Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: m.fl. Nightwish, Doro, U.D.O., Sirenia, Sahg, Sister Sin, Valentourettes, m.fl.

Etter eit par dagar med sol og varme kom sjølvsagt regnet på avslutningsdagen. Og det var heller ikkje lite nedbør som fann vegen ned på festivalområdet. Sister Sin var førstebandut, og med rocken kom regnet. Halvvegs ut i konserten fekk vi dermed sjå om dei oppmøtte var imponerte nok til å bli ståande til tross for at fleirtalet på det tidspunktet ikkje var budde på vassdropar. Og det var dei. Noko glissent var det sjølvsagt så tidleg på dag, men dei som var der såg ut til å trivast godt med det dei fekk høyre. Bandet leverte frisk og rett-i-trynet heavy rock med attituden og trøkket til Motörhead saman med vokalen og refrenga til Mötley Crüe. Inspirasjonskildene blei også hedra med kvart sitt covernummer, høvevis ”Make My Day” og ”Live Wire”. Vokalis Liv var høgt og lågt, med eit energinivå som stod i stil med musikken. Ein herlig og forfriskande konsert, med eller utan regn.

Vestlandsbaserte Sahg stod deretter for tur. Mange av notidas hardrock- og metallband har i større eller mindre grad ein dæsj Black Sabbath i seg. Men ikkje alle klarar å utnytte dette samstundes som dei tilfører noko eige på ein like deilig måte som Sahg. Seige riff og dommedagsvokal, saman med ein aning psykedelia gjer ein konsert med Sahg til ein nytelse. Regnet fortsette å lave ned, men no var regnfrakkane og ponchoane funne fram.

Dessverre klarte likevel ikkje bandet å få publikum heilt med seg, og det blei noko tamt etter kvart. Publikumsoppmøtet var også rimeleg slapt, som på dei to foregåande konsertane. Regnet får ta noko av skulda, men desse banda hadde likevel fortent betre.
U.D.O. fungerer framleis, slik hovudpersonen sjølv har sagt, som ein naturleg fortsettelse av Accept etter at herr Dirkschneider forlot bandet midt på åttitalet. Bandet var headliner og drog nok ein god del publikummerar på den første festivalen i Kvinesdal for tre år sidan, og skal faktisk derfor få bittelitt av æra for at festivalen har kunna bli til og vokse slik den har gjort. Vår ven hadde denne gongen, som sist, med seg dei kjente og kjære hitsa frå Accept-åra (”Metal Heart”, ”Balls to the Wall”, ”Princess of the Dawn”), og miksa desse saman med sangar frå U.D.O. som like gjerne kunne vore spela inn av Accept (”They Want War”, ”Man and Machine”, ”Thunderball”, ”Animal House”). Eit herlig sett av klassisk heavy metal slik den blei definert til å vere i stordomstida rundt skiftet mellom 70- og 80-talet. Publikum hadde endeleg funne vegen ut på konsertområdet, og sang med på den eine klassikeren etter den andre (det var sikkert bra oppmøte på Skambankt også, men den konserten holdt eg meg unna då eg rett og slett ikkje liker bandet ...).

Udo Dirkscheider sin retur til det norske sørland blei dermed ein suksess. Som konsertopplevinga vil eg likevel seie at det var vel så kult med Accept-hits over sletta i 2006. Festivalen var splitter ny, bitteliten, og det var nærmast litt eksklusist å ha funne fram til Kvinesdal på kartet. Mørket hadde senka seg, og seint på lørdagskvelden entra hovudpersonen scena i ein lang skinnfrakk, etter at eit tusentals publikummerar nærmast umerkeleg hadde funne vegen den til da nesten-tomme sletta framfor scena. Dette vart ein digresjon, og samanlikninga er sjølvsagt urettferdig. Festivalen har vokst til å bli ein skikkeleg festival på alle måtar, og det må nok også ha vore artig for tyskaren på scena å observere utviklinga, og underhalde 5-6 gongar så mange fans som tre år tidlegare på same stad.
Før konserten med Doro Pesch kom eg opp i ein diskusjon om i kva grad den føreståande konserten ville vere verdt å få med seg. ”Ho har den der ”aaall we aare, all we aaaare, we aaare!” Den er tøff! Men så … ikkje så mykje meir” blei vi vel dels einige om. Og etter konserten står eg egentlig framleis for den konklusjonen. Men sjølv om dei einskilde låtane er intetsigande, var konserten ein av festivalen sine store positive overraskingar! Dama var full av energi, og headbanga meir i løpet av ein tilfeldig valgt låt enn det ein gjennomsnittspublikummer gjorde i løpet av heile konserten. Kvifor Doro var sett opp på konsertprogrammet etter U.D.O. veit eg ikkje, men legg ein utstråling og entusiasme til grunn resulterte rekkefølga definitivt i stigning i programmet. Misforstå meg rett: Udo er ein kul kis med godt grep om publikum. Men han står no berre der da. Uansett blei Doro-konserten ein heavy metal-fest med låtutval frå tida i Warlock på 80-talet, saman med eit lite knippe låtar frå den aller siste plata, som var klar for sal tidlegare i år. Alt var ikkje like fengslande, men det fungerte veldig godt i denne settingen.

Nightwish hadde fått æra av å stå for årets siste konsert på hovudscena i Kvinesdal, og sjølv om ein fann delte meiningar om dette valet på nettet, er bandet uansett eit av notidas mest kjente og populære metalband i heile verda. Ny vokalist har vist seg å ikkje endre på dette faktum i den eine eller andre retningen. Men at bandet er endra med svenske Annette Olzon som sangerske i staden for Tarja Turunen herskar det liten tvil om. Den eine plata bandet har rukke med Olzon på vokal manglar mellom anna naturleg nok den opera-inspirerte vokalen som Tarja var så glad i å vise fram.
Om det var ein del av planen for å markere avstand til den forrige vokalisten eller kva er ikkje godt å vite, men Annette Olzon entra uansett scena i Kvinesdal med nyfarga blondt hår. Uavhengig av tanke bak: Dette var eit merkeleg val. Der Tarja stod for operavokal, mystikk og dramatikk, har vokalstil saman med moves og opptreden i videoar plassert Annette nærmare pop enn metal. Denne hårfargen forsterka berre det inntrykket. Konserten stadfesta også det eg egentlig visste frå før: Nightwish er blitt eit meir ordinært band. Elsk dei eller hat dei, men før byttet av vokalist hadde dei i alle høve eit særpreg. Når det er sagt var ikkje konserten så aller verst. Bandet har holdt på ei stund, og har mange gode låtar å plukke mellom. Gamle traverar som ”Dead to the World” og ”Wishmaster” passa godt saman med nyare val som ”Nemo”, ”Dark Chest of Wonders” og ”Wish I Had an Angel”. Fire av tretten låtar var frå den nyaste plata, så som den i overkant tilgjengeleg ”Amaranth”. Ei halvering av dette talet, i tillegg til å ha framført den fabelaktige ”Ghost Love Score” som stod på setlista tidlegare i år, ville ha gjort konserten enda betre. Ei godkjent avslutning på ein god festival.
Festivalen var likevel ikkje heilt slutt då Nightwish tusla av scena. I ølteltet, - eller på Tjodolf Rock Stage, stod Valentourettes klare med schlägers frå Jokke-katalogen sin. ”En dag”, ”Her kommer vinteren”, ”Øl” og ”Gutta”. Joda, vi har alle høyrt dei, og dei som ikkje var hese frå før, fekk skrike frå seg på denne konserten. Dette var faktisk første gong eg har fått sett denne gjengen, og at dei kan å lage fest er det ikkje tvil om, men så har dei jo også ein takksam oppgåve med det låtutvalet. Eit godt tilbod til dei som ikkje hadde fått nok fest, sjølv om eg trur nok at eg hadde hatt det meir moro med denne gjengen på eit anna tidspunkt utan tre dagar med trasking, regn og teltliv med meir bak meg.
Dermed var også den festivalen slutt. Litt diverse på verfronten, og framleis litt lite tilfredsstillande mattilbod, men ein kjempesuksess med tanke på publikumsoppmøte og det musikalske. Lykke til med neste års festival, folkens! Eg kjem attende.