Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: Manowar, Holyhell, Testament, W.A.S.P.,Backyard Babies, m.fl.

W.A.S.P. med Blackie Lawless i spissen hadde bytta plass med Testament, og stod dermed klar så tidleg som kvart på seks. Lawless ser ikkje ut til å verte lei av turnèlivet med det første, og ser da også ut til å like seg på scena. Så får ein heller tilgi bassist Mike Duda for at han ser ut til å kjede seg litt undervegs i konserten. Etter høvevis platepromotering og ny-promotering av "The Crimson Idol" frå 1992 dei to foregåande turnèane bandet hadde i Norge, var det igjen ei greatest hits-samling som stod på plakaten i Kvinesdal. Dette var nok også forventa av publikum, så det var neppe nokon som var skuffa etter konserten. "Widowmaker" var det einaste kanskje mindre opplagte valet, og "Take Me Up" frå forrige album blei også framført. Dette er ein kjempelåt, og bandet kunne med fordel plukka med enda fleire låtar frå denne plata. Vidare turte ikkje Blackie å utelate verken "Wild Child", "Chainsaw Charlie", "I Wanna Be Somebody", "L.O.V.E. Machine", "The Idol" eller sistenummeret "Blind in Texas".

Vi fekk også ein intens introduksjon til The Idol, med referansar til idoldyrking og Michael Jackson. "Don't put anybody on the pedestal!" oppfordra han til stor jubel, sjølv om eg skulle likt å sett kor mange blant publikum som kunne oversette dette franske lånordet på sparket ... Bodskapet hans kom nok uansett fram. Litt rampelys kan ein nok uansett mistenke også den godaste Blackie Lawless for å trivast med. Dei siste åra har han i aukande grad nytta både scena, pressekonferansar og nettet til å ytre sterke meiningar om alt frå platebransjen til Irak-krig og seinare Barack Obama. Han blir aldri Bob Dylan, men så lenge engasjementet resulterer i så bra låtar som "Heaven's Hung in Black" frå to år tilbake, er alt godt. At ein frontfigur ikkje ser ut til å mistrivast på scena er jo også alltid ein god ting. Så får ein heller tilgje bassist Mike Duda for å sjå ut til å til tider kjede seg på scena i løpet av konserten.
Ny plate var også på gang fekk vi høyre, og dermed blir det nok ny Norgesturnè frå bandet, som i praksis er Blackie Lawless Band ("The Widowmaker" blei presentert som ein låt "from my second album"...). Dersom den nye plata er like god som den forrige ("Dominator" frå 2006), og Blackie L framleis ikkje plagast av å framføre sine gamle hits, ser vi fram til det med både glede og entusiasme!
Trash-veteranane i Testament stod dermed for tur. Dette bandet har eg aldri hatt det veldig nære forholdet til, men "The Formation of Damnation" frå 2008 imponerte meg nok til å sjekke ut konserten i Kvinesdal. Det blei ei oppleving midt på treet. Testament er veldig gode på tight, groovy og tung thrash metal, og det viste konserten i Kvinesdal til fulle. Framfor scena fekk ein mosh-pit også lov til å eksistere i nokre låtar før vaktene forstod at dette var meir irriterande enn artig for fleirtalet av publikum. Når det gjeld musikken så fenga det ei god stund, men for underteikna framstår bandet som litt vel einsformig. Fett som fy altså; ei stund.
Amerikanske Holyhell var med som "special guests" for Manowar, og hadde dermed fått tre kvarters speletid rett før headlineren. Bandet har sikta seg inn på melodiøs metal med lys kvinnevokal, og går dermed etter kvart i ganske mange sine fotspor. Som oppvarming til The Gods of Metal blei dette også relativt kjedeleg. Pent og pynteleg, melodiøs og til tider fengande, men altså kjedeleg. Kanskje var det bandnamnet som gav bandet idèen om å covre "Holy Diver", men det var uansett ingen god idè. Men. Manowar stod for tur.

At ein gjeng med heavy metal- og festivalfans på sørlandet har klart å få i stand eit arrangement der dei får Manowar som headliner er intet mindre enn imponerande. Det kosta nok nokre kroner, men det medførte verdifull publisitet og ein mengde besøkande frå både inn- og utland. Eit sabla show var varsla på førehand, så forventningane var nok store blandt ganske så mange i publikum.
Så var det spørsmålet om konserten stod til forventningane da. Manowar er eit fenomen, og dei speler rollene sine til fulle slik dei alltid har gjort. Låtane representerer heavy metal i si reinaste form, ubesudla av progressive element, meiningsfulle tekstar eller andre faktorar som ein kunne risikere at skulle ta fokus vekk frå hovudbodskapen. Og som alle veit er bodskapen at heavy metal er meininga med livet, og at ikkje-fans av metal er puddingar. Vi som var på konserten er jo dermed per definisjon sjølvsagt ikkje puddingar, men "true heavy metal warriors", og det er jo ein kompliment å ta med seg! Roperefreng og knyttnevar i vèret, ein eviglang bassolo, og gitarriff tøffare enn toget. Det blei rett og slett riktig så kult.
I tillegg til musikk, bestod konserten av, slik ein Manowar-konsert tydelegvis ofte gjer, av diverse...ja, andre ting. Arrangørkomitèen blei skrytt opp i skyene og fekk kome på scena for å motta hyllest. Det same gjaldt ordføraren i Kvinesdal, som blei presentert som "a true heavy metal mayor". 30-40 dansande ungjenter fekk kome på scena, og ein ivrig publikummer fekk kome på scena for å vise at han ikkje kunne spele gitar. For dette fekk han (u)fortent nok behalde gitaren. Forsåvidt underhaldande, og at arrangørane fortener skryt herskar det ingen tvil om. Men det tok no si tid da. Så kan ein diskutere i det vide og det breie om det heile øydela drivet og dynamikken i konserten. For min del er ein Manowar-konsert uansett eit show, med skodespel og rollefigurar. At den eine og den andre blir dradd opp på scena blei dermed ein meir eller mindre naturleg del av showet. 16 låtar framførte dei likefullt, så i sum blei årets Norway Rock-fredag avslutta med eit både underhaldande og langvarig show.

"Which band do you want to come back next year?!?" blei det ropt frå scena. Svarer var eintydig og runga høgt og tydeleg over sletta. No er det vel verken realistisk eller særleg spennande å ha Manowar på festivalen kvart år, men lista er uansett lagt høgt no, så vi ventar i spenning på kven som skal ta over stafettpinnen til neste år.
1 kommentar:
Mycket bra skrivet och jag tror vi har mycket av den samme oppfattningen om det mesta...
//Yksi
Har lite bilder ifrån NR 2009 ligger på http://photo.yksico.com samt på http://www.festivalphoto.net/index.php?page=2&festivalID=482 (Hvis du tycker att linkarna är too much, så slett dem...)
Legg inn en kommentar