Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: In Flames, Sonata Arctica, Arch Enemy, Silver, m.m.
Eit stjernelag av heavy metal-heltar, arrangørar som lyttar på innspel frå publikum og som tar arrangørrolla alvorleg, og auka merksemd i pressa. Fjerde runde med Norway Rock Festival (tidlegare Kvinesdal Rock Festival) låg an til å bli eit sjumilssteg mot festivalhimmelen. Og sjølvsagt blei det det.

Opningsdagen på torsdag 9.juli var den einaste dagen med fri aldersgrense, og publikum var dermed delt i to med ei avsperring som gav begge avdelingar god plass. Oppmøte og stemning var god på begge sider, og det første bandet eg følte for å sjekke ut var Arch Enemy. På overflata skiljer dette bandet seg ut av ein årsak; vokalist Angela Gossow er som namnet hintar om, ei kvinne, og ho brøler death metal-vokal på ei vel så kraftfull måte som sine mannlege kolleger. Bandet kan det dei driv med, og Angela er ein god og engasjerande frontfigur som får publikum med seg, men for meg framstår det heile likevel som litt kjedeleg.
Neste band ut var våre finske vodkafans i Sonata Arctica. Etter å ha styrt unna landet vårt dei første åra ar turnèverksemda, har Sonata skjønt at glad-metallen deira har mange fans her. Oslo-besøk tre år på rad, pluss altså ein festival-gig har dermed blitt resultatet av det. Dei to foregåande gangane eg har sett dette bandet har dei levert stemningsfull og melodiøs power metal-hits og sendt meg heim med eit smil om munnen. Dei har da også etter kvart ei rekke gode låtar å velge mellom, og har gjort det til ein vane å veksle ein del på setlista. Godlåtar som ”The Cage” og ”Victorias Secret” var dermed utelatt denne kvelden, men ”Replica” var henta inn igjen. Denne blei ein høgdepunkt på konserten. Balladen ”Draw Me” derimot fungerte ikkje live, og blei dørgande kjedeleg. ”8th Commandment” blei for reindyrka power metal utan spenningsmoment eller melodi. ”Don’t Say a Word” var sistenummeret, og er etter min smak ein middels-pluss Sonata-låt. ”Caleb” frå det siste albumet er faktisk hakket betre.

Totalt sett blei konserten litt svekka av ei litt slapp setliste. Det såg likevel ut til at mange, spesielt på U-18-avdelinga koste seg, men personleg har eg hatt betre opplevingar med dette bandet.

Svenske In Flames var henta inn som torsdags-headliner, og lysshow og pyro til X hundre tusen kroner var varsla. Som nemnt i eit anna innlegg her, blir nok dette aldri blant mine favorittband, men denne kvelden var eg innstilt på å sjekke ut showet deira. Og snakk om å bli positivt overraska! Eg kjenner ikkje låtmaterialet og kan ikkje vise til enkeltlåtar, men settet totalt sett var spekka av melodiøs metal av beste sort. Growle-vokalen kan vere ein terskel for ikkje-fans av death metal-sjangeren, og er det dels for min del. Men live blei ikkje denne det mest markante for lydbiletet, noko som for min del blei ein fordel for totalopplevinga. Storskjermane og og lerretet bak bandet blei utnytta til fulle, mellom anna til lyseffektar og skinnande silhuettar av bandmedlemene. Store mengder pyro blei fyrt av omtrent gjennom heile konserten. Og publikum var sjølvsagt storfornøgd. Dette bandet gir fansen eit show. All ære til dei for det. Eg skal no gi dette bandet ein sjanse til, utan eg egentlig trur at så veldig mange In Flames-låtar kjem til topps på playlista mi. Men som liveband var dei gode. Veldig gode.

Sørlandske Silver avslutta torsdagen, med nachspiel-konsert i ølteltet. Energisk glam-punk-hardrock var det vi fekk servert, og det med ein av dei kanskje tre mest energiske frontfigurane på årets festival. I mangel på bombene og granatane som In Flames nettopp hadde fyrt av, rava vår helt febrilsk rundtomkring, og dekka kvar einaste kvadratcentimeter av den vesle scena i løpet av konserten. Mykje energi, brukbart trøkk, men ikkje nok til å løfte taket heilt.

Totalt sett ein opningsdag på det jevne med andre ord, med In Flames som eit høgdepunkt. Festivalleiinga skal likevel ha skryt for eit godt og gjennomtenkt program på den eine dagen då også den yngre garde av rockefans fekk delta på moroa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar