lørdag 14. november 2009

Konsert: Porcupine Tree

Tid: 23.oktober 2009.
Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Lokalet var stappfullt av prog.fans, og det seriøse orkesteret leverte ei lang forestilling i to akter. Første halvdel var via det nyutgjevne konseptalbumet The Incident, og etter nøyaktig 10 minutters pause (nedtellinga føregjekk på storskjerm!) kom bandet tilbake og leverte utvalde verk frå back-katalogen. Ikkje det bandet eg har høyrt mest på, men ein absolutt godkjent konsert. Spesielt i del to dukka det opp gode enkeltlåtar, medan del ein til tider kunne bli litt langdryg med litt for mange uinteressante mellomparti. Desse har som kjent ein lei tendens til å dukke opp på konseptalbum, utan at dei av den grunn bør framførast på konsert.

Ingen billettar var å oppdrive den siste månaden før konserten, og frå den massive trampeklappen før ekstranummera å dumme var publikum godt nøgde. Ein kledeleg arrogant Steven Wilson øydela neppe for dette (”I don’t care what you’re shouting, we’re still gonna play what’s on this list!”)

mandag 26. oktober 2009

Konsert: Jorn

Tid: 10.oktober 2009.
Stad: Glassheim, Jevnaker.

I løpet av hausten 2009 vil W.A.S.P, Doro Pesch, The Wildhearts og Kingdom Come ha stukke innom eit bygdehus turned rockeklubb på verdas navle Jevnaker. Og det er imponerande. JORN er etter kvart også eit internasjonalt kjent namn i dei rette kretsane, men med tanke på mellom anna reisetid kan ein vel ikkje seie det er like imponerande at Lande med band dukkar opp og leverer eit sett kvalitetsrocknroll.

For det er det ein får med Jørn Lande. Kvalitet. Mannen kan synge slik David Coverdale hadde gitt begge tomlane for å framleis klare, og ein kan ikkje akkurat klage på resten av bandet heller. RockeCowboy Tore Moren har vore med nokre år no, og er like kul som alltid, medan gitaristkollega Jørn Viggo Lofstad har takka for seg. Erstattar er Tor Erik Myhre, som visstnok var eit av idola til ein oppvoksande Lofstad, og som etter ein rockepause på nokre år der familieliv var viktigast no var klar for rock n'roll igjen. I alle fall viss ein skal tru mellomlåtpjattinga til Jørn L. Vokalisten kom etter kvart var i eit ganske så humoristisk humør for kvelden, og dess lenger uti konserten ein kom, dess meir øldrikking og vitsing blei det. Moro nok, og det gjekk jo ikkje akkurat utover kvaliteten på musikken. 10 poeng går også til den sicilianske bassisten Nic Angileri for dagens mest energiske sceneopptreden. Fyren såg i alle fall ut til å ha det moro sjølv, om ikkje han fekk med seg så veldig mange blant publikum på dans og taktklapping.

Jørn Lande og kompani spyr ut plater, og turnerer konstant. Ein kan i alle fall fort få det inntrykket. Resultatet blir i alle fall at det etter kvart er nok av låtar å velge mellom når set lista skal settast saman. Litt blandings frå dei siste platene blir det dermed. Jevnt over trøkker alt bra, men det er likevel eit faktum at ein del av materialet til bandet er litt for forutsigbart og kjedelig. Ei knallåt som "Stormcrow" blei spela, medan andre perler som "The Duke" og "Out to every Nation" blei hoppa over. Det er greit nok at den siste plata skal promoterast, men bandet hadde nok tent på å halde på fleire av godlåtane frå tidlegare album for å gi gjenkjenningseffekt. Høyrest det her ut som at eg ikkje har høyrt så nøye på dei to siste platene, og dermed ikkje kjenner låtane derifrå så godt, så innrømmer eg glatt at det stemmer. Men det er fordi eg ikkje synest dei er like bra som dei to foregåande platene. Så sånn er det.

Soloar fikk vi og. Til dei grader. Begge gitaristane veit jo kva dei driver med, men så veldig spennande blei ikkje onanisekvensane deira. Og trommis-Willy fekk sine 15 minutt i rampelyset nærmast som eit ekstranummer. Vokalisten vår fekk i alle fall kvilt stemma si! Eit par covers blei også levert mot slutten, slik bandet har for vane å gjere. "Are You Ready" (Thin Lizzy) og "Stormbringer" (Deep Purple) gav i alle fall gjenkjenningseffekt, sjølv om eg personlig heller kunne tenkt meg "Stargazer" eller noko anna av Rainbow, men dette blir da pirking. Sorry.

Alt i alt ein fin kveld likevel, sjølv om eg har hatt det meir moro med Jørn Lande ved tidlegare høve.

lørdag 24. oktober 2009

Konsert: Slade

Tid: 8.oktober 2009.
Stad: Rockefeller, Oslo.

Gamle menn rockar best. Ja, sjølvsagt gjer dei det. Gitarist og originalmedlem Dave Hill held framleis liv i legendariske Slade. Hill er dermed saman med trommis (og originalmedlem) Don Powell alibiet for å kalle bandet nettopp Slade. Og det er greit det. Alternativet er vel null Slade, og denne kvelden ville eg ikkje ha vore foruten. Så får ein heller ignorere det faktum at brorparten av dei meste kjende Slade-hits er signert eks-frontfigur Noddy Holder saman med eks-bassist Jim Lea...

Publikum var definitivt i feststemning, og hitsa kom på rekke og rad. "Coz I Luv You", "Gudbuy T'Jane", "Mama Weer All Crazee Now", "My Oh My" og "Cum On Feel The Noize". Dette bandet har definitivt slått eit slag for dyslektikarane blant oss. Og låtane har aldrast med stil. Framføring er rå og upolert, og trommis Powell ser ut som om han skal falle om av overanstrengelse kva tid som helst. Men det går bra, han held ut, og Dave Hill styrer showet med dansing og tullball. Stadige turar opp på monitoren må også til for at den lille mannen skal få oversikt over lokalet.

Litt somling med å komme meg ut døra denne torsdagen gjorde at eg gjekk glipp av starten av konserten, men alle nemnde låtar kom på rekke og rad utover i konserten, så da savna eg egentlig ingenting. Og da "Cum On Feel The Noize" runga over lokalet kunne jo kvar og ein lure litt på kva slags eventuelt ekstranummer som skulle toppe dette. Men sjølvsagt fiksa dei det og. Dette bandet har skrive ein låt som faktisk framleis dukkar opp på den britiske singellista med ujamne mellomrom, 29 år etter første gong. Vi snakkar da sjølvsagt om julesongen over alle julesongar. "Merry Xmas Everybody"!

Så da kjem nisseluene fram, og så drar dei den. "Especially for you! Since it's not long till Christmas!" Berre bull sjølvsagt, den var sistelåt på Sweden Rock-gigen i 2004 også hugsar eg (midt i juni!), og den er vel sistelåt på dei fleste konsertar. Moro er det uansett! Feel The Noize.

mandag 19. oktober 2009

Konsert: Black Stone Cherry

Tid: 6.oktober 2009.
Stad: John Dee, Oslo.

Black Stone Cherry. Berre bandnamnet i seg sjølv gir beskjed om at dette er ein kul gjeng. Alt ved dette bandet er kult. Bandnamn, t-skjortene, låtane, sceneutstråling, og dei enorme mengdane hår som blir slengt veggimellom i løpet av konserten. Dette er energiske menneske som har konstruert seig og rå, men melodiøs og fenglande sørstatshardrock slik vi alle liker den.

Det var ikkje utsolgt, men relativt folksomt på John Dee, og dette var også første gongen bandet besøkte Noreg. Etter å ha blitt godt mottatt lova da også bandet å kome tilbake. Det skulle da berre mangle. To album har dei gitt ut, og desse er såpass fulle av godlåtar at å fylle halvannen time var ikkje noko utfordring. Vokalist/gitarist Chris Robertson preika i veg mellom låtane slik berre pratsomme amerikanerar kan, og gitarist Ben Wells greip også dei mogelegheitane som dukka opp til å enten skryte av publikum, eller oppfordre til liv og klapping, alt etter som.

Nemnde Ben Wells var ellers både høgt og lågt og konstant i rørsle, noko som delvis kan seiast om bassist Jon Lawhon også. Innsatsen var det ingenting å seie på. Leikne og uhøgtidelege var gjengen også. Ein uptempo versjon av ZZ Top sin klassiker "Just Got Paid" glei over ein av bandet sine eigne låtar (hugsar ikkje farten kva for ein), og før ekstranummeret "Things My Father Said" kom i gang blei eit ørlite set back takla på mest galante måte. "I am officially out of tune!" proklamerte gitarist Wells etter to sekund med sur gitarintro. Medan seksstrengeren blei stemt (ein har ikkje tjent nok pengar til å ha reservegitarar konstant ståande klar med andre ord) drog bandet ein spontan coverversjon av ein gammal sørstatslåt som det var noko kjent med, men som eg dessverre heller ikkje har tittelen på her og no.

"Things My Father Said" kom uansett til slutt, og er ei flott ballade som samstundes går godt saman med fengande rockers som "Blind Man" og "Lonely Train". Ta det beste frå Lynyrd Skynyrd, Aerosmith og kanskje litt Deep Purple, legg til litt tyngde i riffinga, cathcy refreng og gitarsoloar av beste merke, og du har Black Stone Cherry. Dritkult er det.

Konsert: Åge Aleksandersen med Sambandet

Tid: 11.september 2009.
Stad: Rockefeller, Oslo.

Ein månad på førehand, midt i august, var denne konserten utsolgt. Billettane til ekstrakonserten dagen etter blei også rivne bort på kort tid. Årsaken til dette kunne ein sjå ved å ta eit overblikk over publikumet på Rockefeller denne fredagskvelden i september. Dette var ikkje konserten for spesielt interesserte; her hadde Gud og hvermann sparka seg sjølv ut av sofaen. Godt voksne ektepar, i stemning etter raudvinen på restaurantbesøket stod her side ved side med 18-åringar i festmodus, rockefans i 20-åra, utflytta trønderar i alle aldrar, og til og med ein gjeng som hadde køyrt heile den bisarre turen frå Namsos til Oslo for å gå på Åge-konsert...

Før eg vidare går inn på kvelden sitt innhald vil eg poengetere at eg er ingen trønder, eg har egentlig ikkje noko spesielt forhold til reportoaret til gamle Aleksandersen, og eg hadde dermed ikkje overraskande problem med å namnsette brorparten av låtane undervegs i konserten. Eg var likevel positivt innstilt til konserten på førehand, då eg hadde ein mistanke om at dette uansett ville bli Rock med stor R, trøkk og god lyd.

Eg tok ikkje feil.

SamBandet heldt på i rundt rekna to og ein halv time før dei tok kvelden, med godbitar til alle og ein kvar. Aller best låt det når gjengen på åtte mann serverte rock a la "Min Dag" og mid-tempo låtar som "Rosalita", og i ein så lang konsert var det god plass til rock n'roll. At det til tider stod fire gitaristar på scena framstod likevel som relativt meiningslaust, men det er vel slik dei har gjort det dei siste 100 åra. Lyden er rein og fin, og det som skal høyrast blei høyrt, så da er det vel ingenting å klage på.

Eller... Det blir jo noko traurigt med alle balladane då. Sånn som den mest kjende av dei alle. Så må de berre spør meg kva eg gjorde på ein Åge Aleksandersen-konsert dersom eg ser på klokka og keiar meg under "Lys og Varme", og tar ein tur på do når han vil "Dainns med mæ". Eg synest eg har svart på det i avsnittet ovanfor. To timar kvalitetsrock rettferdiggjer turen. Pluss "Levva livet". Det finnast ikkje betre norsk rockelåt å avslutte ein konsert med.

søndag 11. oktober 2009

Konsert: Metal Prog Fest

Tid: 21.august 2009
Stad: Smuget, Oslo
Program: Circus Maximus, Seventh Wonder, Illusion Suite

Hovudoppdraget denne kvelden var å gje Seventh Wonder ein ny sjanse etter den grumsete konserten på årets Sweden Rock Festival. Denne sjansen fekk dei på grunn av ein sterk mistanke om at akustikken i Gibsontelten var ein viktig årsak til den elendige lyden på SRF-konserten.

I ein bisetning kan det nemnast at først underheldt Oslobandet Illusion Suite med teknisk og melodiøs, men forsåvidt uspennande progressiv metal. God lyd, gode musikarar, men ein vokalist som tydeleg sleit på dei høgste tonane. Greit nok. Ikkje noko meir.

Idet Seventh Wonder starta sin konsert derimot var det tydeleg at dette kom til å bli ein riktig så triveleg kveld. Lyden var krystallklar og deilig, og ein kunne tydeleg sjå entusiasmen blandt publikum. Til prog.metal-band å vere har Seventh Wonder gode, fengande og til dels allsangvennlege einskildlåtar, noko som vises tydeleg på publikumsresponsen samanlikna med meir "typiske" prog.metal-konsertar der det er meir fokus på lytting enn på hender i veret og entusiasme. Sagt på ein anna måte så har bandet vel så mykje til felles med tilgjengeleg power metal som Sonata Arctica som med Symphony X.

Rundt halvparten av låtane var frå fjorårets "Mercy Falls"-album, med ekstranummeret "The Black Parade" som eit høgdepunkt. Bassist Andreas Blomqvist poserte villig vekk for fotografane med festlige grimasar, og det gode låtmaterialet kom verkeleg til sin rett denne kvelden.

Tre konklusjonar kunne dermed dras, der den første egentleg ikkje var ny: 1) Smuget er eit godt konsertlokale med god akustikk, 2) Gibsontelten på SRF er ein dårleg konsertlokale med håpløs akustikk, og 3) Seventh Wonder er eit godt live-band.

Kvelden var dermed redda, men vi fekk da likevel med oss tre låtar med Circus Maximus før vi vandra vidare. Lyden var skrudd opp, utan at dette gjekk ut over kvaliteten. Bandet framstod som ein proff gjeng, og at vokalist Michael Eriksen har høyrt mykje på Geoff Tate finnast det ingen tvil om. Og det er ikkje noko negativt, så lenge han fiksar det så bra som han faktisk gjer. Starten av konserten gav dermed eit godt inntrykk, men å toppe Seventh Wonder-høydaren låg det ikkje an til at gjengen skulle gjere idet vi tusla ut i Rosentkrantz gate denne milde augustkvelden.

mandag 20. juli 2009

Norway Rock Festival 2009 - dag 3

Tid: 11.juli 2009.
Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: m.fl. Nightwish, Doro, U.D.O., Sirenia, Sahg, Sister Sin, Valentourettes, m.fl.


Etter eit par dagar med sol og varme kom sjølvsagt regnet på avslutningsdagen. Og det var heller ikkje lite nedbør som fann vegen ned på festivalområdet. Sister Sin var førstebandut, og med rocken kom regnet. Halvvegs ut i konserten fekk vi dermed sjå om dei oppmøtte var imponerte nok til å bli ståande til tross for at fleirtalet på det tidspunktet ikkje var budde på vassdropar. Og det var dei. Noko glissent var det sjølvsagt så tidleg på dag, men dei som var der såg ut til å trivast godt med det dei fekk høyre. Bandet leverte frisk og rett-i-trynet heavy rock med attituden og trøkket til Motörhead saman med vokalen og refrenga til Mötley Crüe. Inspirasjonskildene blei også hedra med kvart sitt covernummer, høvevis ”Make My Day” og ”Live Wire”. Vokalis Liv var høgt og lågt, med eit energinivå som stod i stil med musikken. Ein herlig og forfriskande konsert, med eller utan regn.


Vestlandsbaserte Sahg stod deretter for tur. Mange av notidas hardrock- og metallband har i større eller mindre grad ein dæsj Black Sabbath i seg. Men ikkje alle klarar å utnytte dette samstundes som dei tilfører noko eige på ein like deilig måte som Sahg. Seige riff og dommedagsvokal, saman med ein aning psykedelia gjer ein konsert med Sahg til ein nytelse. Regnet fortsette å lave ned, men no var regnfrakkane og ponchoane funne fram.

Festivalleiinga i Kvinesdal hadde før festivalen vore flinke til å booke gode nordiske hardrock- og metallband. Sirenia var nok eit døme på dette. Gotisk metal har fått etter kvart fått diverse subgenrer og avartar, men det Sirenia representerer sjangeren slik den er på sitt beste slik eg ser det. Isdronning Ailyn stod med si glasklare røst for det meste av vokalen på denne konserten, med enkelte bidrag frå gitarist og låtskrivar Morten Veland. Kombinasjonen av dei to vokalane, stemningsfulle og vakre låtar og det mørke gitar- og synthbakteppet fungerte dermed godt.

Dessverre klarte likevel ikkje bandet å få publikum heilt med seg, og det blei noko tamt etter kvart. Publikumsoppmøtet var også rimeleg slapt, som på dei to foregåande konsertane. Regnet får ta noko av skulda, men desse banda hadde likevel fortent betre.

U.D.O. fungerer framleis, slik hovudpersonen sjølv har sagt, som ein naturleg fortsettelse av Accept etter at herr Dirkschneider forlot bandet midt på åttitalet. Bandet var headliner og drog nok ein god del publikummerar på den første festivalen i Kvinesdal for tre år sidan, og skal faktisk derfor få bittelitt av æra for at festivalen har kunna bli til og vokse slik den har gjort. Vår ven hadde denne gongen, som sist, med seg dei kjente og kjære hitsa frå Accept-åra (”Metal Heart”, ”Balls to the Wall”, ”Princess of the Dawn”), og miksa desse saman med sangar frå U.D.O. som like gjerne kunne vore spela inn av Accept (”They Want War”, ”Man and Machine”, ”Thunderball”, ”Animal House”). Eit herlig sett av klassisk heavy metal slik den blei definert til å vere i stordomstida rundt skiftet mellom 70- og 80-talet. Publikum hadde endeleg funne vegen ut på konsertområdet, og sang med på den eine klassikeren etter den andre (det var sikkert bra oppmøte på Skambankt også, men den konserten holdt eg meg unna då eg rett og slett ikkje liker bandet ...).


Udo Dirkscheider sin retur til det norske sørland blei dermed ein suksess. Som konsertopplevinga vil eg likevel seie at det var vel så kult med Accept-hits over sletta i 2006. Festivalen var splitter ny, bitteliten, og det var nærmast litt eksklusist å ha funne fram til Kvinesdal på kartet. Mørket hadde senka seg, og seint på lørdagskvelden entra hovudpersonen scena i ein lang skinnfrakk, etter at eit tusentals publikummerar nærmast umerkeleg hadde funne vegen den til da nesten-tomme sletta framfor scena. Dette vart ein digresjon, og samanlikninga er sjølvsagt urettferdig. Festivalen har vokst til å bli ein skikkeleg festival på alle måtar, og det må nok også ha vore artig for tyskaren på scena å observere utviklinga, og underhalde 5-6 gongar så mange fans som tre år tidlegare på same stad.

Før konserten med Doro Pesch kom eg opp i ein diskusjon om i kva grad den føreståande konserten ville vere verdt å få med seg. ”Ho har den der ”aaall we aare, all we aaaare, we aaare!” Den er tøff! Men så … ikkje så mykje meir” blei vi vel dels einige om. Og etter konserten står eg egentlig framleis for den konklusjonen. Men sjølv om dei einskilde låtane er intetsigande, var konserten ein av festivalen sine store positive overraskingar! Dama var full av energi, og headbanga meir i løpet av ein tilfeldig valgt låt enn det ein gjennomsnittspublikummer gjorde i løpet av heile konserten. Kvifor Doro var sett opp på konsertprogrammet etter U.D.O. veit eg ikkje, men legg ein utstråling og entusiasme til grunn resulterte rekkefølga definitivt i stigning i programmet. Misforstå meg rett: Udo er ein kul kis med godt grep om publikum. Men han står no berre der da. Uansett blei Doro-konserten ein heavy metal-fest med låtutval frå tida i Warlock på 80-talet, saman med eit lite knippe låtar frå den aller siste plata, som var klar for sal tidlegare i år. Alt var ikkje like fengslande, men det fungerte veldig godt i denne settingen.


Nightwish hadde fått æra av å stå for årets siste konsert på hovudscena i Kvinesdal, og sjølv om ein fann delte meiningar om dette valet på nettet, er bandet uansett eit av notidas mest kjente og populære metalband i heile verda. Ny vokalist har vist seg å ikkje endre på dette faktum i den eine eller andre retningen. Men at bandet er endra med svenske Annette Olzon som sangerske i staden for Tarja Turunen herskar det liten tvil om. Den eine plata bandet har rukke med Olzon på vokal manglar mellom anna naturleg nok den opera-inspirerte vokalen som Tarja var så glad i å vise fram.

Om det var ein del av planen for å markere avstand til den forrige vokalisten eller kva er ikkje godt å vite, men Annette Olzon entra uansett scena i Kvinesdal med nyfarga blondt hår. Uavhengig av tanke bak: Dette var eit merkeleg val. Der Tarja stod for operavokal, mystikk og dramatikk, har vokalstil saman med moves og opptreden i videoar plassert Annette nærmare pop enn metal. Denne hårfargen forsterka berre det inntrykket. Konserten stadfesta også det eg egentlig visste frå før: Nightwish er blitt eit meir ordinært band. Elsk dei eller hat dei, men før byttet av vokalist hadde dei i alle høve eit særpreg. Når det er sagt var ikkje konserten så aller verst. Bandet har holdt på ei stund, og har mange gode låtar å plukke mellom. Gamle traverar som ”Dead to the World” og ”Wishmaster” passa godt saman med nyare val som ”Nemo”, ”Dark Chest of Wonders” og ”Wish I Had an Angel”. Fire av tretten låtar var frå den nyaste plata, så som den i overkant tilgjengeleg ”Amaranth”. Ei halvering av dette talet, i tillegg til å ha framført den fabelaktige ”Ghost Love Score” som stod på setlista tidlegare i år, ville ha gjort konserten enda betre. Ei godkjent avslutning på ein god festival.

Festivalen var likevel ikkje heilt slutt då Nightwish tusla av scena. I ølteltet, - eller på Tjodolf Rock Stage, stod Valentourettes klare med schlägers frå Jokke-katalogen sin. ”En dag”, ”Her kommer vinteren”, ”Øl” og ”Gutta”. Joda, vi har alle høyrt dei, og dei som ikkje var hese frå før, fekk skrike frå seg på denne konserten. Dette var faktisk første gong eg har fått sett denne gjengen, og at dei kan å lage fest er det ikkje tvil om, men så har dei jo også ein takksam oppgåve med det låtutvalet. Eit godt tilbod til dei som ikkje hadde fått nok fest, sjølv om eg trur nok at eg hadde hatt det meir moro med denne gjengen på eit anna tidspunkt utan tre dagar med trasking, regn og teltliv med meir bak meg.

Dermed var også den festivalen slutt. Litt diverse på verfronten, og framleis litt lite tilfredsstillande mattilbod, men ein kjempesuksess med tanke på publikumsoppmøte og det musikalske. Lykke til med neste års festival, folkens! Eg kjem attende.