Falsettvokal, opera, feite riff, Queen, Aerosmith og Thin Lizzy i ei fin blanding. The Darkness blei sjølvsagt utskjelt og latterleggjort, men platesalet vitna om at dei også blei elska av ganske mange. Kastratvokalist Justin Hawkins takla etter kvart ikkje sukssessen, blei for glad i punkt to av klisjekombinasjonen "sex, drugs and rock n'roll", og trakk seg frå bandet etter fullført avrusing hausten 2006.
Dermed skjedde det noko artig. Tenk deg The Darkness som ein lapskaus av element og inspirasjonskjelder frå rocken si skattekiste. Tenk deg så at du går laus på lapskausen med teskei og pinsett, og sorterer dei ulike bestanddelane på to tallerkenar. På den eine har du seige riff, tyngde, litt heksebrenning, Metallica og Thin Lizzy. I den andre gruppa plasserer du falsettvokal, eyeliner, Van Halen, synthiziserar og bleiking av hår. Begge tallerkar får så sin del av fengande og store refreng og gitarriffing. Skjønar du teikninga? Justin Hawkins tar med seg sin porsjon lapskaus, medan Richie Edwards og Dan Hawkins deler på den andre porsjonen. Etter kvart blir verda presentert for lapskaustypane Hot Leg og Stone Gods.
"Endeleg kan eg gjere det eg egentlig vil!", tenkte kvar av brødrene Hawkins. Dan og kompisen Richie lagde dermed ei samling godhardrock som fekk god omtale og kredibilitet i hardrockpressa (Kerrang!, Metal Hammer mm). Spor etter The Darkness er å høyre både her og der, men dei styrer veldig tydeleg unna den verste ekstravagansen. Singelen Don't Drink the Water rockar hardt, energisk og bombastisk, og teksten fortel ei historie om at vatnet i Spania gir deg diare eller noko i den dur:
I mellomtida har Justin Hawkins fått blondt hår, og satt saman orkesteret Hot Leg. Glam-delen av rock får no lov til å ikkje berre sitte i førarsetet, men det endatil i ein racerbil på motorvegar utan fartsgrense. Resultatet er sjølvsagt catchy som berre det, det er berre synd at litt av trøkket forsvann i synth-riffa. Humor, leik og moro er det uansett rikeleg av. For dei som hugsar ordleiken Kiss prøvde seg på på refrenget til "I just Wanna", så er det noko liknande som blir servert på den småfengande "Cocktails". Ikkje kom og sei at det der er utilsikta! Høyr låten og døm sjølv:
Motsetnader og ulike ønsker om musikalsk retning har splitta opp mange band opp gjennom historia, men det er og miksen som har resultert i god musikk. Tenk berre kva eksentrikeren Axl, punkrockaren Duff, riffmaskina Izzy og gitarhelten Slash fekk til saman, men langt ifrå like stor grad kvar for seg. Summen var betre enn dei einskilde delane. I mine øyre er det slik her også, og det same gjeld nok også med tanke på kommersiell suksess. Dei to Darkness-albuma står for meg fram som to herlege og forfriskande samlingar av breibeint og pompøs rock. Ein oase av fest i ei ellers sørgmodig rockeverd der Coldplay sprer gråt og smerte. Så får vi knise litt av broder Justin (Carnivale-pun not intended!), og veive med knyttnevane til Stone Gods medan vi venter på den uunngåelege gjenforeininga. Det går vel nokre år, men at det berre er eit spørsmål om tid seier vel seg sjølv.
Farvel
for 9 år siden
1 kommentar:
Fint at rockarane ikkje tek seg sjølv så høgtideleg lenger. Sjølv om den songen med Hot Legs var rimeleg grusom.
Legg inn en kommentar