar kl 1700, og er ferdig kl 0100 kvar dag" stod det på festivalen si nettside, og banda skulle spele i rekkefølga dei stod i. Seks band. Whitesnake, Dokken og Toxic øverst. Etter mine resonnement burde det tilseie startklokkesletta 23:00, 21:30 og 20:00 for desse tre siste band. Men neida. Dokken starta idet vi steig av bussen frå Stavanger, presis klokka 20, med "Kiss of Death". Flott at de klarte å stable på beina ein festival på så kort tid, folkens. Det var imponerande. Men sett opp ein tidsplan som ein kan planlegge utifrå neste gong. Det er vanleg på festivalar.

Men, altså, Dokken. "Kiss of Death". "The Hunter", "Just Got Lucky", "Into The Fire", "Paris is Burning", "Alone again", "Tooth And Nail". Hitane kom på rekke og rad. Og bandet storkoste seg såg det ut som. Småprat og tøys og tull. Regnet holdt seg stort sett unna, men publikum tok vel ikkje heilt av. Etter at bandet gjekk av scena første gong var det heile to stykker, underteikna inkludert, som heva stemma ørlite grann for å spørre pent om eit ekstranummer. Det var visst nok. "In My Dreams" avslutta dermed Dokken sitt sett, og ein starta å sjå fram til Whitesnake.

Coverdale & co plukka er stolte over fjorårets comeback-album, og plukka denne kvelden "Can You Hear the Wind Blow", "Lay Down Your Love" og, dersom ikkje hukommelsen min leikar med meg, "Best Years" frå denne plata. Greit nok, plata er bra den. Men det som er artig er at den no blir promotert med andre låtar live enn i fjor på omtrent same tid. Eller kanskje alle låtane går på rundgang på kvar konsert? Nokon andre får sjekke dette opp på nettet. Eg har ikkje tid.

Hitlåtane måtte uansett vere med. Ingen Whitesnake-aften utan kjærleikstrioen "Ain't No Love (in the heart of the city", "Love Ain't No Stranger" og "Is This Love". "Bad Boys" var også tilbake i settet, og "Give Me All Your Love" dukka også opp. I ein akustisk seksjon omtrent midtvegs blei også 20-års-jubileet for "Slip Of The Tongue" markert med ein nedstrippa versjon av "The Deeper The Love". Gitarist Doug Aldrich er eit unikum både med straum og utan, dermed låter dette svært så vakkert, sjølv om ikkje alle blant publikum var like interessert i å følge med. Spør du meg kunne dei også like gjerne spela den med fullt orkester, men den har vel for mykje 1989-feel over seg (1989-sounden er jo som alle sjølvsagt veit mykje meir pompøs og ekkel enn 1987-sounden ... Dette er jo grunnen til at fem låtar frå albumet "1987" får lov til å bli med på leiken, men berre altså berre ein halv frå etterfølgaren).

Regnet lava etter kvart ned, og det byrja mørkne. Alle som hadde skjønt at dette var ein rockekonsert og dermed hadde valgt skinn framfor gortex eller det som verre var, blei dermed våte. Dette gav ein naturlegvis blanke i. Mørket og regnet skapte faktisk ei deilig ramme for sexy Coverdale og kompaniet hans av blueshardrocksoldatar, og når bandet traska inn igjen til "Here I Go Again" og "Fool For Your Loving" som ekstranummer blei kvelden komplett. Flotte saker. Og som ikkje det var nok så kom det jamen susande ei ihjelslått trommestikke frå Chris Frazier rett i dei utstrakte armane til underteikna. Dokumentasjon er vedlagt.

Konsert: Turboneger

Tid: 15.mai 2009
Stad: Folken, Stavanger

"All My Friends Are Dead" opna showet, og massiv allsang bar bod om at dette kunne bli ein triveleg kveld. Det blei det, sjølv om eg overhøyrte dei som meinte dette var eit band på autopilot. Njæ. Eg vil ikkje seie det. Det var ikkje noko mindre kostyme- og sminkeshow enn vanleg, slik eg hugsar det frå sist eg såg bandet. Låtutvalet var bra, men kunne vore betre. "Fuck the World", "Turbonegro Must Be Destroyed", "Get it On", "Do You Dig Destruction" med meir. "The Age of Pamparius" og "Erection" var sjølvsagte ekstranummer. Allsangen på sistnemnde låt starta så og seie i det siste tone frå det ordinære settet døydde ut, og det er jo alltid like festleg. Låten i seg sjølv er jo egentleg relativt kjedeleg, men refrenget vil for evig og alltid bli nemnt i ei skildring av bandet/pakken/fenomenet Turboneger. Sånn går det når ein appellerer til folk sitt behov for å skrike ut det som ellers i beste fall blir sett på som platt og barnslig. "åh-åh-åh, I Got Erection!". Fint for deg.

Ellers blir ikkje midtseksjonen, med litt for mykje tidleg-death-punk, heilt optimal. Blodfans får ha meg unnskyldt, men eg synest no ein gong at Turbo blei eit betre band etter tilbakekomsten i 2002. Låtane fekk eit meir pompøst preg, samstundes som at trøkket ikkje forsvann. Så spel gjerne fleire låtar frå dei siste tre platene.

Mot slutten av konserten spreidde Hank von H ein sekk med spesialdesigna pengesedlar utover publikum. Stilig trykk, med kvart bandmedlem på sin eigen type seddel, men hensikten kom ikkje så veldig tydeleg fram. Det var nok ei "vi-tar-vare-på-fansen-vår-markering". Ver så god, her er masse pengar. Eller så var det gjerne ei latterleggjering av publikum som hoppa som gale etter sedlane som blei kasta ut. Grådigheit fører til intet godt. Seriøse saker gitt. Eller ikkje.