søndag 27. desember 2009

Konsert: Vain

Tid: 5.desember 2009.
Stad: Elm Street, Oslo.

Ein stad i internettjungelen kan ein lese at Skid Row blei "blown off stage" av oppvarmingsbandet på ein Europaturnè på slutten av åttitalet. Like kjent blei likvel aldri dette oppvarmingsbandet, sjølv om dei fekk litt speletid på MTV med videoen til "Beat the Bullet".

Vain satsa på grisete sleazerock, og kan i ettertid kategoriserast saman med nettopp Skid Row og kanskje Faster Pussycat. Men hitane mangla, bandet kom litt for seint i gang med omsyn til når denne sjangeren var populær(debuten kom i 1989), og på toppen av det heile gjekk plateselskapet konkurs før oppfølgaren fekk sjå dagslys.

Dermed er det arenaer som intime Elm Street som får æra av å huse Vain på Europaturnè i 2009. Og det funkar fint det. Ein intim aften med Davy Vain og vennene hans. Det høyrest svært så hyggeleg ut, ikkje sant? Vel, hyggeleg er kanskje ikkje rette ordet, men underholdande var det så absolutt!

Oslo var siste stopp på denne Europaturnèen, og dermed var det tydeleg at bandet følte det var fritt fram for å slå seg litt laus før, under og etter konserten. Spesielt vokalist Davy Vain var nok særs lite køyrbar utover i settet. Låtintroduksjonane blei lengre og lengre, men lange utrgreiingar om kven i bandet som var mest glad i damer, kven som ringte tilbake dagen etter og kven som ikkje gjorde det, og denslags tilhøyrande prat. Klimaks blei nådd med introduksjonen til "Who's Watching You". For før konserten stod Davy Vain nemleg i dusjen. Han såpa seg godt inn både her og der, og plutseleg ser han gjennom vindauget ein person som også står i dusjen og såpar seg inn både her og der. Og dei kikkar på kvarandre. Både ein og to gongar. Så det er berre å passe på... Det er aldri godt å vite... "who's watching you!"

Vulgaritetane mellom låtane auka på, og alle dei fem av hokjønn som var på konserten blei invitert på diverse hotellrom både ein og to og tre gongar. Om det blei så mykje oppmøte utav det er eit anna spørsmål. Dei siste 20 åra såg ikkje ut til å ha vore så veldig snille med vokalisten vår, sjølv om mengden eyeliner var den same som dengang.

Bandet blei etter kvart lei av øl også, så mot slutten krevde gjengen Jägermeister før neste låt kunne settast i gang. Initiativrike sjeler blant publikum tok oppfordringa, sprang i baren, og brett etter brett med jägermeister-shots blei sendt fram til scena. Hostesafta gjekk ned, stemninga steig, og Davy Vain mista stadig meir oversikt. Etter ein presentasjon av bandet rundt seg la han til eit djupt stemmeleie og gjorde narr av den stakkars bassisten, sidan dei stakkars bassistane alltid blir presentert sist, og kanskje egentlig ikkje er så veldig viktige? "...except in Iron Maiden, where Bruce Dickinson is the bass player!"

Når deg gjeld musikken så var bandet herda nok til at det ikkje tok synleg skade av den stigande totalpromillen. Låtar som "Secrets", "No Respect", "Love Drug", "Icy", samt nemnde "Who's Watching You" og "Beat the Bullet" låt bra alle saman, og sjølv om herr Vain ikkje alltid syng like reint, har han trass alt eit visst særpreg på stemma, og med store mengder klang på vokalet låt det slett ikkje verst.

Ingen kommentarer: