Viser innlegg med etiketten konsert. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konsert. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Konsert: Vain

Tid: 5.desember 2009.
Stad: Elm Street, Oslo.

Ein stad i internettjungelen kan ein lese at Skid Row blei "blown off stage" av oppvarmingsbandet på ein Europaturnè på slutten av åttitalet. Like kjent blei likvel aldri dette oppvarmingsbandet, sjølv om dei fekk litt speletid på MTV med videoen til "Beat the Bullet".

Vain satsa på grisete sleazerock, og kan i ettertid kategoriserast saman med nettopp Skid Row og kanskje Faster Pussycat. Men hitane mangla, bandet kom litt for seint i gang med omsyn til når denne sjangeren var populær(debuten kom i 1989), og på toppen av det heile gjekk plateselskapet konkurs før oppfølgaren fekk sjå dagslys.

Dermed er det arenaer som intime Elm Street som får æra av å huse Vain på Europaturnè i 2009. Og det funkar fint det. Ein intim aften med Davy Vain og vennene hans. Det høyrest svært så hyggeleg ut, ikkje sant? Vel, hyggeleg er kanskje ikkje rette ordet, men underholdande var det så absolutt!

Oslo var siste stopp på denne Europaturnèen, og dermed var det tydeleg at bandet følte det var fritt fram for å slå seg litt laus før, under og etter konserten. Spesielt vokalist Davy Vain var nok særs lite køyrbar utover i settet. Låtintroduksjonane blei lengre og lengre, men lange utrgreiingar om kven i bandet som var mest glad i damer, kven som ringte tilbake dagen etter og kven som ikkje gjorde det, og denslags tilhøyrande prat. Klimaks blei nådd med introduksjonen til "Who's Watching You". For før konserten stod Davy Vain nemleg i dusjen. Han såpa seg godt inn både her og der, og plutseleg ser han gjennom vindauget ein person som også står i dusjen og såpar seg inn både her og der. Og dei kikkar på kvarandre. Både ein og to gongar. Så det er berre å passe på... Det er aldri godt å vite... "who's watching you!"

Vulgaritetane mellom låtane auka på, og alle dei fem av hokjønn som var på konserten blei invitert på diverse hotellrom både ein og to og tre gongar. Om det blei så mykje oppmøte utav det er eit anna spørsmål. Dei siste 20 åra såg ikkje ut til å ha vore så veldig snille med vokalisten vår, sjølv om mengden eyeliner var den same som dengang.

Bandet blei etter kvart lei av øl også, så mot slutten krevde gjengen Jägermeister før neste låt kunne settast i gang. Initiativrike sjeler blant publikum tok oppfordringa, sprang i baren, og brett etter brett med jägermeister-shots blei sendt fram til scena. Hostesafta gjekk ned, stemninga steig, og Davy Vain mista stadig meir oversikt. Etter ein presentasjon av bandet rundt seg la han til eit djupt stemmeleie og gjorde narr av den stakkars bassisten, sidan dei stakkars bassistane alltid blir presentert sist, og kanskje egentlig ikkje er så veldig viktige? "...except in Iron Maiden, where Bruce Dickinson is the bass player!"

Når deg gjeld musikken så var bandet herda nok til at det ikkje tok synleg skade av den stigande totalpromillen. Låtar som "Secrets", "No Respect", "Love Drug", "Icy", samt nemnde "Who's Watching You" og "Beat the Bullet" låt bra alle saman, og sjølv om herr Vain ikkje alltid syng like reint, har han trass alt eit visst særpreg på stemma, og med store mengder klang på vokalet låt det slett ikkje verst.

Konsert: Deep Purple

Tid: 22.november 2009.
Stad: Oslo Spektrum, Oslo.

"Highway Star" startar showet, og skepsisen melder seg straks. Ian Gillan slit kraftig med vokalen, og sjølv om resten av bandet låter bra er det ingen tvil om at konserten vil bli ein kraftig nedtur dersom vokalprestasjonane skal ligge på eit slikt nivå. Men heldigvis kjem vokalisten i gang etter to-tre låtar, og kvelden er redda!

Settet er variert, og bandet plukkar låtar frå 40 med rock n'roll. Noko overraskande hadde dei funne plass til to låtar frå tida før Gillan & Glover blei med ein gong for mange herrens år sidan, deriblant "Hush" som ekstranummer. "Wasted Sunsets" frå "Perfect Strangers"-albumet var eit anna overraskande val, og tittelsporet frå "The Battle Rages on" frå 1990 fekk også vere med. Dette i tillegg til kjente og kjære "Speed King", "Space Trucking", "Black Night", og sjølvsagt den der om røyken i Sveits.

Ein herlig miks blir det, og instrumentalparti gir også herr Gillan høve til å ta nokre pust i bakken. Steve Morse er ein herlig kreativ gitarist, og der andre gitaristar spelar så fort dei berre kan i det kvarteret dei har blitt tildelt når det er solotid satser Morse på melodi og det smakfulle. Jon Lord-erstattar Don Airey er ikkje like heldig med sin sekvens, som etter min smak blir tøysete og masete, med pianoriffing og referansar til 2-300 år gamle verk. Det same skjer egentlig når konserten går mot slutten, og eg står og håpar på "Perfect Strangers" eller kanskje "Knocking on Your Back Door". Kva får vi? Jo, ein medley med rock n'roll-hits frå femtitalet. Det burde da vere heilt unødvendig for eit band med ein slik back-katalog som det Deep Purple har. Men kven veit, kanskje dei er lei av eigne låtar?

Dette er uansett bittesmå skår i gleda. Når Gillan hadde fått varma opp stemmebanda låt det absolutt akseptabelt; låtane held sjølvsagt jevnt høg kvalitet, og Steve Morse er, som eg nemnde ovanfor, ein herlig gitarist. La den småsinte mannen med hatten gjere som han vil, han er ikkje sakna så veldig her.

Konsert: Snabel

Tid: 6.november 2009.
Stad: Alfred, Hønefoss.

Når kjentfolk spelar konsert må ein stille opp, så da vart det ein tur til Hønefoss også i haust. Snabel lot seg inspirere av like delar Kiss og Gartnerlosjen på nittitalet og snekra saman eit par plater med humorrock før dei tok seg ein lang pause. No har dei jamen klart å lage eit album igjen, og syng om fuzzpedalar, bole-Ole og å køyre brannbil. Turnè blei det ikkje, men årets einaste konsert blei fin den, og det blei plass til både nye og gamle vitsar, saman med ”Smoke on the Water”. Rock n’roll, og ukomplisert moro. Det einaste som mangla var ein brannslange…

Konsert: W.A.S.P.

Tid: 30.oktober 2009.
Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Blackie Lawless har registrert at verda vår går til Helvete, og skriv for tida sangar om fire menn til hest og andre teikn på undergangen. Temamessig slektar den nye plata Babylon på ”The Headless Children” frå 1989, og tittelsporet frå dette albumet blei framført denne fredagskvelden på Sentrum Scene, saman med triologien ”Arena Of Pleasure”, ”Chainsaw Charlie” og ”The Idol” frå ”Crimson Idol”, og ellers stort sett dei same hitsa som ein W.A.S.P-konsert på godt og vondt er nødt til å innehalde. Mest på godt heldigvis. Ein kan bli litt lei av ”Wild Child” og ”I Wanna Be Somebody”, men dei er no ein gong grunnen til at mannen (bandet) framleis trekker folk til konsertane sine. Samanlikna med turnear midt på 80-talet er sceneshowet sjølvsagt ikkje-eksisterande, men vi fekk musikkvideoar til alle låtar på storskjerm, og jaggu klarte ikkje dei å vere i sync med leppene på skjermen også. Bakgrunnsbileta som blei brukt under ”Headless Children” røpa for øvrig at Mr Lawless ikkje har så mykje til overs for verda sin redningsmann Barack frå USA, ettersom bilete av den siste fredsprisvinnaren blei sausa saman med både Hitler, Gaddafi og andre som han neppe vil samanlikne seg med.

Dei nye låtane? Det same gamle, med ein liten twist på melodien her og der. Formelmusikk. Men det funkar. ”Crazy” glir rett inn i settet og låter allereie som ein klassisk W.A.S.P-låt, medan ”Take Me Up” og ”Heaven’s Hung in Black” frå den foregåande plata ”Dominator” allereie har blitt det.

Konsert: Marillion

Tid: 25.oktober 2009.
Stad: Victoria Hotell, Oslo.

Denne konserten skal eg innrømme at det var noko tilfeldig at eg ramla innom, då ein kompis plutseleg hadde ein ekstra billett. Nokre få hundre sitjande tilskodarar var vitne til ein akustisk intimkonsert der prog.veteranane leverte både nye og gamle låtar i ny innpakning. Dette var første gong eg såg bandet live, så eg kan ikkje samanlikne med Marillion i ei meir tradisjonell setting, men i mine øyrer kledde så absolutt låtane sine nye arrangement.

Ellers var konserten prega av ein nesten i overkant laussluppen stemning. Vitsar og kommentarar blei sendt på kryss og tvers på scena, og etter kvart frå publikum, som ropte songforslag og vitsa tilbake. Ved heile tre høve førte også oppfordrande allsong frå publikum til at bandet hengte seg på ikkje-planlagte låtar. Dette inkluderte nokre halvhjerta, men humørfullte akkordar av ”Script For a Jesters Tear” etter at vokalist Steve Hogarth smilande hadde uttrykt ei ironisk frykt for at publikum skulle mase om nettopp den slags gamle låtar som han sjølv originalt ikkje hadde delteke på.

I tre timar holdt dei på, slik ekte prog.artistar skal. Tre timar med kjensleladd musikk og smekre melodiar, i skarp kontrast til vitsinga mellom låtane. Etter at ein låt var starta kunne ein praktisk talt sjå brytaren i Hogarth som gjekk frå Av (vitsing, latter, gestikulering og grimaser) til På (fokus, smerte og ein ansikt fordreid i innleving) på brøkdelen av eit sekund. Ein herleg gjeng, og ein behageleg konsert.

lørdag 14. november 2009

Konsert: Porcupine Tree

Tid: 23.oktober 2009.
Stad: Sentrum Scene, Oslo.

Lokalet var stappfullt av prog.fans, og det seriøse orkesteret leverte ei lang forestilling i to akter. Første halvdel var via det nyutgjevne konseptalbumet The Incident, og etter nøyaktig 10 minutters pause (nedtellinga føregjekk på storskjerm!) kom bandet tilbake og leverte utvalde verk frå back-katalogen. Ikkje det bandet eg har høyrt mest på, men ein absolutt godkjent konsert. Spesielt i del to dukka det opp gode enkeltlåtar, medan del ein til tider kunne bli litt langdryg med litt for mange uinteressante mellomparti. Desse har som kjent ein lei tendens til å dukke opp på konseptalbum, utan at dei av den grunn bør framførast på konsert.

Ingen billettar var å oppdrive den siste månaden før konserten, og frå den massive trampeklappen før ekstranummera å dumme var publikum godt nøgde. Ein kledeleg arrogant Steven Wilson øydela neppe for dette (”I don’t care what you’re shouting, we’re still gonna play what’s on this list!”)

mandag 26. oktober 2009

Konsert: Jorn

Tid: 10.oktober 2009.
Stad: Glassheim, Jevnaker.

I løpet av hausten 2009 vil W.A.S.P, Doro Pesch, The Wildhearts og Kingdom Come ha stukke innom eit bygdehus turned rockeklubb på verdas navle Jevnaker. Og det er imponerande. JORN er etter kvart også eit internasjonalt kjent namn i dei rette kretsane, men med tanke på mellom anna reisetid kan ein vel ikkje seie det er like imponerande at Lande med band dukkar opp og leverer eit sett kvalitetsrocknroll.

For det er det ein får med Jørn Lande. Kvalitet. Mannen kan synge slik David Coverdale hadde gitt begge tomlane for å framleis klare, og ein kan ikkje akkurat klage på resten av bandet heller. RockeCowboy Tore Moren har vore med nokre år no, og er like kul som alltid, medan gitaristkollega Jørn Viggo Lofstad har takka for seg. Erstattar er Tor Erik Myhre, som visstnok var eit av idola til ein oppvoksande Lofstad, og som etter ein rockepause på nokre år der familieliv var viktigast no var klar for rock n'roll igjen. I alle fall viss ein skal tru mellomlåtpjattinga til Jørn L. Vokalisten kom etter kvart var i eit ganske så humoristisk humør for kvelden, og dess lenger uti konserten ein kom, dess meir øldrikking og vitsing blei det. Moro nok, og det gjekk jo ikkje akkurat utover kvaliteten på musikken. 10 poeng går også til den sicilianske bassisten Nic Angileri for dagens mest energiske sceneopptreden. Fyren såg i alle fall ut til å ha det moro sjølv, om ikkje han fekk med seg så veldig mange blant publikum på dans og taktklapping.

Jørn Lande og kompani spyr ut plater, og turnerer konstant. Ein kan i alle fall fort få det inntrykket. Resultatet blir i alle fall at det etter kvart er nok av låtar å velge mellom når set lista skal settast saman. Litt blandings frå dei siste platene blir det dermed. Jevnt over trøkker alt bra, men det er likevel eit faktum at ein del av materialet til bandet er litt for forutsigbart og kjedelig. Ei knallåt som "Stormcrow" blei spela, medan andre perler som "The Duke" og "Out to every Nation" blei hoppa over. Det er greit nok at den siste plata skal promoterast, men bandet hadde nok tent på å halde på fleire av godlåtane frå tidlegare album for å gi gjenkjenningseffekt. Høyrest det her ut som at eg ikkje har høyrt så nøye på dei to siste platene, og dermed ikkje kjenner låtane derifrå så godt, så innrømmer eg glatt at det stemmer. Men det er fordi eg ikkje synest dei er like bra som dei to foregåande platene. Så sånn er det.

Soloar fikk vi og. Til dei grader. Begge gitaristane veit jo kva dei driver med, men så veldig spennande blei ikkje onanisekvensane deira. Og trommis-Willy fekk sine 15 minutt i rampelyset nærmast som eit ekstranummer. Vokalisten vår fekk i alle fall kvilt stemma si! Eit par covers blei også levert mot slutten, slik bandet har for vane å gjere. "Are You Ready" (Thin Lizzy) og "Stormbringer" (Deep Purple) gav i alle fall gjenkjenningseffekt, sjølv om eg personlig heller kunne tenkt meg "Stargazer" eller noko anna av Rainbow, men dette blir da pirking. Sorry.

Alt i alt ein fin kveld likevel, sjølv om eg har hatt det meir moro med Jørn Lande ved tidlegare høve.

lørdag 24. oktober 2009

Konsert: Slade

Tid: 8.oktober 2009.
Stad: Rockefeller, Oslo.

Gamle menn rockar best. Ja, sjølvsagt gjer dei det. Gitarist og originalmedlem Dave Hill held framleis liv i legendariske Slade. Hill er dermed saman med trommis (og originalmedlem) Don Powell alibiet for å kalle bandet nettopp Slade. Og det er greit det. Alternativet er vel null Slade, og denne kvelden ville eg ikkje ha vore foruten. Så får ein heller ignorere det faktum at brorparten av dei meste kjende Slade-hits er signert eks-frontfigur Noddy Holder saman med eks-bassist Jim Lea...

Publikum var definitivt i feststemning, og hitsa kom på rekke og rad. "Coz I Luv You", "Gudbuy T'Jane", "Mama Weer All Crazee Now", "My Oh My" og "Cum On Feel The Noize". Dette bandet har definitivt slått eit slag for dyslektikarane blant oss. Og låtane har aldrast med stil. Framføring er rå og upolert, og trommis Powell ser ut som om han skal falle om av overanstrengelse kva tid som helst. Men det går bra, han held ut, og Dave Hill styrer showet med dansing og tullball. Stadige turar opp på monitoren må også til for at den lille mannen skal få oversikt over lokalet.

Litt somling med å komme meg ut døra denne torsdagen gjorde at eg gjekk glipp av starten av konserten, men alle nemnde låtar kom på rekke og rad utover i konserten, så da savna eg egentlig ingenting. Og da "Cum On Feel The Noize" runga over lokalet kunne jo kvar og ein lure litt på kva slags eventuelt ekstranummer som skulle toppe dette. Men sjølvsagt fiksa dei det og. Dette bandet har skrive ein låt som faktisk framleis dukkar opp på den britiske singellista med ujamne mellomrom, 29 år etter første gong. Vi snakkar da sjølvsagt om julesongen over alle julesongar. "Merry Xmas Everybody"!

Så da kjem nisseluene fram, og så drar dei den. "Especially for you! Since it's not long till Christmas!" Berre bull sjølvsagt, den var sistelåt på Sweden Rock-gigen i 2004 også hugsar eg (midt i juni!), og den er vel sistelåt på dei fleste konsertar. Moro er det uansett! Feel The Noize.

mandag 19. oktober 2009

Konsert: Black Stone Cherry

Tid: 6.oktober 2009.
Stad: John Dee, Oslo.

Black Stone Cherry. Berre bandnamnet i seg sjølv gir beskjed om at dette er ein kul gjeng. Alt ved dette bandet er kult. Bandnamn, t-skjortene, låtane, sceneutstråling, og dei enorme mengdane hår som blir slengt veggimellom i løpet av konserten. Dette er energiske menneske som har konstruert seig og rå, men melodiøs og fenglande sørstatshardrock slik vi alle liker den.

Det var ikkje utsolgt, men relativt folksomt på John Dee, og dette var også første gongen bandet besøkte Noreg. Etter å ha blitt godt mottatt lova da også bandet å kome tilbake. Det skulle da berre mangle. To album har dei gitt ut, og desse er såpass fulle av godlåtar at å fylle halvannen time var ikkje noko utfordring. Vokalist/gitarist Chris Robertson preika i veg mellom låtane slik berre pratsomme amerikanerar kan, og gitarist Ben Wells greip også dei mogelegheitane som dukka opp til å enten skryte av publikum, eller oppfordre til liv og klapping, alt etter som.

Nemnde Ben Wells var ellers både høgt og lågt og konstant i rørsle, noko som delvis kan seiast om bassist Jon Lawhon også. Innsatsen var det ingenting å seie på. Leikne og uhøgtidelege var gjengen også. Ein uptempo versjon av ZZ Top sin klassiker "Just Got Paid" glei over ein av bandet sine eigne låtar (hugsar ikkje farten kva for ein), og før ekstranummeret "Things My Father Said" kom i gang blei eit ørlite set back takla på mest galante måte. "I am officially out of tune!" proklamerte gitarist Wells etter to sekund med sur gitarintro. Medan seksstrengeren blei stemt (ein har ikkje tjent nok pengar til å ha reservegitarar konstant ståande klar med andre ord) drog bandet ein spontan coverversjon av ein gammal sørstatslåt som det var noko kjent med, men som eg dessverre heller ikkje har tittelen på her og no.

"Things My Father Said" kom uansett til slutt, og er ei flott ballade som samstundes går godt saman med fengande rockers som "Blind Man" og "Lonely Train". Ta det beste frå Lynyrd Skynyrd, Aerosmith og kanskje litt Deep Purple, legg til litt tyngde i riffinga, cathcy refreng og gitarsoloar av beste merke, og du har Black Stone Cherry. Dritkult er det.

Konsert: Åge Aleksandersen med Sambandet

Tid: 11.september 2009.
Stad: Rockefeller, Oslo.

Ein månad på førehand, midt i august, var denne konserten utsolgt. Billettane til ekstrakonserten dagen etter blei også rivne bort på kort tid. Årsaken til dette kunne ein sjå ved å ta eit overblikk over publikumet på Rockefeller denne fredagskvelden i september. Dette var ikkje konserten for spesielt interesserte; her hadde Gud og hvermann sparka seg sjølv ut av sofaen. Godt voksne ektepar, i stemning etter raudvinen på restaurantbesøket stod her side ved side med 18-åringar i festmodus, rockefans i 20-åra, utflytta trønderar i alle aldrar, og til og med ein gjeng som hadde køyrt heile den bisarre turen frå Namsos til Oslo for å gå på Åge-konsert...

Før eg vidare går inn på kvelden sitt innhald vil eg poengetere at eg er ingen trønder, eg har egentlig ikkje noko spesielt forhold til reportoaret til gamle Aleksandersen, og eg hadde dermed ikkje overraskande problem med å namnsette brorparten av låtane undervegs i konserten. Eg var likevel positivt innstilt til konserten på førehand, då eg hadde ein mistanke om at dette uansett ville bli Rock med stor R, trøkk og god lyd.

Eg tok ikkje feil.

SamBandet heldt på i rundt rekna to og ein halv time før dei tok kvelden, med godbitar til alle og ein kvar. Aller best låt det når gjengen på åtte mann serverte rock a la "Min Dag" og mid-tempo låtar som "Rosalita", og i ein så lang konsert var det god plass til rock n'roll. At det til tider stod fire gitaristar på scena framstod likevel som relativt meiningslaust, men det er vel slik dei har gjort det dei siste 100 åra. Lyden er rein og fin, og det som skal høyrast blei høyrt, så da er det vel ingenting å klage på.

Eller... Det blir jo noko traurigt med alle balladane då. Sånn som den mest kjende av dei alle. Så må de berre spør meg kva eg gjorde på ein Åge Aleksandersen-konsert dersom eg ser på klokka og keiar meg under "Lys og Varme", og tar ein tur på do når han vil "Dainns med mæ". Eg synest eg har svart på det i avsnittet ovanfor. To timar kvalitetsrock rettferdiggjer turen. Pluss "Levva livet". Det finnast ikkje betre norsk rockelåt å avslutte ein konsert med.

søndag 11. oktober 2009

Konsert: Metal Prog Fest

Tid: 21.august 2009
Stad: Smuget, Oslo
Program: Circus Maximus, Seventh Wonder, Illusion Suite

Hovudoppdraget denne kvelden var å gje Seventh Wonder ein ny sjanse etter den grumsete konserten på årets Sweden Rock Festival. Denne sjansen fekk dei på grunn av ein sterk mistanke om at akustikken i Gibsontelten var ein viktig årsak til den elendige lyden på SRF-konserten.

I ein bisetning kan det nemnast at først underheldt Oslobandet Illusion Suite med teknisk og melodiøs, men forsåvidt uspennande progressiv metal. God lyd, gode musikarar, men ein vokalist som tydeleg sleit på dei høgste tonane. Greit nok. Ikkje noko meir.

Idet Seventh Wonder starta sin konsert derimot var det tydeleg at dette kom til å bli ein riktig så triveleg kveld. Lyden var krystallklar og deilig, og ein kunne tydeleg sjå entusiasmen blandt publikum. Til prog.metal-band å vere har Seventh Wonder gode, fengande og til dels allsangvennlege einskildlåtar, noko som vises tydeleg på publikumsresponsen samanlikna med meir "typiske" prog.metal-konsertar der det er meir fokus på lytting enn på hender i veret og entusiasme. Sagt på ein anna måte så har bandet vel så mykje til felles med tilgjengeleg power metal som Sonata Arctica som med Symphony X.

Rundt halvparten av låtane var frå fjorårets "Mercy Falls"-album, med ekstranummeret "The Black Parade" som eit høgdepunkt. Bassist Andreas Blomqvist poserte villig vekk for fotografane med festlige grimasar, og det gode låtmaterialet kom verkeleg til sin rett denne kvelden.

Tre konklusjonar kunne dermed dras, der den første egentleg ikkje var ny: 1) Smuget er eit godt konsertlokale med god akustikk, 2) Gibsontelten på SRF er ein dårleg konsertlokale med håpløs akustikk, og 3) Seventh Wonder er eit godt live-band.

Kvelden var dermed redda, men vi fekk da likevel med oss tre låtar med Circus Maximus før vi vandra vidare. Lyden var skrudd opp, utan at dette gjekk ut over kvaliteten. Bandet framstod som ein proff gjeng, og at vokalist Michael Eriksen har høyrt mykje på Geoff Tate finnast det ingen tvil om. Og det er ikkje noko negativt, så lenge han fiksar det så bra som han faktisk gjer. Starten av konserten gav dermed eit godt inntrykk, men å toppe Seventh Wonder-høydaren låg det ikkje an til at gjengen skulle gjere idet vi tusla ut i Rosentkrantz gate denne milde augustkvelden.

søndag 28. juni 2009

Konsert: Mötley Crüe

Tid: 8.juni 2009.
Stad: Bergenshallen, Bergen

Bergen har dei siste åra blitt ein førsteklasses konsertby. At byen var einaste stopp i Norge i år for The Crüe er nok eit bevis på det. Lokale Audrey Horne og svenske Hardcore Superstar var oppvarming, og billetten sa konsertstart kl 20:00. Dette må ha blitt gjennomført rimeleg presist, for når vi kom 25 minutt seinare var Audrey Horne ferdige. Og etter ikkje lange pausen var også neste-band-ut i gang. At gjengen i Hardcore Superstar har digga Mötley i oppveksten skin lang vei, anten ein rettar fokus mot image eller musikk. Flinke innan for sjangeren er dei også. Sleazy og grisete punk-hardrock med feite og allropsvenlige refreng. Perfekt oppvarming for læremeistrane sine med andre ord.

Lange settet fekk ikkje svenskane heller, og dermed var det berre å vente på hovudattraksjonen. Ikkje veit eg om det var nødvendig med all den tida Crüe-crewet fekk til å klargjere scena, men dersom mogeleg hadde vore veldig kjekt om begge dei to oppvarmingsbanda hadde fått lov til å halde på litt lenger. Spesielt når det gjeld svenske kameratar hadde det gjort seg med eit par låtar til. Men no fekk dei ikkje det, og sceneshowet den neste timen bestod av eit digert laken framfor scena (sjenerte ryddemannskap kanskje? Eller for dramatisk effekt...)

Omsider fall lakenet ned og openberra hedonistane våre som spruta "Kickstart My Heart" og deretter "Wild Side" utover bergenspublikummet. Ein perfekt og energifylt opning. Kanskje for energifylt, for etter fire låtar var det visst nødvendig med ein pause, og Mick Mars fekk vise fram dei nye Hendrix-riffa han hadde lært seg. Relativt uinteressant. Men tru det eller ei så er det faktisk ein paradoksal underhaldningsverdi i at dette kobbelet med eks-narkomane som på mirakuløst vis har holdt seg i live må sette seg nedpå litt etter eit kvarters konsert.

Pausen gjorde godt, og Mötley returnerte med den eine schlägeren etter den andre. To låtar frå sistealbumet "Saints of Los Angeles" var det også gjort plass til; tittelsporet, som hadde glidd rett inn på "Dr Feelgood", og "Motherf***** of the Year". Ellers kom den nærmast obligatoriske rekka med "Girls, Girls, Girls", "Live Wire", "Shout at the Devil" og "Dr Feelgood". "Same ol' Situation" blei eit høgdepunkt for underteikna, som ein mindre opplagt val. Balladestunda var spart til ekstranummeret, og pianoet blei trilla fremst på scena. Trommis-Tommy leverte introen, og "Home Sweet Home" avslutta konserten.

Dei har gjort det meste, og dei drar på åra. Mick Mars ser ut til å trenge både stokk og krykker og Vince Neil orkar framleis ikkje synge alle orda Nikki Sixx stappa inn i tekstane på åttitalet. Men likevel leverer dei. Dette driv dei fordi dei trivast på scena (dollar på bok er vel ikkje ei ulempe, men dette er garantert ikkje einaste motivasjon). Atmosfæren på scena bar heller ikkje preg av alle fortidas konfliktar og slosskampar. Om det er noko form for isfront mellom vokalist og bassist er dette godt skjult. Godt humør og speleglede er uttrykk som i større grad skildra stemninga på scena. At bandet også har fire frontfigurar er også relativt spesielt. Tommy Lee var framme på scenkanten titt og ofte, både for å dele ut Jägermeister og for å rappe med publikum som ekstra-ekstra nummer ("if I say Mötley you say Crüe! Mötley?" "Crüe!")

Om bandet gir ut så mykje nytt materiale er vel noko usikkert, men det ser ikkje ut til at siste Mötley Crüe-konsert er spela enda. Eg har i alle fall ikkje fått nok.

mandag 1. juni 2009

Konsert: Turboneger

Tid: 15.mai 2009
Stad: Folken, Stavanger

"All My Friends Are Dead" opna showet, og massiv allsang bar bod om at dette kunne bli ein triveleg kveld. Det blei det, sjølv om eg overhøyrte dei som meinte dette var eit band på autopilot. Njæ. Eg vil ikkje seie det. Det var ikkje noko mindre kostyme- og sminkeshow enn vanleg, slik eg hugsar det frå sist eg såg bandet. Låtutvalet var bra, men kunne vore betre. "Fuck the World", "Turbonegro Must Be Destroyed", "Get it On", "Do You Dig Destruction" med meir. "The Age of Pamparius" og "Erection" var sjølvsagte ekstranummer. Allsangen på sistnemnde låt starta så og seie i det siste tone frå det ordinære settet døydde ut, og det er jo alltid like festleg. Låten i seg sjølv er jo egentleg relativt kjedeleg, men refrenget vil for evig og alltid bli nemnt i ei skildring av bandet/pakken/fenomenet Turboneger. Sånn går det når ein appellerer til folk sitt behov for å skrike ut det som ellers i beste fall blir sett på som platt og barnslig. "åh-åh-åh, I Got Erection!". Fint for deg.

Ellers blir ikkje midtseksjonen, med litt for mykje tidleg-death-punk, heilt optimal. Blodfans får ha meg unnskyldt, men eg synest no ein gong at Turbo blei eit betre band etter tilbakekomsten i 2002. Låtane fekk eit meir pompøst preg, samstundes som at trøkket ikkje forsvann. Så spel gjerne fleire låtar frå dei siste tre platene.

Mot slutten av konserten spreidde Hank von H ein sekk med spesialdesigna pengesedlar utover publikum. Stilig trykk, med kvart bandmedlem på sin eigen type seddel, men hensikten kom ikkje så veldig tydeleg fram. Det var nok ei "vi-tar-vare-på-fansen-vår-markering". Ver så god, her er masse pengar. Eller så var det gjerne ei latterleggjering av publikum som hoppa som gale etter sedlane som blei kasta ut. Grådigheit fører til intet godt. Seriøse saker gitt. Eller ikkje.

torsdag 28. mai 2009

Konsert: Opeth

Tid: 15.mars 2009
Stad: Folken, Stavanger

Death-turned-prog-metal-gjengen i Opeth tok turen til Stavanger ein søndagskveld i mars, som del av ein relativt omfattande Noregsturnè. Oppmøtet vitna om at marknaden for slik ein turnè absolutt er til stades, og det altså på ein søndagskveld.

Bandet plukka låtar frå meir eller mindre heile karriera, og leverte ein tung og saftig pakke med psykedelia, aggressivitet og melodi, meir eller mindre samstundes. Eg har sett bandet ein gong tidlegare, på Quart-festivalen i 2006, men det går da for pokker ikkje an å servere folk Opeth når det er lyst ute. Innandørs, derimot, der lyset kan slås av og på, ligg tilhøva til rette for at både melankolske og mørke og sinte stemningar kan skapast. Dette fiksar Opeth, og før eg seier noko anna: Konserten var god. Ingen tvil om det. Denne gjengen kan det dei driv med, og Åkerfeldt kan lage musikk.

Men for å trekke inn personleg smak og preferansar her (og det er litt av intensjonen med denne bloggen), så er Opeth best når akustiske gitarar blir avløyst av det progressive partiet, som igjen glir over i det brutale, før vi returnerer til start igjen og den einsame gitaren fyller lydbildet. Dette funkar rett og slett ikkje i konsertsamanheng framfor eit headbangande og øldrikkande publikum. For all del, bandet har nok ein relativt samansatt fanskare, der mange er glade i dynamikk og variasjon. Men tung rock vekker unekteleg publikum meir enn stille gitarklimpring på slik ein konsert, i alle fall denne som eg var på. Denne klimpringa blir jo sjølvsagt også akkompagnert av småprating og skåling, då lydnivået då nødvendigvis ikkje er over minstekravet for heavymetaldesibelnivå. Dynamikken i Opethkatalogen kjem dermed ikkje til sin rett live, slik eg opplever det.

Ellers så er han jo ein spøkefugl, den godaste vokalist, gitarist og frontfigur Mikael Åkerfeldt. Eller Joey Tempest, som han presenterte seg som. (Han uttalte forresten til Classic Rock Magazine i år at han er ein stor Europe-fan, tru det eller ei, så det var kanskje ein hyllest ...) Publikum lærte seg også nye fingerteikn, då Åkerfeldt fekk det for seg at djevlehorna til Ronnie Dio trengde ein konkurrent. Konkurrenten heiter "The Hook". Og publiken lot seg rive med. Peikefinger og lillefinger i veret blei erstatta av ein bøygd peikefinger andre halvdel av konserten. Kan bli ein slager det der. Etter eit relativt mislykka forsøk på å få publikum til å synge og kore noko seinare i konserten, flirte vokalist Åkerfeldt og tydde i staden til: "Ja, ja, kan ni det her då?", og skaut ein bøygd peikefinger i veret. Sjølvsagt kunne vi det.

torsdag 9. april 2009

Konsert: Backyard Babies

Tid: 6.februar 2009
Stad: Folken, Stavanger

Dette er eit band som har turnert altfor lite i Norge. Medan sjangerkameratane og landsmennene i The Hellacopters dukka opp støtt og stadig rundt omkring i norske byar på 2000-talet, var ikkje Backyard Babies i Noreg for å promotere verken "Making Enemies is Good" frå 2001 eller "Stockholm Syndrome" frå 2003 (mogeleg dei stakk innom Oslo ein snartur, men det er da ikkje så langt frå Sverige til Noreg at ikkje andre byar burde kunne besøkast også). I 2007 var så tida komen for ein liten Noregsturne, og i vinter prøvde dei seg igjen.

Etter den strålande "People like People like People like us" (pheu...) frå 2006 har bandet no gitt ut ein sjølvtitulert oppfølgar, som nesten når opp til forgjengaren i talet på catchy og sleazy grisete punkinspirerte låtar med allsangpotensiale. Live plukkar bandet frå heile karriera, men for underteikna er det desse to albuma, saman med "Making Enemies..." som har flest godlåtar. "Payback", "Brand New Hate", "Dysfunctional Professional", samt tittelsporet frå "People like.." er knallåtar alle ihop, og det same gjeld delvis "Minus Celsius" (som visstnok var ein stor hit i Sverige), og "Everybody Ready" frå "Stockholm Syndrome", sjølv om desse manglar det lille ekstra i mine øyrer. "Fuck Off and Die" frå det nye albumet slår også svært godt an, og med slik ein låttittel ber ein nærmast om det regnet av ølglas som flyr gjennom lokalet. Vokalist/gitarist Nicke Borg må til slutt høfleg men bestemt spørje publiken "om ni för fan inte kann dricka eras øl på en fredag framfor å kasta det på scenen?"

At nemnde Nicke insisterer på ein 10-minutters sekvens med gitarballader verkar like meiningslaust denne gongen som sist eg såg bandet, i 2007. Sjølv om låtane er velskrivne og med gode melodiar, er det ei utakksam oppgåve for kven som helst å synge ballader med seriøse tekstar etter "Fuck Off and Die" et al.

Ein feiande flott fredagskveld blei det uansett. Og bandet har dei kulaste t-skjortene av alle. Jolly Roger går aldri av moten.

mandag 6. april 2009

Konsert: TNT

Tid: 3.oktober 2008
Stad: Rockefeller, Oslo

Gode gamle TNT har no har no gitt ut like mange album etter 2003 som dei gjorde på heile åttitalet. Folk flest vil vel kjenne igjen fleire låtar frå den sistnemnde perioden, og det er desse som framleis utgjer brorparten av setlista på ein TNT-konsert i 2008. Konserten på Rockefeller var release-konsert for den siste plata ”Atlantis”, så her blei det naturleg nok presentert eit bra knippe låtar frå denne.

”Hello, Hello” opna konserten, og låta har eit godt og fengande refreng. Utover i konserten fulgte tre andre låtar frå det nye albumet, mellom anna ”Tango Girl”, som er eit forsøk på ein metal-tango-crossover. Det fungerer sånn halvvegs dersom ein er snill. Det er alltid artig å sjå sjå TNT, då eg har eit nært og godt forhold til ”Tell no Tales” og ”Intuition”-platene, men dei tre siste platene gjengen har utgitt fortener ikkje å bli representert i altfor stor grad i live samanheng.

I tillegg til, som nemnt, fire låtar frå ”Atlantis” fekk vi høyre dei same låtane vi stort sett får høyre frå TNT live for tida – ”Seven Seas”, ”Listen to Your Heart”, As Far As The Eye Can See”, ”Intuition” og ”Ten Thousand Lovers (In One)”, med meir. ”My Religion”-albumet frå 2003 blei representert med tittelsporet og ”Invisible Noise”. Dette var åttande gongen eg såg TNT på fem år, og eg saknar litt variasjon i setlista. ”Desperate Nights” gjorde nokre gjesteopptredenar på festivalar sommaren ’08, men har visst forsvunne igjen. Spel gjerne fleire låtar frå ”My Religion”, ”Lonely Nights” forsvann til dømes rett ut etter at promoturneen for denne plata var ferdig. Denne skulle ein jo tru hadde hitpotensiale til tusen. Og kutt ut tittelsporet. Låta er kjedeleg, og refrenget høyrest ut som ei bridge. Kva med eit par låtar frå ”Unrealized Fantasies”?

Når dette er sagt, så betyr ikkje det at ikkje konserten var bra, for det var den. Bandet verkar å ha tru på sitt nye materiale, og trivast på scena. Mills syng vesentlege betre enn det Tony Harnell gjorde i tida før han takka for seg og stakk tilbake til New York. Dette betyr jo at ”Everyone’s a Star” kan framførast utan at ein får vondt i halsen av å høyre på.

Publikumsoppmøte var litt slapt, Rockefeller hadde ikkje opna opp øvre avdeling, og engasjementet blant dei som var der var endå slappare. Ikkje akkurat liv og røre framfor scena. Men det er mogeleg bandet har større suksess utanfor landets hovudstad i desse dagar. Noko nytt og hipt representerer dei jo ikkje, men fortsett gjerne med å turnere for min del. Og varier setlista!

Konsert: Paul Gilbert

Tid: 30.september 2008
Stad: Smuget, Oslo

Store planar om å legge ut konsertomtalar har det siste halvåret blitt forpurra av rein neglisjering. Dette skal no rettast opp i, og vi startar med gitarvirtuoso Paul Gilbert, som var innom hovudstaden vår i fjor haust.

Gilbert er mest kjend fra perioden i Mr. Big rundt starten av nittitallet, og har også ei rekke utgjevingar med teknikkbandet Racer X bak seg. Hausten 2008 turnerte han med soloalbumet ”Silence Followed by a Deafening Roar” i bagasjen, og Smuget i Oslo fekk æra av å huse Gilbert med band på en tysdagskveld. Med seg hadde Gilbert bassist, trommis og kona på keyboards.

Oppmøtet var greit nok i antal, majoriteten var av hannkjønn og mellom 25 og 45 år, mange av desse truleg gitarister på eit eller anna nivå. Om mange fekk øvingslyst av konserten veit eg ikkje. Ein konsert med ein mann som Paul Gilbert kan ha to mogelege effektar på ein gjeng med hobbygitaristar; enten blir ein superinspirert og nyttar den neste månaden til å prøve å lære seg å spele fortest mogeleg, eller så drar ein heim og knuser gitaren fordi det rett og slett ikkje er vits i å prøve meir. (”Så god blir eg aldri allikkavel…”).

Eg vel å gå bort frå eigne indelingar, og plasserer meg sjølv i ein slags mellomposisjon. Vel har eg ein del øvingstimar med gitaren bak meg sjølv, men å komme opp på SuperGilbert sitt nivå er berre å gløyme først som sist. Det var berre å slappe av og nyte instrumentallåtene med dei perfekt utført soloane. Setlista var ein miks av sololåtar, Racer X-låtar (deriblant sjølvsagt låten med den høvande tittelen ”Technical Difficulties”), og ein og anna Mr.Big-skatt (”Green-Tinted Sixties Mind” og ”Daddy, Brother, Love, Little Boy”). Solokatalogen til gitarhelten har eg ikkje så god kjennskap til, men kjente igjen ”Down to Mexico”, som er ein flott liten sak. Vokalen på dei nemnde låtene trakterte Gilbert sjølv, og det fungerte berre fint.

Gilbert er lågmælt og fleipete, og Smuget passar ypperleg for konsertar av denne storleiken. Yngwie Malmsteen hadde kanskje ikkje passa like godt i lokalet, som gjerne ikkje hadde hatt plass til egoet hans, men ein aften med Paul Gilbert er berre kos. Kom snart tilbake! Opptaket nedanfor er frå same turneen, og gjev eit godt bilete av kva type oppleving ein Paul Gilbert-konsert er...