søndag 27. desember 2009

Konsert: Marillion

Tid: 25.oktober 2009.
Stad: Victoria Hotell, Oslo.

Denne konserten skal eg innrømme at det var noko tilfeldig at eg ramla innom, då ein kompis plutseleg hadde ein ekstra billett. Nokre få hundre sitjande tilskodarar var vitne til ein akustisk intimkonsert der prog.veteranane leverte både nye og gamle låtar i ny innpakning. Dette var første gong eg såg bandet live, så eg kan ikkje samanlikne med Marillion i ei meir tradisjonell setting, men i mine øyrer kledde så absolutt låtane sine nye arrangement.

Ellers var konserten prega av ein nesten i overkant laussluppen stemning. Vitsar og kommentarar blei sendt på kryss og tvers på scena, og etter kvart frå publikum, som ropte songforslag og vitsa tilbake. Ved heile tre høve førte også oppfordrande allsong frå publikum til at bandet hengte seg på ikkje-planlagte låtar. Dette inkluderte nokre halvhjerta, men humørfullte akkordar av ”Script For a Jesters Tear” etter at vokalist Steve Hogarth smilande hadde uttrykt ei ironisk frykt for at publikum skulle mase om nettopp den slags gamle låtar som han sjølv originalt ikkje hadde delteke på.

I tre timar holdt dei på, slik ekte prog.artistar skal. Tre timar med kjensleladd musikk og smekre melodiar, i skarp kontrast til vitsinga mellom låtane. Etter at ein låt var starta kunne ein praktisk talt sjå brytaren i Hogarth som gjekk frå Av (vitsing, latter, gestikulering og grimaser) til På (fokus, smerte og ein ansikt fordreid i innleving) på brøkdelen av eit sekund. Ein herleg gjeng, og ein behageleg konsert.

Ingen kommentarer: