mandag 1. juni 2009

Sandnes Rock Fest

Tid: 21.mai 2009
Stad: Ruten, Sandnes
Program: Whitesnake, Dokken m.fl.

Etter at Classic Rock Festival satsa over evne og tryna med nasa først ned i konkursgrusen, klarte likevel ein gjeng rockeentusiastar å stable på beina ein slags festival på ruinane etter nemnde CRF. Ei salig blanding av artistar blei det, Jørn Lande, DDE, Hanne Boel, Surferosa og Nazareth, og altså åttitalsduoen Whitesnake/Dokken på første dag - torsdag 21.mai.

Tre-fire lokale band åpna festivalen, men det rakk vi dessverre ikkje å få med oss. Planen var å høyre litt av Toxic, men ankomst klokka åtte var tydelegvis ikkje tidsnok for det. "Festivalen opnar kl 1700, og er ferdig kl 0100 kvar dag" stod det på festivalen si nettside, og banda skulle spele i rekkefølga dei stod i. Seks band. Whitesnake, Dokken og Toxic øverst. Etter mine resonnement burde det tilseie startklokkesletta 23:00, 21:30 og 20:00 for desse tre siste band. Men neida. Dokken starta idet vi steig av bussen frå Stavanger, presis klokka 20, med "Kiss of Death". Flott at de klarte å stable på beina ein festival på så kort tid, folkens. Det var imponerande. Men sett opp ein tidsplan som ein kan planlegge utifrå neste gong. Det er vanleg på festivalar.

Men, altså, Dokken. "Kiss of Death". "The Hunter", "Just Got Lucky", "Into The Fire", "Paris is Burning", "Alone again", "Tooth And Nail". Hitane kom på rekke og rad. Og bandet storkoste seg såg det ut som. Småprat og tøys og tull. Regnet holdt seg stort sett unna, men publikum tok vel ikkje heilt av. Etter at bandet gjekk av scena første gong var det heile to stykker, underteikna inkludert, som heva stemma ørlite grann for å spørre pent om eit ekstranummer. Det var visst nok. "In My Dreams" avslutta dermed Dokken sitt sett, og ein starta å sjå fram til Whitesnake.

Coverdale & co plukka er stolte over fjorårets comeback-album, og plukka denne kvelden "Can You Hear the Wind Blow", "Lay Down Your Love" og, dersom ikkje hukommelsen min leikar med meg, "Best Years" frå denne plata. Greit nok, plata er bra den. Men det som er artig er at den no blir promotert med andre låtar live enn i fjor på omtrent same tid. Eller kanskje alle låtane går på rundgang på kvar konsert? Nokon andre får sjekke dette opp på nettet. Eg har ikkje tid.

Hitlåtane måtte uansett vere med. Ingen Whitesnake-aften utan kjærleikstrioen "Ain't No Love (in the heart of the city", "Love Ain't No Stranger" og "Is This Love". "Bad Boys" var også tilbake i settet, og "Give Me All Your Love" dukka også opp. I ein akustisk seksjon omtrent midtvegs blei også 20-års-jubileet for "Slip Of The Tongue" markert med ein nedstrippa versjon av "The Deeper The Love". Gitarist Doug Aldrich er eit unikum både med straum og utan, dermed låter dette svært så vakkert, sjølv om ikkje alle blant publikum var like interessert i å følge med. Spør du meg kunne dei også like gjerne spela den med fullt orkester, men den har vel for mykje 1989-feel over seg (1989-sounden er jo som alle sjølvsagt veit mykje meir pompøs og ekkel enn 1987-sounden ... Dette er jo grunnen til at fem låtar frå albumet "1987" får lov til å bli med på leiken, men berre altså berre ein halv frå etterfølgaren).

Regnet lava etter kvart ned, og det byrja mørkne. Alle som hadde skjønt at dette var ein rockekonsert og dermed hadde valgt skinn framfor gortex eller det som verre var, blei dermed våte. Dette gav ein naturlegvis blanke i. Mørket og regnet skapte faktisk ei deilig ramme for sexy Coverdale og kompaniet hans av blueshardrocksoldatar, og når bandet traska inn igjen til "Here I Go Again" og "Fool For Your Loving" som ekstranummer blei kvelden komplett. Flotte saker. Og som ikkje det var nok så kom det jamen susande ei ihjelslått trommestikke frå Chris Frazier rett i dei utstrakte armane til underteikna. Dokumentasjon er vedlagt.

Ingen kommentarer: