søndag 27. desember 2009

Konsert: Deep Purple

Tid: 22.november 2009.
Stad: Oslo Spektrum, Oslo.

"Highway Star" startar showet, og skepsisen melder seg straks. Ian Gillan slit kraftig med vokalen, og sjølv om resten av bandet låter bra er det ingen tvil om at konserten vil bli ein kraftig nedtur dersom vokalprestasjonane skal ligge på eit slikt nivå. Men heldigvis kjem vokalisten i gang etter to-tre låtar, og kvelden er redda!

Settet er variert, og bandet plukkar låtar frå 40 med rock n'roll. Noko overraskande hadde dei funne plass til to låtar frå tida før Gillan & Glover blei med ein gong for mange herrens år sidan, deriblant "Hush" som ekstranummer. "Wasted Sunsets" frå "Perfect Strangers"-albumet var eit anna overraskande val, og tittelsporet frå "The Battle Rages on" frå 1990 fekk også vere med. Dette i tillegg til kjente og kjære "Speed King", "Space Trucking", "Black Night", og sjølvsagt den der om røyken i Sveits.

Ein herlig miks blir det, og instrumentalparti gir også herr Gillan høve til å ta nokre pust i bakken. Steve Morse er ein herlig kreativ gitarist, og der andre gitaristar spelar så fort dei berre kan i det kvarteret dei har blitt tildelt når det er solotid satser Morse på melodi og det smakfulle. Jon Lord-erstattar Don Airey er ikkje like heldig med sin sekvens, som etter min smak blir tøysete og masete, med pianoriffing og referansar til 2-300 år gamle verk. Det same skjer egentlig når konserten går mot slutten, og eg står og håpar på "Perfect Strangers" eller kanskje "Knocking on Your Back Door". Kva får vi? Jo, ein medley med rock n'roll-hits frå femtitalet. Det burde da vere heilt unødvendig for eit band med ein slik back-katalog som det Deep Purple har. Men kven veit, kanskje dei er lei av eigne låtar?

Dette er uansett bittesmå skår i gleda. Når Gillan hadde fått varma opp stemmebanda låt det absolutt akseptabelt; låtane held sjølvsagt jevnt høg kvalitet, og Steve Morse er, som eg nemnde ovanfor, ein herlig gitarist. La den småsinte mannen med hatten gjere som han vil, han er ikkje sakna så veldig her.

Ingen kommentarer: