Tid: 6.oktober 2009.
Stad: John Dee, Oslo.
Black Stone Cherry. Berre bandnamnet i seg sjølv gir beskjed om at dette er ein kul gjeng. Alt ved dette bandet er kult. Bandnamn, t-skjortene, låtane, sceneutstråling, og dei enorme mengdane hår som blir slengt veggimellom i løpet av konserten. Dette er energiske menneske som har konstruert seig og rå, men melodiøs og fenglande sørstatshardrock slik vi alle liker den.
Det var ikkje utsolgt, men relativt folksomt på John Dee, og dette var også første gongen bandet besøkte Noreg. Etter å ha blitt godt mottatt lova da også bandet å kome tilbake. Det skulle da berre mangle. To album har dei gitt ut, og desse er såpass fulle av godlåtar at å fylle halvannen time var ikkje noko utfordring. Vokalist/gitarist Chris Robertson preika i veg mellom låtane slik berre pratsomme amerikanerar kan, og gitarist Ben Wells greip også dei mogelegheitane som dukka opp til å enten skryte av publikum, eller oppfordre til liv og klapping, alt etter som.
Nemnde Ben Wells var ellers både høgt og lågt og konstant i rørsle, noko som delvis kan seiast om bassist Jon Lawhon også. Innsatsen var det ingenting å seie på. Leikne og uhøgtidelege var gjengen også. Ein uptempo versjon av ZZ Top sin klassiker "Just Got Paid" glei over ein av bandet sine eigne låtar (hugsar ikkje farten kva for ein), og før ekstranummeret "Things My Father Said" kom i gang blei eit ørlite set back takla på mest galante måte. "I am officially out of tune!" proklamerte gitarist Wells etter to sekund med sur gitarintro. Medan seksstrengeren blei stemt (ein har ikkje tjent nok pengar til å ha reservegitarar konstant ståande klar med andre ord) drog bandet ein spontan coverversjon av ein gammal sørstatslåt som det var noko kjent med, men som eg dessverre heller ikkje har tittelen på her og no.
"Things My Father Said" kom uansett til slutt, og er ei flott ballade som samstundes går godt saman med fengande rockers som "Blind Man" og "Lonely Train". Ta det beste frå Lynyrd Skynyrd, Aerosmith og kanskje litt Deep Purple, legg til litt tyngde i riffinga, cathcy refreng og gitarsoloar av beste merke, og du har Black Stone Cherry. Dritkult er det.
Farvel
for 9 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar