mandag 26. oktober 2009

Konsert: Jorn

Tid: 10.oktober 2009.
Stad: Glassheim, Jevnaker.

I løpet av hausten 2009 vil W.A.S.P, Doro Pesch, The Wildhearts og Kingdom Come ha stukke innom eit bygdehus turned rockeklubb på verdas navle Jevnaker. Og det er imponerande. JORN er etter kvart også eit internasjonalt kjent namn i dei rette kretsane, men med tanke på mellom anna reisetid kan ein vel ikkje seie det er like imponerande at Lande med band dukkar opp og leverer eit sett kvalitetsrocknroll.

For det er det ein får med Jørn Lande. Kvalitet. Mannen kan synge slik David Coverdale hadde gitt begge tomlane for å framleis klare, og ein kan ikkje akkurat klage på resten av bandet heller. RockeCowboy Tore Moren har vore med nokre år no, og er like kul som alltid, medan gitaristkollega Jørn Viggo Lofstad har takka for seg. Erstattar er Tor Erik Myhre, som visstnok var eit av idola til ein oppvoksande Lofstad, og som etter ein rockepause på nokre år der familieliv var viktigast no var klar for rock n'roll igjen. I alle fall viss ein skal tru mellomlåtpjattinga til Jørn L. Vokalisten kom etter kvart var i eit ganske så humoristisk humør for kvelden, og dess lenger uti konserten ein kom, dess meir øldrikking og vitsing blei det. Moro nok, og det gjekk jo ikkje akkurat utover kvaliteten på musikken. 10 poeng går også til den sicilianske bassisten Nic Angileri for dagens mest energiske sceneopptreden. Fyren såg i alle fall ut til å ha det moro sjølv, om ikkje han fekk med seg så veldig mange blant publikum på dans og taktklapping.

Jørn Lande og kompani spyr ut plater, og turnerer konstant. Ein kan i alle fall fort få det inntrykket. Resultatet blir i alle fall at det etter kvart er nok av låtar å velge mellom når set lista skal settast saman. Litt blandings frå dei siste platene blir det dermed. Jevnt over trøkker alt bra, men det er likevel eit faktum at ein del av materialet til bandet er litt for forutsigbart og kjedelig. Ei knallåt som "Stormcrow" blei spela, medan andre perler som "The Duke" og "Out to every Nation" blei hoppa over. Det er greit nok at den siste plata skal promoterast, men bandet hadde nok tent på å halde på fleire av godlåtane frå tidlegare album for å gi gjenkjenningseffekt. Høyrest det her ut som at eg ikkje har høyrt så nøye på dei to siste platene, og dermed ikkje kjenner låtane derifrå så godt, så innrømmer eg glatt at det stemmer. Men det er fordi eg ikkje synest dei er like bra som dei to foregåande platene. Så sånn er det.

Soloar fikk vi og. Til dei grader. Begge gitaristane veit jo kva dei driver med, men så veldig spennande blei ikkje onanisekvensane deira. Og trommis-Willy fekk sine 15 minutt i rampelyset nærmast som eit ekstranummer. Vokalisten vår fekk i alle fall kvilt stemma si! Eit par covers blei også levert mot slutten, slik bandet har for vane å gjere. "Are You Ready" (Thin Lizzy) og "Stormbringer" (Deep Purple) gav i alle fall gjenkjenningseffekt, sjølv om eg personlig heller kunne tenkt meg "Stargazer" eller noko anna av Rainbow, men dette blir da pirking. Sorry.

Alt i alt ein fin kveld likevel, sjølv om eg har hatt det meir moro med Jørn Lande ved tidlegare høve.

Ingen kommentarer: