mandag 19. oktober 2009

Konsert: Åge Aleksandersen med Sambandet

Tid: 11.september 2009.
Stad: Rockefeller, Oslo.

Ein månad på førehand, midt i august, var denne konserten utsolgt. Billettane til ekstrakonserten dagen etter blei også rivne bort på kort tid. Årsaken til dette kunne ein sjå ved å ta eit overblikk over publikumet på Rockefeller denne fredagskvelden i september. Dette var ikkje konserten for spesielt interesserte; her hadde Gud og hvermann sparka seg sjølv ut av sofaen. Godt voksne ektepar, i stemning etter raudvinen på restaurantbesøket stod her side ved side med 18-åringar i festmodus, rockefans i 20-åra, utflytta trønderar i alle aldrar, og til og med ein gjeng som hadde køyrt heile den bisarre turen frå Namsos til Oslo for å gå på Åge-konsert...

Før eg vidare går inn på kvelden sitt innhald vil eg poengetere at eg er ingen trønder, eg har egentlig ikkje noko spesielt forhold til reportoaret til gamle Aleksandersen, og eg hadde dermed ikkje overraskande problem med å namnsette brorparten av låtane undervegs i konserten. Eg var likevel positivt innstilt til konserten på førehand, då eg hadde ein mistanke om at dette uansett ville bli Rock med stor R, trøkk og god lyd.

Eg tok ikkje feil.

SamBandet heldt på i rundt rekna to og ein halv time før dei tok kvelden, med godbitar til alle og ein kvar. Aller best låt det når gjengen på åtte mann serverte rock a la "Min Dag" og mid-tempo låtar som "Rosalita", og i ein så lang konsert var det god plass til rock n'roll. At det til tider stod fire gitaristar på scena framstod likevel som relativt meiningslaust, men det er vel slik dei har gjort det dei siste 100 åra. Lyden er rein og fin, og det som skal høyrast blei høyrt, så da er det vel ingenting å klage på.

Eller... Det blir jo noko traurigt med alle balladane då. Sånn som den mest kjende av dei alle. Så må de berre spør meg kva eg gjorde på ein Åge Aleksandersen-konsert dersom eg ser på klokka og keiar meg under "Lys og Varme", og tar ein tur på do når han vil "Dainns med mæ". Eg synest eg har svart på det i avsnittet ovanfor. To timar kvalitetsrock rettferdiggjer turen. Pluss "Levva livet". Det finnast ikkje betre norsk rockelåt å avslutte ein konsert med.

søndag 11. oktober 2009

Konsert: Metal Prog Fest

Tid: 21.august 2009
Stad: Smuget, Oslo
Program: Circus Maximus, Seventh Wonder, Illusion Suite

Hovudoppdraget denne kvelden var å gje Seventh Wonder ein ny sjanse etter den grumsete konserten på årets Sweden Rock Festival. Denne sjansen fekk dei på grunn av ein sterk mistanke om at akustikken i Gibsontelten var ein viktig årsak til den elendige lyden på SRF-konserten.

I ein bisetning kan det nemnast at først underheldt Oslobandet Illusion Suite med teknisk og melodiøs, men forsåvidt uspennande progressiv metal. God lyd, gode musikarar, men ein vokalist som tydeleg sleit på dei høgste tonane. Greit nok. Ikkje noko meir.

Idet Seventh Wonder starta sin konsert derimot var det tydeleg at dette kom til å bli ein riktig så triveleg kveld. Lyden var krystallklar og deilig, og ein kunne tydeleg sjå entusiasmen blandt publikum. Til prog.metal-band å vere har Seventh Wonder gode, fengande og til dels allsangvennlege einskildlåtar, noko som vises tydeleg på publikumsresponsen samanlikna med meir "typiske" prog.metal-konsertar der det er meir fokus på lytting enn på hender i veret og entusiasme. Sagt på ein anna måte så har bandet vel så mykje til felles med tilgjengeleg power metal som Sonata Arctica som med Symphony X.

Rundt halvparten av låtane var frå fjorårets "Mercy Falls"-album, med ekstranummeret "The Black Parade" som eit høgdepunkt. Bassist Andreas Blomqvist poserte villig vekk for fotografane med festlige grimasar, og det gode låtmaterialet kom verkeleg til sin rett denne kvelden.

Tre konklusjonar kunne dermed dras, der den første egentleg ikkje var ny: 1) Smuget er eit godt konsertlokale med god akustikk, 2) Gibsontelten på SRF er ein dårleg konsertlokale med håpløs akustikk, og 3) Seventh Wonder er eit godt live-band.

Kvelden var dermed redda, men vi fekk da likevel med oss tre låtar med Circus Maximus før vi vandra vidare. Lyden var skrudd opp, utan at dette gjekk ut over kvaliteten. Bandet framstod som ein proff gjeng, og at vokalist Michael Eriksen har høyrt mykje på Geoff Tate finnast det ingen tvil om. Og det er ikkje noko negativt, så lenge han fiksar det så bra som han faktisk gjer. Starten av konserten gav dermed eit godt inntrykk, men å toppe Seventh Wonder-høydaren låg det ikkje an til at gjengen skulle gjere idet vi tusla ut i Rosentkrantz gate denne milde augustkvelden.

mandag 20. juli 2009

Norway Rock Festival 2009 - dag 3

Tid: 11.juli 2009.
Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: m.fl. Nightwish, Doro, U.D.O., Sirenia, Sahg, Sister Sin, Valentourettes, m.fl.


Etter eit par dagar med sol og varme kom sjølvsagt regnet på avslutningsdagen. Og det var heller ikkje lite nedbør som fann vegen ned på festivalområdet. Sister Sin var førstebandut, og med rocken kom regnet. Halvvegs ut i konserten fekk vi dermed sjå om dei oppmøtte var imponerte nok til å bli ståande til tross for at fleirtalet på det tidspunktet ikkje var budde på vassdropar. Og det var dei. Noko glissent var det sjølvsagt så tidleg på dag, men dei som var der såg ut til å trivast godt med det dei fekk høyre. Bandet leverte frisk og rett-i-trynet heavy rock med attituden og trøkket til Motörhead saman med vokalen og refrenga til Mötley Crüe. Inspirasjonskildene blei også hedra med kvart sitt covernummer, høvevis ”Make My Day” og ”Live Wire”. Vokalis Liv var høgt og lågt, med eit energinivå som stod i stil med musikken. Ein herlig og forfriskande konsert, med eller utan regn.


Vestlandsbaserte Sahg stod deretter for tur. Mange av notidas hardrock- og metallband har i større eller mindre grad ein dæsj Black Sabbath i seg. Men ikkje alle klarar å utnytte dette samstundes som dei tilfører noko eige på ein like deilig måte som Sahg. Seige riff og dommedagsvokal, saman med ein aning psykedelia gjer ein konsert med Sahg til ein nytelse. Regnet fortsette å lave ned, men no var regnfrakkane og ponchoane funne fram.

Festivalleiinga i Kvinesdal hadde før festivalen vore flinke til å booke gode nordiske hardrock- og metallband. Sirenia var nok eit døme på dette. Gotisk metal har fått etter kvart fått diverse subgenrer og avartar, men det Sirenia representerer sjangeren slik den er på sitt beste slik eg ser det. Isdronning Ailyn stod med si glasklare røst for det meste av vokalen på denne konserten, med enkelte bidrag frå gitarist og låtskrivar Morten Veland. Kombinasjonen av dei to vokalane, stemningsfulle og vakre låtar og det mørke gitar- og synthbakteppet fungerte dermed godt.

Dessverre klarte likevel ikkje bandet å få publikum heilt med seg, og det blei noko tamt etter kvart. Publikumsoppmøtet var også rimeleg slapt, som på dei to foregåande konsertane. Regnet får ta noko av skulda, men desse banda hadde likevel fortent betre.

U.D.O. fungerer framleis, slik hovudpersonen sjølv har sagt, som ein naturleg fortsettelse av Accept etter at herr Dirkschneider forlot bandet midt på åttitalet. Bandet var headliner og drog nok ein god del publikummerar på den første festivalen i Kvinesdal for tre år sidan, og skal faktisk derfor få bittelitt av æra for at festivalen har kunna bli til og vokse slik den har gjort. Vår ven hadde denne gongen, som sist, med seg dei kjente og kjære hitsa frå Accept-åra (”Metal Heart”, ”Balls to the Wall”, ”Princess of the Dawn”), og miksa desse saman med sangar frå U.D.O. som like gjerne kunne vore spela inn av Accept (”They Want War”, ”Man and Machine”, ”Thunderball”, ”Animal House”). Eit herlig sett av klassisk heavy metal slik den blei definert til å vere i stordomstida rundt skiftet mellom 70- og 80-talet. Publikum hadde endeleg funne vegen ut på konsertområdet, og sang med på den eine klassikeren etter den andre (det var sikkert bra oppmøte på Skambankt også, men den konserten holdt eg meg unna då eg rett og slett ikkje liker bandet ...).


Udo Dirkscheider sin retur til det norske sørland blei dermed ein suksess. Som konsertopplevinga vil eg likevel seie at det var vel så kult med Accept-hits over sletta i 2006. Festivalen var splitter ny, bitteliten, og det var nærmast litt eksklusist å ha funne fram til Kvinesdal på kartet. Mørket hadde senka seg, og seint på lørdagskvelden entra hovudpersonen scena i ein lang skinnfrakk, etter at eit tusentals publikummerar nærmast umerkeleg hadde funne vegen den til da nesten-tomme sletta framfor scena. Dette vart ein digresjon, og samanlikninga er sjølvsagt urettferdig. Festivalen har vokst til å bli ein skikkeleg festival på alle måtar, og det må nok også ha vore artig for tyskaren på scena å observere utviklinga, og underhalde 5-6 gongar så mange fans som tre år tidlegare på same stad.

Før konserten med Doro Pesch kom eg opp i ein diskusjon om i kva grad den føreståande konserten ville vere verdt å få med seg. ”Ho har den der ”aaall we aare, all we aaaare, we aaare!” Den er tøff! Men så … ikkje så mykje meir” blei vi vel dels einige om. Og etter konserten står eg egentlig framleis for den konklusjonen. Men sjølv om dei einskilde låtane er intetsigande, var konserten ein av festivalen sine store positive overraskingar! Dama var full av energi, og headbanga meir i løpet av ein tilfeldig valgt låt enn det ein gjennomsnittspublikummer gjorde i løpet av heile konserten. Kvifor Doro var sett opp på konsertprogrammet etter U.D.O. veit eg ikkje, men legg ein utstråling og entusiasme til grunn resulterte rekkefølga definitivt i stigning i programmet. Misforstå meg rett: Udo er ein kul kis med godt grep om publikum. Men han står no berre der da. Uansett blei Doro-konserten ein heavy metal-fest med låtutval frå tida i Warlock på 80-talet, saman med eit lite knippe låtar frå den aller siste plata, som var klar for sal tidlegare i år. Alt var ikkje like fengslande, men det fungerte veldig godt i denne settingen.


Nightwish hadde fått æra av å stå for årets siste konsert på hovudscena i Kvinesdal, og sjølv om ein fann delte meiningar om dette valet på nettet, er bandet uansett eit av notidas mest kjente og populære metalband i heile verda. Ny vokalist har vist seg å ikkje endre på dette faktum i den eine eller andre retningen. Men at bandet er endra med svenske Annette Olzon som sangerske i staden for Tarja Turunen herskar det liten tvil om. Den eine plata bandet har rukke med Olzon på vokal manglar mellom anna naturleg nok den opera-inspirerte vokalen som Tarja var så glad i å vise fram.

Om det var ein del av planen for å markere avstand til den forrige vokalisten eller kva er ikkje godt å vite, men Annette Olzon entra uansett scena i Kvinesdal med nyfarga blondt hår. Uavhengig av tanke bak: Dette var eit merkeleg val. Der Tarja stod for operavokal, mystikk og dramatikk, har vokalstil saman med moves og opptreden i videoar plassert Annette nærmare pop enn metal. Denne hårfargen forsterka berre det inntrykket. Konserten stadfesta også det eg egentlig visste frå før: Nightwish er blitt eit meir ordinært band. Elsk dei eller hat dei, men før byttet av vokalist hadde dei i alle høve eit særpreg. Når det er sagt var ikkje konserten så aller verst. Bandet har holdt på ei stund, og har mange gode låtar å plukke mellom. Gamle traverar som ”Dead to the World” og ”Wishmaster” passa godt saman med nyare val som ”Nemo”, ”Dark Chest of Wonders” og ”Wish I Had an Angel”. Fire av tretten låtar var frå den nyaste plata, så som den i overkant tilgjengeleg ”Amaranth”. Ei halvering av dette talet, i tillegg til å ha framført den fabelaktige ”Ghost Love Score” som stod på setlista tidlegare i år, ville ha gjort konserten enda betre. Ei godkjent avslutning på ein god festival.

Festivalen var likevel ikkje heilt slutt då Nightwish tusla av scena. I ølteltet, - eller på Tjodolf Rock Stage, stod Valentourettes klare med schlägers frå Jokke-katalogen sin. ”En dag”, ”Her kommer vinteren”, ”Øl” og ”Gutta”. Joda, vi har alle høyrt dei, og dei som ikkje var hese frå før, fekk skrike frå seg på denne konserten. Dette var faktisk første gong eg har fått sett denne gjengen, og at dei kan å lage fest er det ikkje tvil om, men så har dei jo også ein takksam oppgåve med det låtutvalet. Eit godt tilbod til dei som ikkje hadde fått nok fest, sjølv om eg trur nok at eg hadde hatt det meir moro med denne gjengen på eit anna tidspunkt utan tre dagar med trasking, regn og teltliv med meir bak meg.

Dermed var også den festivalen slutt. Litt diverse på verfronten, og framleis litt lite tilfredsstillande mattilbod, men ein kjempesuksess med tanke på publikumsoppmøte og det musikalske. Lykke til med neste års festival, folkens! Eg kjem attende.

søndag 19. juli 2009

Norway Rock Festival 2009 - dag 2

Tid: 10.juli 2009.
Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: Manowar, Holyhell, Testament, W.A.S.P.,Backyard Babies, m.fl.

I strålande solskin entra Backyard Babies scena halv to på denne festivalfredagen på sørlandet. Bandet var på norgesturnè i februar i år, og er for tida ute med eit sterkt sjølvtitulert album. Etter å ha sett bandet eit par gongar i mindre lokaler såg eg fram til å sjå og høyre BYB frå ei festivalscene. Og den funka som berre det. Gitarist Dregen såg ut til å storkose seg med litt større plass på scena, og showa med Chuck Berry-dans og andre triks. Dei feite riffa og allsangsvenlege låtane tok seg godt ut frå Norway Rock-scena, og eg overhøyrte fleire som var godt nøgd og endatil positivt overraska etter konserten. Etter heftig oppfordring frå vokalist Nicke Borg var det til og med eit mindretal av publikum som heiv seg med på opp-og-ned-hopping på den fengande "Degenerated". Setlista var litt endra sidan februar, men faste innslag som "Brand New Hate", "Everybody Ready", "Minus Celsius" og "Dysfunctional Professional" blei alle framført. Konserten blei også eit friskt pust av meir reinspikka rock n'roll samanlikna med det ellers småtunge heavy metal-dominerte programmet. For min del var dette dermed ein av festivalen sine beste konsertar, men no blir eg da også meir og meir fan av dette bandet, så dette blir vel noko subjektivt tenker eg ...

W.A.S.P. med Blackie Lawless i spissen hadde bytta plass med Testament, og stod dermed klar så tidleg som kvart på seks. Lawless ser ikkje ut til å verte lei av turnèlivet med det første, og ser da også ut til å like seg på scena. Så får ein heller tilgi bassist Mike Duda for at han ser ut til å kjede seg litt undervegs i konserten. Etter høvevis platepromotering og ny-promotering av "The Crimson Idol" frå 1992 dei to foregåande turnèane bandet hadde i Norge, var det igjen ei greatest hits-samling som stod på plakaten i Kvinesdal. Dette var nok også forventa av publikum, så det var neppe nokon som var skuffa etter konserten. "Widowmaker" var det einaste kanskje mindre opplagte valet, og "Take Me Up" frå forrige album blei også framført. Dette er ein kjempelåt, og bandet kunne med fordel plukka med enda fleire låtar frå denne plata. Vidare turte ikkje Blackie å utelate verken "Wild Child", "Chainsaw Charlie", "I Wanna Be Somebody", "L.O.V.E. Machine", "The Idol" eller sistenummeret "Blind in Texas".


Vi fekk også ein intens introduksjon til The Idol, med referansar til idoldyrking og Michael Jackson. "Don't put anybody on the pedestal!" oppfordra han til stor jubel, sjølv om eg skulle likt å sett kor mange blant publikum som kunne oversette dette franske lånordet på sparket ... Bodskapet hans kom nok uansett fram. Litt rampelys kan ein nok uansett mistenke også den godaste Blackie Lawless for å trivast med. Dei siste åra har han i aukande grad nytta både scena, pressekonferansar og nettet til å ytre sterke meiningar om alt frå platebransjen til Irak-krig og seinare Barack Obama. Han blir aldri Bob Dylan, men så lenge engasjementet resulterer i så bra låtar som "Heaven's Hung in Black" frå to år tilbake, er alt godt. At ein frontfigur ikkje ser ut til å mistrivast på scena er jo også alltid ein god ting. Så får ein heller tilgje bassist Mike Duda for å sjå ut til å til tider kjede seg på scena i løpet av konserten.

Ny plate var også på gang fekk vi høyre, og dermed blir det nok ny Norgesturnè frå bandet, som i praksis er Blackie Lawless Band ("The Widowmaker" blei presentert som ein låt "from my second album"...). Dersom den nye plata er like god som den forrige ("Dominator" frå 2006), og Blackie L framleis ikkje plagast av å framføre sine gamle hits, ser vi fram til det med både glede og entusiasme!

Trash-veteranane i Testament stod dermed for tur. Dette bandet har eg aldri hatt det veldig nære forholdet til, men "The Formation of Damnation" frå 2008 imponerte meg nok til å sjekke ut konserten i Kvinesdal. Det blei ei oppleving midt på treet. Testament er veldig gode på tight, groovy og tung thrash metal, og det viste konserten i Kvinesdal til fulle. Framfor scena fekk ein mosh-pit også lov til å eksistere i nokre låtar før vaktene forstod at dette var meir irriterande enn artig for fleirtalet av publikum. Når det gjeld musikken så fenga det ei god stund, men for underteikna framstår bandet som litt vel einsformig. Fett som fy altså; ei stund.

Amerikanske Holyhell var med som "special guests" for Manowar, og hadde dermed fått tre kvarters speletid rett før headlineren. Bandet har sikta seg inn på melodiøs metal med lys kvinnevokal, og går dermed etter kvart i ganske mange sine fotspor. Som oppvarming til The Gods of Metal blei dette også relativt kjedeleg. Pent og pynteleg, melodiøs og til tider fengande, men altså kjedeleg. Kanskje var det bandnamnet som gav bandet idèen om å covre "Holy Diver", men det var uansett ingen god idè. Men. Manowar stod for tur.


At ein gjeng med heavy metal- og festivalfans på sørlandet har klart å få i stand eit arrangement der dei får Manowar som headliner er intet mindre enn imponerande. Det kosta nok nokre kroner, men det medførte verdifull publisitet og ein mengde besøkande frå både inn- og utland. Eit sabla show var varsla på førehand, så forventningane var nok store blandt ganske så mange i publikum.

Så var det spørsmålet om konserten stod til forventningane da. Manowar er eit fenomen, og dei speler rollene sine til fulle slik dei alltid har gjort. Låtane representerer heavy metal i si reinaste form, ubesudla av progressive element, meiningsfulle tekstar eller andre faktorar som ein kunne risikere at skulle ta fokus vekk frå hovudbodskapen. Og som alle veit er bodskapen at heavy metal er meininga med livet, og at ikkje-fans av metal er puddingar. Vi som var på konserten er jo dermed per definisjon sjølvsagt ikkje puddingar, men "true heavy metal warriors", og det er jo ein kompliment å ta med seg! Roperefreng og knyttnevar i vèret, ein eviglang bassolo, og gitarriff tøffare enn toget. Det blei rett og slett riktig så kult.

I tillegg til musikk, bestod konserten av, slik ein Manowar-konsert tydelegvis ofte gjer, av diverse...ja, andre ting. Arrangørkomitèen blei skrytt opp i skyene og fekk kome på scena for å motta hyllest. Det same gjaldt ordføraren i Kvinesdal, som blei presentert som "a true heavy metal mayor". 30-40 dansande ungjenter fekk kome på scena, og ein ivrig publikummer fekk kome på scena for å vise at han ikkje kunne spele gitar. For dette fekk han (u)fortent nok behalde gitaren. Forsåvidt underhaldande, og at arrangørane fortener skryt herskar det ingen tvil om. Men det tok no si tid da. Så kan ein diskutere i det vide og det breie om det heile øydela drivet og dynamikken i konserten. For min del er ein Manowar-konsert uansett eit show, med skodespel og rollefigurar. At den eine og den andre blir dradd opp på scena blei dermed ein meir eller mindre naturleg del av showet. 16 låtar framførte dei likefullt, så i sum blei årets Norway Rock-fredag avslutta med eit både underhaldande og langvarig show.


"Which band do you want to come back next year?!?" blei det ropt frå scena. Svarer var eintydig og runga høgt og tydeleg over sletta. No er det vel verken realistisk eller særleg spennande å ha Manowar på festivalen kvart år, men lista er uansett lagt høgt no, så vi ventar i spenning på kven som skal ta over stafettpinnen til neste år.

Norway Rock Festival 2009 - dag 1

Tid: 9.juli 2009.
Stad: Kvinesdal, Norge.
Program: In Flames, Sonata Arctica, Arch Enemy, Silver, m.m.

Eit stjernelag av heavy metal-heltar, arrangørar som lyttar på innspel frå publikum og som tar arrangørrolla alvorleg, og auka merksemd i pressa. Fjerde runde med Norway Rock Festival (tidlegare Kvinesdal Rock Festival) låg an til å bli eit sjumilssteg mot festivalhimmelen. Og sjølvsagt blei det det.


Opningsdagen på torsdag 9.juli var den einaste dagen med fri aldersgrense, og publikum var dermed delt i to med ei avsperring som gav begge avdelingar god plass. Oppmøte og stemning var god på begge sider, og det første bandet eg følte for å sjekke ut var Arch Enemy. På overflata skiljer dette bandet seg ut av ein årsak; vokalist Angela Gossow er som namnet hintar om, ei kvinne, og ho brøler death metal-vokal på ei vel så kraftfull måte som sine mannlege kolleger. Bandet kan det dei driv med, og Angela er ein god og engasjerande frontfigur som får publikum med seg, men for meg framstår det heile likevel som litt kjedeleg.

Neste band ut var våre finske vodkafans i Sonata Arctica. Etter å ha styrt unna landet vårt dei første åra ar turnèverksemda, har Sonata skjønt at glad-metallen deira har mange fans her. Oslo-besøk tre år på rad, pluss altså ein festival-gig har dermed blitt resultatet av det. Dei to foregåande gangane eg har sett dette bandet har dei levert stemningsfull og melodiøs power metal-hits og sendt meg heim med eit smil om munnen. Dei har da også etter kvart ei rekke gode låtar å velge mellom, og har gjort det til ein vane å veksle ein del på setlista. Godlåtar som ”The Cage” og ”Victorias Secret” var dermed utelatt denne kvelden, men ”Replica” var henta inn igjen. Denne blei ein høgdepunkt på konserten. Balladen ”Draw Me” derimot fungerte ikkje live, og blei dørgande kjedeleg. ”8th Commandment” blei for reindyrka power metal utan spenningsmoment eller melodi. ”Don’t Say a Word” var sistenummeret, og er etter min smak ein middels-pluss Sonata-låt. ”Caleb” frå det siste albumet er faktisk hakket betre.


Totalt sett blei konserten litt svekka av ei litt slapp setliste. Det såg likevel ut til at mange, spesielt på U-18-avdelinga koste seg, men personleg har eg hatt betre opplevingar med dette bandet.


Svenske In Flames var henta inn som torsdags-headliner, og lysshow og pyro til X hundre tusen kroner var varsla. Som nemnt i eit anna innlegg her, blir nok dette aldri blant mine favorittband, men denne kvelden var eg innstilt på å sjekke ut showet deira. Og snakk om å bli positivt overraska! Eg kjenner ikkje låtmaterialet og kan ikkje vise til enkeltlåtar, men settet totalt sett var spekka av melodiøs metal av beste sort. Growle-vokalen kan vere ein terskel for ikkje-fans av death metal-sjangeren, og er det dels for min del. Men live blei ikkje denne det mest markante for lydbiletet, noko som for min del blei ein fordel for totalopplevinga. Storskjermane og og lerretet bak bandet blei utnytta til fulle, mellom anna til lyseffektar og skinnande silhuettar av bandmedlemene. Store mengder pyro blei fyrt av omtrent gjennom heile konserten. Og publikum var sjølvsagt storfornøgd. Dette bandet gir fansen eit show. All ære til dei for det. Eg skal no gi dette bandet ein sjanse til, utan eg egentlig trur at så veldig mange In Flames-låtar kjem til topps på playlista mi. Men som liveband var dei gode. Veldig gode.


Sørlandske Silver avslutta torsdagen, med nachspiel-konsert i ølteltet. Energisk glam-punk-hardrock var det vi fekk servert, og det med ein av dei kanskje tre mest energiske frontfigurane på årets festival. I mangel på bombene og granatane som In Flames nettopp hadde fyrt av, rava vår helt febrilsk rundtomkring, og dekka kvar einaste kvadratcentimeter av den vesle scena i løpet av konserten. Mykje energi, brukbart trøkk, men ikkje nok til å løfte taket heilt.


Totalt sett ein opningsdag på det jevne med andre ord, med In Flames som eit høgdepunkt. Festivalleiinga skal likevel ha skryt for eit godt og gjennomtenkt program på den eine dagen då også den yngre garde av rockefans fekk delta på moroa.

søndag 28. juni 2009

Konsert: Mötley Crüe

Tid: 8.juni 2009.
Stad: Bergenshallen, Bergen

Bergen har dei siste åra blitt ein førsteklasses konsertby. At byen var einaste stopp i Norge i år for The Crüe er nok eit bevis på det. Lokale Audrey Horne og svenske Hardcore Superstar var oppvarming, og billetten sa konsertstart kl 20:00. Dette må ha blitt gjennomført rimeleg presist, for når vi kom 25 minutt seinare var Audrey Horne ferdige. Og etter ikkje lange pausen var også neste-band-ut i gang. At gjengen i Hardcore Superstar har digga Mötley i oppveksten skin lang vei, anten ein rettar fokus mot image eller musikk. Flinke innan for sjangeren er dei også. Sleazy og grisete punk-hardrock med feite og allropsvenlige refreng. Perfekt oppvarming for læremeistrane sine med andre ord.

Lange settet fekk ikkje svenskane heller, og dermed var det berre å vente på hovudattraksjonen. Ikkje veit eg om det var nødvendig med all den tida Crüe-crewet fekk til å klargjere scena, men dersom mogeleg hadde vore veldig kjekt om begge dei to oppvarmingsbanda hadde fått lov til å halde på litt lenger. Spesielt når det gjeld svenske kameratar hadde det gjort seg med eit par låtar til. Men no fekk dei ikkje det, og sceneshowet den neste timen bestod av eit digert laken framfor scena (sjenerte ryddemannskap kanskje? Eller for dramatisk effekt...)

Omsider fall lakenet ned og openberra hedonistane våre som spruta "Kickstart My Heart" og deretter "Wild Side" utover bergenspublikummet. Ein perfekt og energifylt opning. Kanskje for energifylt, for etter fire låtar var det visst nødvendig med ein pause, og Mick Mars fekk vise fram dei nye Hendrix-riffa han hadde lært seg. Relativt uinteressant. Men tru det eller ei så er det faktisk ein paradoksal underhaldningsverdi i at dette kobbelet med eks-narkomane som på mirakuløst vis har holdt seg i live må sette seg nedpå litt etter eit kvarters konsert.

Pausen gjorde godt, og Mötley returnerte med den eine schlägeren etter den andre. To låtar frå sistealbumet "Saints of Los Angeles" var det også gjort plass til; tittelsporet, som hadde glidd rett inn på "Dr Feelgood", og "Motherf***** of the Year". Ellers kom den nærmast obligatoriske rekka med "Girls, Girls, Girls", "Live Wire", "Shout at the Devil" og "Dr Feelgood". "Same ol' Situation" blei eit høgdepunkt for underteikna, som ein mindre opplagt val. Balladestunda var spart til ekstranummeret, og pianoet blei trilla fremst på scena. Trommis-Tommy leverte introen, og "Home Sweet Home" avslutta konserten.

Dei har gjort det meste, og dei drar på åra. Mick Mars ser ut til å trenge både stokk og krykker og Vince Neil orkar framleis ikkje synge alle orda Nikki Sixx stappa inn i tekstane på åttitalet. Men likevel leverer dei. Dette driv dei fordi dei trivast på scena (dollar på bok er vel ikkje ei ulempe, men dette er garantert ikkje einaste motivasjon). Atmosfæren på scena bar heller ikkje preg av alle fortidas konfliktar og slosskampar. Om det er noko form for isfront mellom vokalist og bassist er dette godt skjult. Godt humør og speleglede er uttrykk som i større grad skildra stemninga på scena. At bandet også har fire frontfigurar er også relativt spesielt. Tommy Lee var framme på scenkanten titt og ofte, både for å dele ut Jägermeister og for å rappe med publikum som ekstra-ekstra nummer ("if I say Mötley you say Crüe! Mötley?" "Crüe!")

Om bandet gir ut så mykje nytt materiale er vel noko usikkert, men det ser ikkje ut til at siste Mötley Crüe-konsert er spela enda. Eg har i alle fall ikkje fått nok.

fredag 19. juni 2009

Sweden Rock Festival 2009 - dag 4

Tid: 6.juni 2009.
Stad: Sölvesborg, Sverige.
Program: Heaven & Hell, Europe, Hot Leg, Electric Boys, Journey, Stormzone m.fl.

På papiret var det eit sterkt program Sweden Rock –gjengen hadde satt saman for siste dag av 2009-festivalen. Det beste på årets program var også spart til slutt; den lille mannen med den store stemma saman med riffmeisteren med to fingertuppar i manko. Og jamen blei det ikkje litt betre vèr enn dei tre foregåande dagane også.

Men før dette var det ei rekke langhåra menn som skulle i elden. Ripper Owens høyrer ikkje til i denne gruppa, men han var funnen ein festivalspot verdig likevel. Mannen har ei fortid både i Judas Priest og Iced Earth, og står no stødig på eigne bein. Ei god klassisk metal-stemme har han også, så han gjorde ein grei jobb med å vekke opp søvnige festivalgjester idet føremiddag blei til ettermiddag på festivalen sin siste dag.

Nordirske Stormzone skulle deretter underhalde på Zeppelin Stage. Vokalist John Harv Harbison er ein rutinert fyr, og sjølv om bandet er relativt nytt, består det av folk som har vore med i gamet ei stund. Debutalbumet blei utgjeve i 2007 (”Caught in the Act”), og er ei god samling av melodiøs hardrock. Inspirasjonen er tydeleg henta frå både britisk hardrock à la Deep Purple og Rainbow, men også frå den glattpolerte amerikanske varianten frå andre halvdel av åttitalet. På Sweden Rock 2009 gav Stormzone blaffen i debuten, og fylte timen sin med nytt og ikkje-utgjeve materiale. I skrivande stund er vel oppfølgaralbumet framleis ikkje utgitt. Eit noko spesielt val kanskje, men når bandet er såpass ferskt blir det ikkje det same som når band som Uriah Heep stolar blindt på nye album til fordel for gamle hits. Dei nye låtane var merkbart hardare enn dei på 2007-albumet, men høyrdest likevel ut som ei naturleg vidareføring av stilen frå debuten. Bandet hausta god respons frå det noko fåtalla publikum, og såg ut til å stortrivast. Etter dette blei det ein konsertpause med innlagt bodshopping og det som høyrer til, før vi returnerte til festivalområdet rundt klokka halv fem.


Det er godt mogeleg at det bandet som samla den største publikumsmengda i år var dei amerikanske AOR-veteranane Journey. Sletta var stappfull av menneske som alle var vendt mot Festival Stage mellom klokka seks og halv åtte om kvelden. Eit ekstra spenningsmoment var kan hende om den nye vokalisten Arnel Pineda, direkte frå YouTube (sann historie: bandet kom på sporet av mannen etter å ha sett han synge Journey-låtar på YouTube), skulle vise seg å vere jobben verdig. Ein liten filipiner, ei stor scene, eit stort band med store (eller svulstige om du vil) låtar, og kanskje 25 000 hardrockfans som publikum. Fiksa han det? Jada. Mannen er ingen Dave Lee Roth, han showar minst mogeleg, og har ingen teite stage-raps mellom låtane. Men han hadde likevel publikum i si lille hule hand, og sang Journey-hits som om han aldri hadde gjort noko anna. Og hits er noko dette bandet har i fleng, sjølv om dei unekteleg har hatt mest suksess på andre sida av Atlanteren. Laber turnèverksemd i Europa har nok spela ei rolle i så måte, men det kan no sjå ut som om dette er i ferd med å endre seg. Dette er ikkje noko ”one-hit-wonder-band”, slik ein svensk journalist presterte å skrive i forkant av festivalen. ”Don’t Stop Believing” er ein fantastisk låt, men dette bandet har mykje meir enn denne tåreframkallande hymnen å by på. ”Never Walk Away”, ”Ask the Lonely”, ”Wheels In the Sky”, ”Any Way You Want It”, og den enda meir sentimentale, men akk så vakre ”Faithfully”. Eg skal innrømme at ikkje alt fenger like mykje, og konserten hadde også sine mindre minneverdige parti, men samstundes framviste dei andre stunder melodiøs rock i si perfekte form. I sum var dette absolutt godkjent og vel så det frå Journey, som forhåpentlegvis ikkje gir seg med det aller første.


Rundt tiårsskiftet mellom 80- og 90-talet var det in med ein musikalsk sjanger som blei døypt Funk Metal. Diverse band har i ettertid blitt meir eller mindre stappa inn i Funk Metal-båsen, det vere seg allt frå Red Hot Chili Peppers, via Faith No More, til Extreme, og altså svenske Electric Boys. . Etter at trenden gjekk over, og Electric Boys drog ut straumen i løpet av andre halvdel av nittitalet har medlemene sysla med sitt her og der; gitarist Connie Bloom hang med Michael Monroe i Hanoi Rocks fram til dei takka for seg tidligare i år. Dette var dermed utslagsgjevande for at det no var duka for Electric Boys-reunion på Sweden Rock Festival 2009. Bandet hadde mellom anna ein hit med låta ”All Hips And Lips”, som kan minne om Warrant sin ”Cherry Pie”, og har også ein del andre brukbare låtar, både funky shit og meir tunge riff. Problemet var berre at dette blei dørgande kjedeleg live. Eg har litt problem med å setje fingeren på kva det var, men lyden kunne definitivt vore betre. Instrumenta blei høyrt, men på ein irriterande måte litt for mykje kva for seg og i stakkarsleg einsemd. Det jamne og tighte lyden mangla. Låtmaterialet falt også unekteleg gjennom i ein slik setting. Kvar for seg er fleire av låtane brukbare på ei speleliste saman med andre nye ting ein sjekker ut før ein festival,men 15 låtar med Electric Boys på rappen blei rett og slett for traust. Men no høyrde eg heller ikkje 15 låtar. Det blei kanskje 7-8 stk, og så tusla vi bort og høyrte på Forbidden i 10 minutt, før det blei ein campingstolpause før neste viktige konsert. Ein liten nedtur, med andre ord, men det var meir å sjå fram til denne kvelden.

Årets mest kjipe kollisjon stod deretter for tur. Dream Theater på Festival Stage samstundes som Hot Leg på Zeppelin Stage. Dette høyrest kanskje ut som ei merkeleg problemstilling. Kven vil vel gå glipp av progmetallen sine verdsmeistrar framføre eit spesialsnekra festivalsett som nest siste band på festivalen si største scene på festivalen sin siste dag? Tja. Dream Theater-fan er eg ikkje. På eit anna tidspunkt hadde kanskje ein Dream Theater-konsert blitt sett fram til på ein anna måte, men der og då frista det meir med Justin Hawkins-fronta Hot Leg på ei mindre scene før dei siste svette tre-fire timane i selskap med brorparten av festivalgjestane, Europe og Heaven & Hell. Som nemnt i ein tidlegare blogg var The Darkness eit akkurat nok utskjelt band til at det låt heilt fabelaktig i mine øyrer. Dermed tusla vi bort på konsert med ex-Darkness falsettomeister Hawkins.


Før Hawkins og compani entra scena fekk vi streng beskjed av konferansieren om ikkje å nemne ”his former band”. Med andre ord var det fritt fram for dei som måtte ønske å terge fyren. Men så ondskapsfulle er vi jo ikkje. Dermed var det duka for årets sceneentrè. For der kom faktisk den ekstravagante vokalisten og gitaristen snublande på krykker. Ja, krykker. Kva stakkaren har gjort seg får andre finne ut. Men han gjennomførte i alle fall konserten med det som såg ut til å vere ein høgre fot i gips (sjå bilete). Sei kva du vil om fyren, men det finnast nok frontfigurar rundt omkring som hadde avlyst konsertar for mindre. Men nok om det. No hadde eg ei viss forventning til konserten, Hawkins er jo tross alt cool som få (sjølvsagt er det delte meiningar om dette, men det gjer han jo endå coolare). Samstundes grensar ein del av låtane på Hot Leg sin albumdebut litt vel mykje mot glampop heller enn –rock. Dette gjaldt ikkje i konsertsamanheng. Framført på scene blei låtane rocka akkurat passe opp, og i kombinasjon med fengande hooks og refreng låt det herlig og forfriskande. Dream Theater kjem til Oslo i haust, så eg får sjå kva behovet for matterock er på det tidspunkt. Denne kvelden angra eg ikkje på prioriteringa.

Europe hadde fått æra av å vere nest siste band ut på årets festival. No til dags spelar jo denne gjengen kor som helst, men det er på denne festivalen dei verkeleg er på heimebane. Dette publikumet ventar på ”Seven Door Hotel” og ”Scream of Anger”, ikkje den ihjelspela synthriffsaken som vi alle kjenner så godt. Den kom den og sjølvsagt. Som siste nummer. Og allsangen runga. Men det gjorde den tidlegare og. Bandet plukka frå heile karriera, med dei to nemnde låtane som representantar for dei tidlege albuma. ”Cherokee” og ”Rock the Night” var sjølvsagt med. Det same var låta som framkalte årets allsang på festivalen, i akkustisk versjon. ”Caaaaarieee!” Ein høyrde meir av sidemannen enn av Joey Tempest, men det er jo ein underhaldningsverdi i det også. Overraskande mange låtar frå ”Out of This World” blei framført, tatt I betraktning at John Norum ikkje bidrog på denne plata. ”Sign of the Times”, ”Let the Good Times Rock”, ”Superstitious”. Og sjølvsagt blei nyare låtar fletta inn, dei fleste tidleg i settet. ”Start From the Dark” og ”Always the Pretender”, frå kvar av dei to platene dei har gitt ut etter tilbakekomsten, er faktisk brukbare låtar, og så lenge bandet veit å avgrense mengden nytt materiale funkar blandinga fint. Det einaste minuset er at dei absolutt skal presse inn ein flunkande ny låt som ein av dei tre siste låtane på heile konserten. Men crescendo blir det jo uansett, når dei har verdas mest kjende synthriff å avslutte konserten med. Bandet var i god form, og leverte ein finfin konsert. At dei framleis gir ut og har tru på nytt materiale viser at dei ikkje ønsker å surfe på gammal suksess, samstundes som dei ikkje gløymer kvifor folk veit kven dei er i utganspunktet.


Sisteband ut var Heaven and Hell, som er 1992-utgåva av Black Sabbath (og med unntak av trommis Vinny Appice, 1980-utgåva av Sabbath). Det vil seie med Ronnie James Dio på vokal. Etter ein suksessturnè for to år sidan har denne gjengen spela inn ny plate, og fleire låtar frå denne fekk plass på set lista, saman med kjende og kjære godbitar frå ”Heaven and Hell” (1980), ”Mob Rules” (1981) og ”Dehumanizer” (1992). Og dei glei rett inn. ”Bible Black” er ein herlig og tung sak med dyster atmosfære og kvalitetsriffing slik kun Tomy Iommi kan, og i tillegg framførte bandet ”Follow the Tears” og ”Fear” frå den nye plata. Samanlikna med festival-setlista frå to år tilbake var det ellers lite utskifting av låtar.”Sign of the Southers Cross” og ”Voodoo” var luka bort, og inn kom ”Time Machine” frå ”Dehumanizer”, saman med dei tre nye låtane. I sum blei det dermed ein mindre andel av låtar frå dei to første albuma, noko som i mine øyrer ikkje heva kvaliteten på settet. Det er sjølvsagt spennnande med utskifting av låtar, og det er ei bra plate dei har levert, men det hadde jo blitt plass til eit par låtar til dersom ein ikkje skulle tvære ut ”Heaven and Hell” i 15-20 minutt, og absolutt måtte presse inn ein uinteressant trommesolo. Kva med ”Wishing Well” eller ”Lady Evil” frå ”Heaven and Hell”-albumet? Eller ein av dei ovannemnde (”Sign…” eller ”Voodoo”?).

Men dette blir i bunn og grunn kritikk på detaljnivå. ”The Mob Rules”, ”Children of the Sea”, ”Die Young”, ”Heaven and Hell” og ”Neon Knights” som ekstranummer. Det blir ikkje betre enn dette. Framført på profesjonelt og kraftfullt vis. Når skal egentlig den mannen få problem med sangstemma? Han er sjuogseksti!


Skumle kulissar, mørke, tunge riff og Mannen Med Stemma. Ei verdig avslutning på årets festival. Det regna litt og var noko kaldt i løpet av dei fire dagane, men det var også ei rekke herlige konsertar, som det alltid er i Sölvesborg i starten av juni.